|
Laurdag 13. oktober
2001 vart det vi reknar som den første bygdekampen spelt, men bygdekampar
mellom Grytastranda og Søvik er ikkje noko nytt fenomen. Det vart óg spelt
slike kampar for fleire tiår sidan. Frode Engeset fekk ideen om å ta opp
igjen tråden etter å ha bladd igjennom Årsskrift 1992 frå Sogelaget for
Hamnsund sokn.
Av årsskriftet les vi; "Det blir fortalt om ein gong kring 1960 at
det skulle vere fotballkamp mellom Grytestranda og Søvik. Kampen skulle
gå ein søndag inne på fotballfeltet nede ved sjøen på Engeset. Gutane
hadde sett opp plakatar, og mykje folk var møtt fram. Kampen byrja jamt,
stillinga er 2-2 når Grytastrandingane får frispark rett utanfor 16-meteren.
Søvikarane stiller mur medan Grytastrandas storskyttar legg ballen på
plass. Han dunkar til og ballen kjem mot muren i andletshøgde. I siste
augneblink bøyer den som ville fått ballen "i fleisen", seg unna, og ballen
suser utagbart i mål. Sidan går det rett vest for Søvik-laget og sluttresultatet
vert 7-2 til Grytestranda. Etter kampen får "syndaren" kraftig på pukkelen
av lagkapteinen, og det vert ein lang og tung sykkeltur heimatt til Søvik."
(Skrive av Per Hånes)
På grunn av heimesida til IL Norborg vart det ein enkel jobb å få til
ein bygdekamp hausten 2001. Reglane vart skrive, og ein lagleiar frå kvar
bygd vart utpeika til å skaffe spelarar. På kampdagen stilte Grytastranda
og Søvik med kvar sin 14 mannstropp. 70 tilskodarar møtte opp å såg Grytastranda
vinne 3-1 i regnveret.
|