|
Om
Lepsøy
Lepsøy kom inn i seriesystemet ein gong på 1970-talet og
har sidan blitt verande. Imponerande nok med tanke på befolkningsgrunnlaget
som har gått jamt og trutt ned til ca. 450. Det har stort sett
blitt 5. og 6. divisjonsfotball (etter dagens serieordning), men i 1988
tok ein innersvingen på blant anna HaNo og rykte opp til 4. divisjon.
Debutsesongen i 4. divisjon vart nesten krona med opprykk. Laget kjempa
om opprykk gjennom heile året saman med Ørsta, Skodje,
Ørskog og Stordal. Før siste runde låg Lepsøy
på opprykksplass, men skulle ut i ein særs vanskeleg bortekamp
mot Ørsta. Heile 1000 tilskodarar var på Ørsta stadion denne
dagen for å følgje seriefinalen. Kampen fekk den verst tenkelege starten
for Lepsøy. 19-åringen Tore Brekke Halse punkterte nemleg seriefinalen
med to skåringar før fire minutt var gått. Med den starten Ørsta fekk
var Lepsøy sjanselause på opprykksplassen. Berre ein periode like før
og etter pause hadde Lepsøy trykk på Ørsta-forsvaret, men etter at tenåringen
Kai Birger Myrold laga 3-0 eit kvarter ut i 2. omgang ga Lepsøy opp.
Myrold skårte på slutten to mål til og fastsette resultatet til 5-0.
Lepsøy tapte opprykksfinalen 5-0 og opprykket til nivå 1 i lokalfotballen
vart tapt på målstreken. Året etter kom ein på 6. plass
før nedturen starta med to nedrykk på rad. Sidan 1996 har
Lepsøy spelt på nederste nivå i Sunnmørs-fotballen.
I år er det likevel optimisme og tru på opprykk blant mange
av lepsøyingane.
Styrke:
Frank Gjerde
Entusiasme
Lepsøy har fått heim Frank Gjerde, og er med det garantert
minst 25 mål denne sesongen. Han har scora jamt og trutt i treningskampane,
og vi har ingen grunn til å tru det skal stoppe i serien. Lokalpatriotismen
er særs høg på Lepsøy og framføre sitt
talrike publikum vil raudtrøyene ta mange peng.
Svakheiter:
Tynn stall
Opprykksfesten booka?
Lepsøy har ein sterkare stall enn i fjor, men er likevel skadeutsatt
i dei fleste posisjonane. Det høyrest også ut som enkelte
lepsøyingar allereie har booka opprykksfesten. Sist vi haurte
dette var av Ravn i 2004. Det gjekk gale med dei, og Lepsøy må
også passe seg for å ikkje bli for "høge på
pæra".
Vårt tips: 2. plass
Lepsøy
skuffa i fjor med ein 6. plass. Laget var blant dei beste på våren,
men fall av etterkvart. No er optmismen tilbake på Lepsøya.
Ikkje minst takka vere forsterkningane Frank Gjerde og Alexander Eide.
Desse to vil score mange mål i 6. divisjon. Har i tillegg mange
andre gode spelarar som t.d. Geir Seth, som har vore ønska av
naboklubbane i fleire år ikkje minst etter at han imponerte for
FK Haram i kommunekampen mot Giske. I tilegg kjem Øivind K. Kjerstad
tilbake i nokren månadar i sommar, noko som vil forsterke midtbana
endå meir. Erling Hawkes kjem også tilbake som sommarvikar frå
sine studier i Irland. Lepsøy har endå til gode å
tape denne sesongen, men har då også spelt få treningskampar.
Vi trur Lepsøy blir med i toppen, og med litt flaks tek ein 2.
plassen og får spele kvalifisering om opprykk.
Vårt Lepsøy-minne: Øyacupane på Lepsøy
er alltid dei beste, synst Norborg-familien. Bra bane, best camp, minst
mygg, best infrastruktur og nærmast Norborgland. I 2004 var det
så duka for Lepsøy som øyacuparrangør. Norborg
imponerte med godt spel den første dagen og hadde få problem
med å vinne sine kampar mot Harøy og HaNo. I finalen skulle
ein så møte arrangørlaget Lepsøy. Lett match
tenkte norborgarane på laurdagskvelden, men Lepsøy var
lure. Dei sørga alltid for at Norborg-spelarane hadde "forfriskningar"
i hånda utover kvelden, natta, morgonen... Det gjekk då
som det måtte gå. Eit opplagt Lepsøy-lag overkjørte
tidvis oransjetrøyene og berre ein god Geir Roar Gamlem hindra
eit større tap enn 1-0.
|