Norborg - Bergsøy 2-5

På laurdag var det ny kamp i 1.divisjon for jentelaget. Det vart ein spennande kamp i varmen på Uggedal gras, men til slutt var det dei langveisfarandes jentene frå Fosnavåg-området som kunne juble. Men det var først i dei siste minutta at kampen vart avgjordt. Norborg-jentene låg under 0-1 og 1-2, men utligna begge gonger med flotte mål. Etter eit mønsterangrep la Nina Witsø til Birgitte Ringstad på fint løp og Birgitte plasserte ballen i stolpen og inn. Stor jubel. Andre Norborgs mål var vel kampens store enkeltprestasjon da Randi Øster Urke forserte med stor kraft på høgresida, passerte 2 motstandarar og sette eit langskot knallhardt i vinkelen. Enda større jubel. Her ante vi siger til Norborg. Men Bergsøys jenter var sterke og gjekk like etter opp til 3-2. Norborg la om til veldig offensivt spel, men mislykkast med å få ballen i mål og som det ofte kan gå, andre laget kom lettare til på kontringer, og dermed kom det 2 mål mot, siste 5 minutta. Likevel var dette ein bra kamp av Norborg-jentene, der kanskje dei 2 målscorarane utmerka seg med stor innsats og godt spel. Sjølvom Nina Witsø vart skada i første omgang spelte ho som alltid ein god kamp, og Ida spelte pånytt solid i mål.

tilbake | skriv innlegg