Midtsommarnatturnering på Vinstra
15-06-2008 23:42

Norborg med tre strake på Fosen
28-10-2007 15:22
- Ihelga vart første serierunde i førstedivisjon badminton avvikla i Rissa-hallen på Fosen. Norborg-spelarane var veldig usikre på nivået og korleis dette skulle gå før avreise, men resultata var over all forventing og ein kunne reise heim att med 3 strake sigrar i bagasjen.

Første kamp var mot Sandnessjøen på laurdag morgon. Sandnessjøen var nykomar i første divisjon og det var knytt stor spenning til korleis den kampen ville gå. Det var nykomarane som kom best i gong og leia 2-1 etter tre kampar, men så tok Norborg over og vann til slutt 8-2. I den andre kampen venta Trondheim, men dei har i år mista mange spelarar og lot seg også hamle opp med. Her vart resultatet til slutt 7-3 etter flott innsats av Norborg-spelarane. Etter ei god natt med ein time ekstra søvn (overgong frå somartid til vintertid) var det søndag morgon klart for den siste kampen denne helga: Mot Klæbu. Klæbu hadde ikkje gjort det så godt i kampane sine på laurdag og Norborg var klare favorittar, men at kampen til slutt skulle ende 10-0 til Norborg var over all forventning!

Dermed var det ein glad gjeng som tok fatt på heimvegen frå Rissa søndag ettermiddag.

Julecup i Sykkylven
29-12-2006 0:23
-Fem spelarar frå Norborg var med på den tradisjonelle julecupen i Sykkylven i dag og tok med seg nokre premiar heim att. Det blir berre spela double og mixed double på denne turneringa og i år gjekk arrangementet nokså radig unna i motsetning til kva som har vore typisk dei fleste åra. Dei beste Norborg-resultata kom slik:
Herre double klasse A: 3. plass til Per Ivar Furholm og Noralf Gamlem
Mixed double klasse A: 2. plass til Randi Nogva og Noralf Gamlem
Dame double klasse A: 2. plass til Sissel Smidth (Ålesund) og Gunn Fiskergaard
Dame double klasse A: 3. plass til Inger Margrethe Midtlid (OSI) og Randi Nogva
Mixed double klasse B: 1. plass til Ragnhild Kalland (Sykkylven) og Per Ivar Furholm
Mixed double klasse B: 2. plass til Gunn Fiskergaard og Tor Stenvaag

Norborg forsynte seg grovt av premiefatet
3-12-2006 22:39
-Badmintongruppa deltok i helga med 7 spelarar på Møbelringen-Cup i Trondheim. Det var nesten 200 deltakarar frå store delar av Noreg og også frå Sverige. Norborg-spelarane gjorde det kjempegodt og tok kraftig for seg frå premiefatet og kom heim at med 4 førstepremiar, 3 andre-premiar og ein 3. Noralf Gamlem tok mest for seg med 1. Plass i både single og double B, double saman med Per Ivar Furholm. Per Ivar tok også 2. Plassen i single B. I double B vært det også Norborg på andreplass med Edvin Bjørn Marthinussen og Tor Stenvaag. Den gamle ringreven Edvin tok også 1. Plass i single C, etter ein taktisk sterk kamp. I C klassen vart også Andreas Helland nr 3. Det var behaldninga og det er ein nøgd gjeng som no er på veg heim at.


Badminton-trening avlyst
20-03-2006 21:12
-På grunn av BUSK - GRAND PRIX er badminton treninga torsdag 23. mars i Brattvåghallen avlyst, melder Jørgen Ove Havnsund.


Badminton-trening tysdag
17-12-2005 22:50
-Vi minner om siste treningsøkta for badminton før jul på tusdag kl. 1830 til 2045. Leit fram racketen og still i Brattvåghallen!


Badmintontreninga torsdag er avlyst
28-09-2005 17:34
-Badmintontreninga torsdag 29. september er avlyst grunna mangel på instruktør. Ein kan i staden trene fredag då det er god plass i hallen. Treningstider ligg ute under info.


Badminton oppstart
29-08-2005 19:01
-Norborg si badmintongruppe startar opp igjen sesongen torsdag 1. september. Nybegynnarar er også velkomne! Passar for jentar og gutar som går på 4-7 trinnet. Trening kvar torsdag i Brattvåg-hallen kl. 1830-20. Klubben låner ut racketer og baller. Velkomen! Kontakt trenar Jørgen Havnsund på telefon 900 78 435 for meir info.


Topp resultater i badminton
20-06-2005 22:40
-Norborg si badmintongruppe stilte i helga på den årvisse midtsommar-natturneringa på Vinstra, og oppnådde sterke resultat.
Les meir..


Badmintontrening avlyst
5-04-2005 22:57
-Badmintontreninga (3-7. skuletrinn) 7. april i Brattvåghallen frå kl. 19.30 - 21.00 på torsdag er avlyst grunna moteoppvisning.

Badminton NM i Ålesund

1-02-2005 22:10
-Ålesund BK er arrangør av NM i badminton komande helg. Norborg har 6 spelarar som skal i aksjon under meisterskapet, samt grytastrandjenta Ann-Kristin Mathisen som for tida spelar for Ålesund BK.
Kampoppsett


Midt-Norsk mesterskap (25.01.05)
Resultater Midt-norsk meisterskap.. (pdf format)

Eit tap og ein uavgjort for Norborg i serieopninga i badminton (31.10.04)
Norborg fekk tøff motstand frå trønderlaga i første serierunde i 1. divisjon badminton på laurdag. I første kamp var det Trondheim BK som var motstandar og heimelaget opna godt med siger i tre damekampar før marginane var på feil side i heile fire av dei siste 7 kampane. Etter tur vart det tap i to herresinglar og to herredoublar med knappast mogeleg margin over 3 sett, slik at sluttresultatet i kampen var uavgjort 5-5. Dette resultatet kan nok ikkje heimelaget vere nøgd med, sjølv om det spelemessig var mykje bra.

I den andre kampen var det eit råsterkt NTNUI-lag som var motstandar og her fortsette det som i den første kampen, berre med den skilnaden at no tapte også heimelaget sine damer jamne kampar. Rått og brutalt vart heimelaget feia av bana med 0-10 i protokollen, etter 4 tap i jamne 3 setts kampar og 2 andre kampar som også var svært jamne.

"Dette var ille! At vi tapte er greitt nok, men at alle jamne kampar skulle bikke i vår disfavør, det hadde vi ikkje forventa", uttaler Noralf Gamlem etter kampane. "Her må vi nok få auka intensiteten på treningane eit par hakk...", seier han vidare på spørmål om kva som kan gjerast fram mot neste runde.

Det positive er at det slett ikkje er så langt fram til å kunne ta poeng mot NTNUI som resultatet viser og med litt meir kamptrening så bør marginane kunne tippe i Norborg sin favør. Både Trondheim og NTNUI stilte nok med eit sterkare lag enn det Norborg trudde (håpa?) på i denne runden medan Norborg mangla eit par spelarar som i alle fall ikkje hadde svekka laget om dei var med.

Seriestart til helga (26.10.04)
Laurdag startar seriespelet i badminton med kampar i Brattvåghallen. Norborg møter NTNUI og Trondheim BK, noko som blir ei tøff oppgåve for heimelaget. Men akkurat heimebane meiner Norborg-spelarane kan bli avgjerande. "På damesida er vi utruleg sterke for tida, men på herresida er vi veldig usikre på kor vi står no i starten av sesongen", seier Noralf Gamlem. "Diverre fekk vi ein skade på treninga tysdag kveld, noko som gjer at vi blir litt redusert på herresida, men vi skal i alle fall kjempe til siste slagveksling!" Klokka 11:00 på laurdag brakar det altså laust i Brattvåghallen, så møt opp og støtt heimelaget!

Godkjent serieavslutning for Norborg (08.03.04)
-I helga var Norborg i Trondheim og spelte dei siste kampane for sesongen i 1. divisjon avdeling Midt-Noreg.
Les meir..

Tapte kampen om å bli best på Møre
(08.03.04)
-Norborg og Ålesund møttast i nest siste serierunde for å avgjere kven som er best i Møre og Romsdal. Det starta bra for Norborg, men så kom tapa.
Les meir..

Avslutta sesongen sterkt (24.04.03)
Norborg avslutta årets badmintonsesong sterkt, men måtte til slutt ta til takke med ein 4. plass på tabellen. Men badmintongjengen kan seie seg fornøgde og kan skryte av å vere best på Sunnmøre!
Les meir..

Bra innsats i Trondheim (10.02.03)
Det vart i helga avvikla serierunde i 1. divisjon avdeling Midt-Norge i NTNUI sitt idrettssenter på Dragvoll. Norborg spelte tre lagkampar i løpet av laurdagen og det var nokre sterke motstandarar som stod for tur denne helga.
Les meir..

Ålesundsvippen 2003
Ålesund badmintonklubb inviterar til badmintonturnering laurdag 22. og søndag 23. februar.
Les meir..

Namdal Open 2003
Den 21.02 til 23.02 blir Namdal Open arrangert av Grong Badmintonklubb. Dette er ei stor badmintonturnering med klasser frå E til U11, og nybegynnerklasser dersom det er mogeleg.
Meir info

God Norborg innsats i Sykkylvscupen
(02.01.03)

Laurdag 28. desember vart den tradisjonsrike Sykkylvscupen i badminton avvikla i Storhallen i Sykkylven. I denne turneringa blir det berre spelt double og mixed double og det let seg difor gjere å avvikle alle kampane på ein dag. Det var deltaking frå dei fleste klubbane i fylket samt ein del frå Frogner Badmintonklubb i Akershus.

I den gjevaste klassen (A) viste Norborg seg som den klart beste klubben med 2 førsteplassar av 3 mogelege, i tillegg vart det ein andre og ein tredjeplass.

Randi Ulla var den som kunne reise heimatt med flest førsteplassar i bagasjen. Saman med Gunn Fiskergaard vann ho damedouble klasse A etter ein spanande finale mot ålesundsparet Elisabeth Hjellegjerde og Cecilie Welle Bay.

I mixed double klasse A tok ho saman med Noralf Gamlem ein