Nyheiter

Tabellkonkurranse 4. divisjon

No kan du tippe sluttabellen i 4. divisjon og ha sjansen til å vinne premie. Sett opp ditt tips i skjemaet nedanfor med å trykke på rullgardina og velge lag for kvar plass, fyll inn namn og e-post, og trykk send innan torsdag 25. april kl. 17. Det blir gitt 3 poeng for riktig plassert lag og 1 poeng for lag som er plassert ein plass unna. Lag som er dobbeltplassert blir fjerna. Maks. 1 tabelltips pr. person. Vi kjem til å offentleggjere dei tre som ligg best an etter kvar serierunde, men ta det med ro, vi skal ikkje syne kven som ligg blant dei siste. Så her er det berre å slenge inn eit tips. Lykke til.

Vinnar av tabellkonkurransen får pledd og førstehjelpspute frå Røde Kors, samt Norborg-effekt.

Scoringsklubben 2019

Ei veke til seriestart

Om nøyaktig ei veke startar 4. divisjon med kampen Norborg/Brattvåg2 mot Larsnes/Gursken. Norborg har gjennomført 11 treningskampar, samt ein internkamp. Dei sju kampane mot sunnmørslag er vunne, medan ein har tapt fire kampar mot lag frå Romsdalen. Vi kan då vere nøgd med at Sunnmøre held fram som eiga avdeling også neste år. Larsnes/Gursken har, etter det vi veit, berre spelt fire treningskampar. Det er færrast av laga i 4. divisjon. Dei har gjort det godt i desse fire kampane og står utan tap. Det ligg dermed an til ein hard dyst i Uggedalen torsdag kl. 1830.

Treningskamptabell 4. divisjon innbyrdes:

Treningskamptabell 4. divisjon:

Tapte generalprøva

Norborg/Brattvåg2 – Midsund 3-4 (1-0)
Treningskamp, Uggedal KGB, 16.04.2019

Sjansar: 11-10
Cornere: 7-3

1-0 Magnus Austbø Seth (17)
1-1 ? (51)
1-2 ? (65)
2-2 Magnus Austbø Seth (65)
2-3 ? (77)
2-4 Sjølvmål (82)
3-4 Per Kristian Helle Hildre (87)

Det vart ein sjanserik og underhaldande kamp i Uggedalen når Norborg tok imot 4. divisjonslaget Midsund. Heimelaget starta best og burde ha leia meir enn 1-0 ved pause. Diverre greidde ein ikkje å følge opp etter kvila. Trenar Søviknes fekk kort tid ut i omgangen spørsmål om laget hadde tatt badstu i pausa. For spelarane var sløve i presset, det var stor å avstand mellom lagdelane og Midsund fekk ofte fritt spelerom. Leiinga vart dermed snudd til tap. Det positive vi tek med frå kampen er at ein skaper godt med sjansar sjølv i ein svak omgang.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Per Kristian Grytten Søvik (Jonas Holmeset, 46), Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth (Tobias Jensen, 55), Kristoffer Søviknes – Vidar Nilsen Rogne (Erik Vågnes, 61), Siver Davik (Jesper Vos, 61), Gard Rogne (Davik, 74), Magnus Jenssen (Nilsen Rogne, 74) – Fredrik Hurlen (Per Kristian Helle Hildre, 61), Magnus Austbø Seth.

Treningskamp mot Midsund tysdag kl. 18

Norborg/Brattvåg2 spelar tysdag sin siste treningskamp før seriestart når Midsund tek turen til Uggedalen. Midsund kom i fjor på 9. plass i 4. divisjon N/R. Laga møttast også i fjor sommar. Då enda kampen 3-3.

Målrikt mellom Norborg og Stranda

Norborg/Brattvåg2 – Stranda 6-4 (3-1)
Treningskamp, Uggedal KGB, 11.04.2019

Sjansar: 13-8

1-0 Vidar Nilsen Rogne (3)
2-0 Magnus Austbø Seth (18)
3-0 Nikolai Jensen (23)
3-1 ? (33)
4-1 Magnus Austbø Seth (47)
5-1 Per Kristian Helle Hildre (53)
5-2 ? (57)
5-3 ? (76)
5-4 ? (79)
6-4 Nikolai Jensen (92)

Ein kamp som varierte frå flott fotball til det groteske. Fortent siger, men det kunne like godt ha enda 5-5 i staden for 6-4 i sluttminutta. Vi kjem tilbake med meir i løpet av helga.

Laget: Benjamin Rørhus (Sander Arntsen, 46) – Tobias Jensen, Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Marius Fylling Rogne (fram til 80) – Vidar Nilsen Rogne (Jesper Vos, 20), Eirik Vågnes, Nikolai Jensen, Magnus Jenssen – Magnus Austbø Seth, Per Kristian Helle Hildre.

Andre kampar:

SIF/Hessa – Giske 4-2
Valder – Tomrefjord 1-2

Treningskamp mot Stranda torsdag kl. 19

Norborg/Brattvåg2 spelar sin andre kamp for veka då ein tek imot Stranda på Uggedal KGB torsdag kl. 19. Stranda var det einaste laget ein ikkje greidde å slå i fjorårets 5. divisjon. Heimekampen enda 4-4 etter å ha kome under 0-4, medan bortekampen enda 3-3.

Trimgruppa med app for registrering av fjellturar

Då har vi starta eit prøveprosjekt med online registrering av Fjelltrimmen. Last ned appen GEOREG til mobilen, registrer deg, les den enkle instruksjonen og prøv deg neste gang du er ved ein av følgjande poster: Gamlemsveten, Tverrbotshornet, Uføra, Terøytoppen og Gjersetvatnet. Koordinatene er lagt inn ved postkassene.

Appen er gratis å laste ned og gratis å bruke. Du har då automatisk kontroll på antall turer, og får opp dei siste 5 som var der før deg etc.

Bruk fortsatt bøkene, dette er foreløpig berre i tillegg (for eigen kontroll på antall turer etc.) så får vi sjå etter kvart kva vi gjer.


Instagram

  • Treningskampen mot Stranda i går endte med 6-4 seier i en heller trasig svak kamp. @nikolai_jensen avgjorde kampen med sine to mål. Utenom dette så skåra @vidarnilsenrogne , @per__helle og 2x @magnusseth 
Siste test før seriestart er Midsund i Uggedalen på tirsdag. Kampstart 18.00.

Følg oss!

5. divisjon

PosKlubbP
1Norborg/BIL254
2Blindheim49
3Langevåg44
4Skodje35
5Stranda31
6Hovdebygda30
7Volda230
8Herd229
9Ellingsøy24
10Guard20
11Fjørtoft18
12Sæbø13
Weather Icon

Sponsorar: