|
Jentene
imponerar på Norway Cup So langt har jentene
overraska positivt med innsats og tæl og gjort alle tips om tidleg heimreise
til skamme. Særleg kampen mot det samansette rekrutterings-laget til Amazon
Grimstad (Amazon/Froland) var imponerande. Rett nok var det slett ikkje
ufortent at sørlandsjentene vann, men med litt flaks kunne Norborg-jentene
greidd 1-1. Manager Lars la opp til defansiv kontroll for å halde nullen
og satsning på kontringar, dette gjekk lenge svært bra og spelarane jobba
knallhardt og gjennomførte taktikken glimrande. Til slutt fekk Amazon/Froland
inn eit mål, men då hadde frustrasjonen breidd seg både mellom spelarane
og ikkje minst på benken der utbrota frå trenaren vart meir og meir voldsomme
og vassflasker fauk rundt om. Like før slutt, akkurat då Norborg skulle
til å satse hardt framover for å få ei utlikning, kom ein baklengsmål
til og vi kunne sjå at sørlendingane vart frykteleg letta. Når kampen
var slutt jubla nok dei oransje like mykje som Amazonene frå sør... Etter
kamp var det rett tilbake til hotellet før dei fleste tok turen til Tusenfryd
for ei skikkeleg avkobling. |
|
| tilbake | skriv innlegg |