Vårt tips: 8. plass

Langevåg 2. lag


Plassering 2006:

7. plass i 6. divisjon

Heime 2006:

3-3-3 23-26

Borte 2006:

3-1-5 27-41

Toppskårar 2006:

-

Spelartilgang:

-

Spelaravgang:

-

Beste serienotering:

8. plass i 4. divisjon i 2003 (saman med MSIL)


Siste 5 år:

2002

5. divisjon

2. plass

2003

4. divisjon

8. plass

2004

4. divisjon

10. plass

2005

6. divisjon

5. plass

2006

6. divisjon

7. plass


Treningskampar:
28.02 Blindheim2 1-2
11.03 Brattvåg 1-5

Om Langevåg 2. lag

Langevåg 2. lag vart tatt inn i 5. divisjon i 1997. Laget gjorde det då godt og kom på 2. plass. Langevåg2 for like fort som det kom. For i 1998 hadde laget trekt seg. Etterkvart starta nabo MSIL å slite, og Langevåg kom då med nødhjelp. Samarbeidslaget MSIL/Langevåg2 skulle halde i fire sesongar, og opplevde blant anna opprykk til 4. divisjon i 2002. Etter nedrykket frå 4. divisjon i 2004 valgte MSIL å stille eige lag i 5. divisjon. Langevåg2 starta då opp i 6. divisjon.

Styrke:
Efaring?

Vi veit lite om dette laget, men dersom dei fe med seg spelarar i frå A-stallen, så får dei med spelarar med erfaring frå høgt nivå.

Svakheiter:
Defensivt
A-laget slit

Langevåg2 slapp inn mange mål i fjor, spesielt på bortebane. A-laget slit med keeper og mange skader. Vi trur ikkje LIL2 får så mykje hjelp der i frå.

Vårt tips: 8. plass
Langevåg sitt 1. lag går ein tøff sesong i møte. Vi trur ikkje 2. laget får det noko særleg betre og blir passert av Stranda2 denne sesongen.

Vårt Langevåg-minne: Mauseidvåg stadion, 21. august 2002. Toppkamp mellom MSIL/Langevåg2 og Norborg. Norborg leia divisjonen eitt poeng føre MSIL/LIL2, med Tjørvåg halsande bak. Heimelaget stilte dermed med særs mange 3. divisjonsspelarar frå Langevåg i denne toppkampen, og tok då også kommandoen frå start. Norborg fekk verkeleg kjørt seg og MSIL/LIL2 skapte sjanse på sjanse, men lykkast ikkje før eitt minutt før pause då Geir Harald Eikrem sette inn 1-0. I 2. omgang hadde Norborg fått opp tenninga, og kampbiletet endra seg totalt. Medan sjansestatistikken var 7-0 til MSIL/LIL2 før pause, vart den 7-0 til Norborg i andre. Men Norborg greidde ikkje å overliste sin gamle keeper Geir Roar Gamlem, og heimelaget inntok tabelltoppen med 1-0 siger.