|
Suverene
grytastrandarar 1-0 Sjølvmål (26) Begge lag hadde før kampen fått fleire fråfall. Hos Grytastranda kunne ikkje Kurt Erik Grytten og Tarjei Urkedal stille på grunn av militæret, medan Roger Grytten nok ein gong måtte sjå kampen frå sidelinja. Hos Søvik hadde ikkje Geir Roar Gamlem og Morten Kalvø høve til å møte. Gavmilde søvikarar Etter ei forhaldsvis jamn opning så tok Grytastranda over. Fleire sjansar vart misbrukt før Søvik fann ut at dei ville vise godt naboskap. Etter rot i forsvaret sender Christian Søvik ballen mot eige mål, Asgeir Kalvø står på strek, men får først fatt i ballen etter at den har passert streken. Dermed ei fortent leiing til Grytastranda. Søvik får til fint lite, og dei avslutningane som går mot mål, tek ein svært stødig Espen Wold seg av. Når 1. omgang nærmar seg slutten sette oransjetrøyene opp eit ekstra gir. Først er det Kim Idar Krogsethagen som skåra på eit godt skot, så er det Tommy Johannessen som legg på til 3-0. Krogsethagen punkterar kampen Ved pause gjer Grytastranda ein del bytter, og Søvik kjem meir med i kampen og skapar nokre sjansar, men Espen Wold står sikkert i mål. I staden for redusering er det Kim Idar Krogsethagen som legg på til 4-0. Han driblar av eit par mann og skyt knallhardt i mål frå 10 meter. Kampen er punktert, noko som kom til å prege resten av kampen. Ved cirka halvspelt 2. omgang får Søvik seg eit trøystemål. Brasilianske Gustavo skjer inn frå høgresida og sette ballen i mål. Huegjengen Dei siste ti minutta satsa Grytastranda alt framover for å få eit femte mål. Leia av den frykta huegjengen (Geir Magne Grande og Vegard Vegsund) blir det skapt fleire gode sjansar, men utan resultat. Dermed enda kampen med 4-1 siger til Grytastranda, og vi fekk nok eit bevis på at dei beste spelarane held til innom kyrkja. Grytastrandarane ville mest og var best i det meste. Søvikarane var tafatte, men har mange unge og lovande spelarar. Så kanskje at det kan bli litt jamnare i framtida. Dommar Arild Vegsund, med assistentar, gjorde ein glimrande innsats gjennom heile kampen. Kommentarar: Eg følte vi hang med i periodar, men vi tapte for eit betre lag (Stein Erik Reitan) Spelet vårt vart øydelagt av alle bytta til Grytastranda (Kristian Søviknes) Manageren får ta all skyld for tapet (Geir Ove Tennfjord) Vi sigra i årets viktigaste kamp. Herleg! (Steffen Grytten) Som forventa (Anonym) Eitt mål for lite (Espen Wold) Kva tid skal dessa søvikarane gje oss motstand? (?) Med dette laget hadde oss slått Brattvåg (Jan Even Drønnesund) Det skal bli artig å møte søvikarane på festen i kveld (Øyvind Davik) Etter kampen møttest damelaget, juniorlaget, herrelaget og dei involverte i bygdekampen til sosialt samvære på forsamlingshuset i Søvik. Her fekk vi blant anna sjå delar av den nye Norborg-filmen av Roger Grytten, samt at damespelarane spanderte ypparleg pizza. Av: FSE |
|
| tilbake | skriv innlegg |