Vårt tips: 4. plass

Valder 2. lag


Plassering 2006:

Deltok ikkje

Heime 2006:

-

Borte 2006:

-

Toppskårar 2006:

-

Spelartilgang:

-

Spelaravgang:

-

Beste serienotering:

Aldri deltatt


Siste 5 år:

2002

-

-

2003

-

-

2004

-

-

2005

-

-

2006

-

-


Treningskampar:
04.03 Giske (vs) 4-2
10.03 Harøy (vs) 0-1
18.03 Emblem (vs) 1-2

Om Valder 2. lag

Valder stille for første gong med 2. lag i seriesystemet. Blåtrøyene har ikkje juniorlag, så det er venta at dette vil bli eit ungt lag, saman med nokre gamle travarar.

Styrke:
Ungt pågongsmot + rutine = suksess?
Ukjente

Nytt og ukjent lag for dei fleste i divisjonen. Bortsett frå Harøy og Giske som har spelt treningskampar mot dette laget, veit ingen kva dei går til. Laget vil truleg bestå av spelarar i junioralder og spelarar som gjer comeback.

Svakheiter:
Offensivt

Valder sitt 1. lag scorte minst av 3. divisjonslaga i fjor. Vi tvilar på at 2. laget har flust av gode spissar å velge mellom, men det dukka vel opp ein frå Jønsson-ligaen her også.

Vårt tips: 6. plass
Vann ein og tapte to i vinterserien. Vil nok opptre like ujamt i serien alt etter kven som blir med i frå a-troppen. Vi veit lite kva dette laget står for, men vil nok vere med å kjempe om ein plass blant dei 4-5 beste.

Vårt Valder-minne: Valdervoll gras, 14. august 2003. Etter ein tung start på 4. divisjonslivet hadde Norborg funne forma, og sjølv om det suverene leiarlaget Valder stod på motsett halvdel, hadde ein god tru på siger. Kim Idar Krogsethagen var i storform denne dagen og Valder sine stopparar fekk aldri taket på han. Allereie i det 6. minutt ga han Norborg leiinga. Men Valder og Dag Erik Jønsson kom tilbake og utlikna. Men Norborg var ikkje ferdige for dagen, og få minutt etter får vi sjå noko så sjeldan som ei scoring å hovudet av Kristian Søviknes. Etter pause sjokkopna Norborg med to raske mål signert Krogsethagen. 4-1, og Norborg har kontroll. På overtid får Dag Erik Jønsson pynta på resultatet så det endar 4-2.