|
Tap
på straffer mot Blindheim
Kampen starta ganske
bra for Norborg-jentene og etter at Blindheim hadde eit ørlite overtak
dei første 5 minutta kjempa dei oransje seg inn i kampen og overtok meir
av spelet. Omlag halvvegs i omgongen var ein hardt pressa Blindheim-forsvarar
uheldig og heada ballen i eige mål og dermed 1-0 til Norborg. Resten av
omgongen hadde Norborg det meste av spelet, men utan å kome til så mange
store sjansar. Blindheim fekk ei straffe og greidde dermed å utlikne før
pause. Like etter pause gjekk dei opp i 2-1 etter ein corner og Norborg
måtte framover på bana.
Kampen bølgja no fram og tilbake og begge laga hadde sine sjanser til
å få score fleire mål, men det var først i siste ordinære speleminutt
at Norborg greidde å utlikne, til stor jubel både frå spelarane og publikum
på sidelinja. No var det klart for ekstraomgongar med Golden Goal og her
hadde ikkje dei oransje tenkt å køyre safe, men satsa hardt på å få ei
scoring. I løpet av 2 x 5 minutt hadde jentene fleire halvsjansar til
å avgjere det heile, men Blindheim heldt unna og var farlege på kontringar
med mellom anna to skot i tverrliggaren.
Ekstraomgongane ebba ut og ingen av laga greidde å score, dermed var det
klart for straffesparkkonkurranse... Men dramatikken enda ikkje der for
no kom det ei voldsom hagl- og regnskur så kraftig at dommaren fann det
rettast å utsetje straffesparkkonkurranse til det letta litt.
Dommaren gjorde ein miss og la ballen halvannan meter for nært mål, noko
som gjorde det vanskeleg for Norborg sin gode keeper Ida Holmeset. Sjølv
om ho var nær ved å ta nesten alle straffene lurte dei seg inn og presset
var heile tida på Norborg-jentene, til slutt kom ein miss og dermed var
det Blindheim som kunne juble for vidare avansement.
Likevel, både spelarar og trenar kan vere svært godt nøgde med innsatsen
på Norway-cup. Dei har til tider spelt opp mot sitt aller beste og nok
ein gong gjort ære på dei oransje fargane. Sjølv Sunnmørsposten sin reportar
synes det var synd Norborg tapte, "for det var då dei som pressa mest"
som han sa... No er det berre å kome seg over skuffelsen og førebu seg
til ein spanande haustsesong.
Takk for innsatsen jenter!!!
|