Vårt tips: 7. plass

Stranda 2. lag


Plassering 2006:

8. plass i 6. divisjon

Heime 2006:

3-1-5 23-32

Borte 2006:

3-0-6 23-35

Toppskårar 2006:

-

Spelartilgang:

Frank Løken (Valldal) og Jan Magne Leirmo (Moltustranda)

Spelaravgang:

-

Beste serienotering:

7. plass i 5. divisjon (2002)


Siste 5 år:

2002

5. divisjon

7. plass

2003

6. divisjon

12. plass

2004

6. divisjon

7. plass

2005

-

-

2006

6. divisjon

8. plass


Treningskampar:
13.04 Stranda jr. 4-1
15.04 FK Sykkylven3 3-3

Om Stranda 2. lag

Stranda stilte med 2. lag første gong i 1998 og har sidan vore med i seriesystemet i 8 av dei 9 sesongane. Stranda 2 kan dermed seiast å vere det mest tradisjonsrike av årets mange 2. lag i 6. divisjon avd. 1. Stranda2 leverte gode resultat frå start av, og spelte kvalifisering om spel i 5. divisjon i 1999. Då vart Austefjord/Volda2 for sterke. Året etter var også Stranda2 i toppstriden, men enda til slutt på 5. plass. Så i 2001 skulle laget lykkast. Strandarane vann 6. divisjon avd. 1 med god margin på Rollon. Heller ikkje i 5. divisjon gjorde laget seg bort og tok 7. plassen. Likevel, etter sesongslutt valde ein å trekke laget frå 5. og starte på nytt i 6. divisjon. Laget var då av ein heilt anna standard og kom på sisteplass. I 2005 stilte ein ikkje lag, medan ein leverte variable prestasjonar i fjor.

Styrke:
Offensivt

Har spelarar som Håkon Mikal Dalen og Martin Espelund offensivt som vil skape problem for dei fleste av 6. divisjonsforsvara.

Svakheiter:
Defensivt

Stranda2 slapp inn mange mål i fjor og noko særleg betre trur vi ikkje det går i år. 3 baklengs mot FK Sykkylven3, eit lag som ikkje er med i seriespel, lovar ikkje bra.

Vårt tips: 7. plass
Kjem nok i år som i fjor til å opptre noko ustabilt. Fekk berre HaNo2 og Hildre bak seg på tabellen då. No er desse laga vekke og sterkare lag har kome inn. Stranda sin A-stall er heller ikkje noko betre enn i fjor, og vi trur ikkje dette 2. laget blir spesielt satsa på. Likevel, ein plass opp frå i fjor.

Vårt Stranda-minne: Vårt minne om Stranda2 strekker seg tilbake til 23. september 2000. Både Norborg og Stranda2 kjempa om opprykk til 5. divisjon og måtte vinne då laga møttast i Søvikdalen denne dagen. Kampen var tett og jamn. Kim Idar Krogsethagen roa heimepublikummet med ei scoring før pause, og Stein Erik Reitan la på til 2-0 i 2. omgang. Men Stranda2 ga seg ikkje og fekk reduseringa si. På slutten pressa gjestane kraftig, men Norborg ridde stormen av og behaldt alle tre poenga. Særs viktige poeng.