Vårt tips: 6. plass

Norborg 2. lag


Plassering 2006:

Deltok ikkje

Heime 2006:

-

Borte 2006:

-

Toppskårar 2006:

-

Spelartilgang:

-

Spelaravgang:

-

Beste serieprestasjon:

Ikkje deltatt tidlegare


Siste 5 år:

2002

-

-

2003

-

-

2004

-

-

2005

-

-

2006

-

-


Treningskampar:
14.02 Tomrefjord (b) 3-4
02.03 Lom 2-5
10.03 Lepsøy 2-2
14.03 Tomrefjord 9-0
28.03 Ravn 4-0


Om Norborg 2. lag

Norborg stille for første gong i historia med 2. lag i seriesystemet. Ettersom ein har problem med å stille 11 juniorar til ein kvar tid, valde ein å droppe juniorlag og stille 2. lag i 6. divisjon i staden. Då får også dei over junioralder, men som slit med å få speletid på a-laget, eit tilbod. Norborg har elles satt seg som mål at dersom det er mogeleg skal 10 spelarar i junioralder få starte på enten 1. eller 2. laget kvar veke.

Styrke:
Stå på vilje
Løpsstyrke
Lagspel

Norborg2 har vist seg som eit arbeidsvilleg og løpssterkt lag som har brakt mykje problem for sine motstandarar. Mykje fin fotball med godt pasningsspel og flotte kombinasjonar. Fleire av spelarane har vore under trenar Kristian Søviknes sitt regime sidan dei var 14-15 år. No er dei i slutten av tenåra og klare for seniorfotball.

Svakheiter:
Ingen typisk goalgetter
Til tider tynn stall

Norborg2 har ingen typisk goalgetter, men har likevel scora bra med mål i treningskampane. Om saknet etter ein som scorar 15-20 seriemål vil bli tydeleg i løpet av sesongen gjenstår å sjå. Norborg sitt 1. lag har hittil brukt 28 ulike spelarar (vi tek då ikkje med dei som var på prøvespel). Alle desse held bra 6. divisjonsnivå. Likevel, i enkelte posisjonar er ein noko tynt besatt, og vil i løpet av ein lang sesong få problem.

Vårt tips: 6. plass
Norborg2 vil skape problem for dei fleste laga i divisjonen med si løpsstyrke. Spelarane trenar saman med 4. divisjonslaget og dei fleste har også sjølv mange kampar bak seg på det nivået. Dette gjer sitt til at Norborg2 nok greie å halde eit betre tempo enn mange av dei andre laga. Har imponert i eit par av treningskampane, men vil nok variere noko gjennom sesongen. I treningskampane har en også tatt med 2-3 spelarar som har starta for 1. laget kampen før. Dette får ein ikkje i 6. divisjon.

Vårt Norborg2-minne: Uggedal grus, 14. mars 2007. Norborg2 sette rekordsiger for seniorlag på Uggedal grus denne kvelden då Tomrefjord vart feid av bana med 9-0. Vi fekk her sjå herlege angrep og flotte tekniske detaljar. Spesielt 2. omgang var som tatt ut av læreboka. Ole Johan Urke scora heile 4 mål. Amund Terøy 2, medan André Larsen, Bee og Martin Grytten scora kvar sitt.