lørdag, april 21, 2018
   
Text Size

Norborg-Herd

Norborg-Herd/Spjelkavik2 8-2 (3-0)
Uggedal stadion, 29.09.02

17 sjansar 8
6 hjørnespark 4

Kim Idar Krogsethagen (44, 48, 49, 55)
Geir Ove Grønli (26, 30)
Morten Kalvø (62)
Gustavo (68)

Herd (83, 85)

Dommar: M. Ribic, VRF -4

Laget: Steffen Grytten - Christian Søvik (Vebjørn Grytten, 78), Kenneth Vegsund (Christian Søvik, 87), Morten Kalvø, Jan Even Drønnesund (Kristian Søviknes, 87) - Kristian Søviknes (Geir Ove Tennfjord, 56), Jan Vatnehol (Eirik York, 56), Stein Erik Reitan (Jan Vatnehol, 87), Alexander Gamlem (Stig Wold, 78) - Kim Idar Krogsethagen (Geir Ove Grønli, 87), Geir Ove Grønli (Gustavo, 56)

Norborg sette eit flott punktum for sesongen med ein glimrande 8-2 siger over Herd/SIL2. Etter ein nervøs start festa heimelaget grepet eter cirka halvspelt 1. omgang med to kjappe Grønli mål. Etter dette vart Herd overkjørt av eit veldig godt heimelag, men dei fekk med seg to trøystemål på slutten.

Trenar Sindre Hildre stilte med ein svært sterk tropp til denne kampen. Sjekk denne utruleg sterke benken: Tarjei Urkedal, Eirik York, Stig Wold, Vebjørn Grytten, Geir Ove Tennfjord, Gustavo og Jan Vidar Solheim.

Herd best i gang
Det var Herd som styrte det første kvarteret. Etter 4 minutt svikta markeringane i Norborg sitt forsvar når ein Herdspelar får stå upressa å skyte ifrå 10 meter. Heldigvis gjekk skotet over. Nokre minutt etter var igjen gjestane farleg frampå. Nok ein gong glapp markeringa då ein Herdspelar stå fritt å heade frå 12 meter, men Herd hadde ikkje marginane på si side og headinga gjekk utafor. Men Herd gav seg ikkje. Etter 12 minutt kjem dei seg rundt på høgresida, ballen blir slått inn i 16 meteren der ein Herd spelar headar utafor frå god posisjon.

Maskina kom i gang
Det talrike publikummet starta så smått å bli engsteleg. Men då starta Norborg maskina for alvor. Først er Grønli frampå med eit godt skot, så dribla Krogsethagen herdforsvararane oppå Uggedalshornet før han skyt, men keeper redda. Minuttet etter blir han spelt gjennom av Grønli, men kva gjer dommaren som står på motsatt halvdel? jau han bles for offside. HORRIBELT!

To kjappe av Grønli
Norborg fortsette å styre kampen, og etter 26 minutt kjem målet. Krogsethagen er på nok eit dribleraid, men vart til slutt stoppa. Ballen går så over til Grønli som plasserer ballen sikkert i mål ute ved stolpen.

Etter målet pressar Norborg endå meir på. Både Krogsethagen og Grønli får gode moglegheiter, men keeper står godt å redda. Ved Grønli sin sjanse gir han corner. På hjørnesparket slår Søviknes ein perfekt ball til Grønli, som styrer ballen i mål med hovudet frå 5 meter, og dermed 2-0.

To minutt etter er Herd farleg frampå. Ein Herdspelar driblar Drønnesund, kjem seg inn i 16 meteren, og skyt i stolpen. Norborg var heldige her.

Målkongen viser seg fram
Like før pause skårar Krogsethagen sitt første for dagen. Søviknes spelar Krogsethagen fint igjennom. Aleine med keeper gjer han ingen feil. Driblar keeper fint av og sette ballen i det tomme buret.

Norborg går hardt ut i 2. omgang mot motlause Herd spelarar, og det tok berre 3 minutt før det stod 4-0. Målet kom slik: kjapt frispark på midten til Søviknes, han slår Krogethagen igjennom som enkelt skårar aleine med keeper. Minuttet etter blir det 5-0. Reitan og Gamlem kombinera fint på høgresida. Reitan kjem seg til kortlinja, legg 45 ut til Krogsethagen, som får første forsøk blokkert, men det andre gjeng i mål.

Ti minutt ut i 2. omgang skårar Krogsethagen sitt fjerde mål for dagen og sitt 27 for sesongen. Denne gangen er det Vatnehol som spelar "målkongen" igjennom, og aleine med keeper gjer han ingen feil.

Kalvø sitt første
Etter dryge timen skårar Kalvø sitt første seriemål for Norborg. Etter mykje rot i Herd sitt forsvar mottar han ballen innafor 5 meteren å sette den sikkert i mål. Den einaste i startoppstillinga som ikkje hadde mål då var Drønnesund. Dette ville han gjere noko med. Han får ballen på egen halvdel, driblar seg framover, spelar vegg med Krogsethagen, og er plutseleg aleine med keeper. Drønnesund tek seg god tida og skyt, men ballen snik seg diverre på utsida av stolpen.

Ved halvspelt 2. omgang kjem 8-0 målet. Krogsethagen spelar over til Gustavo som skåra med ein fin touch.

Tø trøystemål
Etter dette blir det meir omstendeleg med Norborg, og Herd får låne meir ballen. I løpet av dei siste ti minutta fekk dei også to trøystemål. Først på ein fin lobb over keeper, så på eit skot frå 15 meter som gjekk stolpe inn.

Ser vi vekk ifrå dei 15. første og dei 15. siste minutta, var Norborg totalt overlegne Herd. Forsvar, midtbane og angrep fungerte perfekt. Pasningar og rørsle stemte godt, og effektiviteten var som vanleg god. Medan Herd bør trene forsvar til neste sesong.

God stemning. God kake.
Stemninga på stadion var veldig bra gjennom heile kampen, og etter kampen storma supportarane med Siv i spissen bana for å gi spelarar og andre norborgarar kake. Ei flott avslutning på sesongen.

Spelarvurderingane

Steffen Grytten: 6
Har ikkje så mykje å gjere i denne kampen. Herd sine avslutningar går enten i stolpen, over eller i mål, og dei som gjekk i mål kunne han ikkje gjere noko med. Er som vanleg ein defensiv keeper.

Christian Søvik: 8
Trygg defensivt, men kunne ha vore meir aktiv framover på bana. Sikker og god kamp av Christian.

Kenneth Vegsund: 7
Har problemer det første kvarteret. Dårleg markering og slurv prega midtforsvaret i starten. Trivast nok betre på gras enn på grus. Treff betre med langspasningane då. Får etterkvart kontroll defensivt.

Morten Kalvø: 8
Sleit i starten, men spelte seg opp. Bryt bra, sett i gang angrep, og skåra eitt mål.

Jan Even Drønnesund: 8
Spelte godt fram til han vart altfor offensiv. Dei lange løpa framover på bana tok også på kreftene. Var litt for hypp på å skore mål. Noko han burde ha gjort.

Kristian Søviknes: 9
Står bak tre mål med presise gjennombrotspasningar og ein god corner. Jobba godt den timen han fekk spele. Løpsviljen hans kunne ha blitt utnytta endå meir.

Stein Erik Reitan: 9
Jobba godt gjennom heile kampen. Snappar ofte opp ballen. Har god balanse og speleforståelse. Stod bak kampens angrep.

Jan Vatnehol: 7
Gjer mykje bra, men misser ballen litt for ofte. Må jobbe betre defensivt. Noterer seg for ein assist.

Alexander Gamlem: 8
Er i bra form om dagen. Brukar farta si til å kome rundt på kanten. Fekk ikkje verken assist eller mål, men var med på kampens beste angrep.

Kim Idar Krogsethagen: 9+

Lovde på fredag 5 mål, men greidde "berre" 4. Får det enkelt mot Herd sine forsvarar, og hadde sjansen til å skåre fleire mål. Har glimrande teknikk, eit bra rykk og ein bra fysikk. Kva skulle vi ha gjort utan Kim?

Geir Ove Grønli: 8
Er den som starta skåringsshowet med to kjappe. Er som vanleg god i lufta, men han blir også stadig betre langs bakken. Det er nesten synd sesongen er over for spissane våre.

Eirik York: 7
Gjer ein kamp på det jamne. Jobba som vanleg godt.

Gustavo: 7
Skåra eit fint mål. Viste enkelte detaljar, men elles anonym.

Geir Ove Tennfjord: 6
Har gjort mange gode innhopp i haust, men i dag var han litt meir anonym ute på venstresida. Hans slepne teknikk passa nok best på ei strøka grasbane.

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann