Vårt tips: 3. plass

Harøy


Plassering 2006:

Nr. 3 i 6. divisjon avd. 1

Heime 2006:

7-0-2 39-21

Borte 2006:

3-2-4 21-23

Toppskårar 2006:

Stian Harnes 40 mål

Spelartilgang:

Arve Myklebust (HaNo)

Spelaravgang:

-

Beste serieprestasjon:

3. plass i 4. divisjon Romsdal (dagens 3. divisjon) i 1970-71


Siste 5 år:

2002

4. divisjon

12. plass

2003

5. divisjon

7. plass

2004

5. divisjon

8. plass

2005

5. divisjon

11. plass

2006

6. divisjon

3. plass


Treningskampar:
11.02 Fiksdal/Rekdal (b) 2-1
25.02 Giske (vs) 2-0
03.03 Emblem (vs) 2-5
10.03 Valder2 (vs) 1-0
25.03 HaNo (b) 0-2
31.03 Lepsøy (b) 0-6
14.04 HaNo 0-2
14.04 Ellingsøy 0-2
15.04 Ravn 2-1
18.04 Brattvåg2 (h) 4-0

Om Harøy

Harøy IL sitt fotballag vart først innlemma i Romsdalsserien, men etter 1973 sesongen vart dei mørkeblå overført til Sunnmøre. Gjennom 1960-talet og fram til 1974 spelte Harøy stort sett i den gongs 4. divisjon. På starten av 70-talet opplevde klubben sine sterkaste år med to 3. plassar. Overføringa til Sunnmøre vart tøft for harøyingane og det enda med nedrykk første året. I 1976 var ein igjen tilbake i 4. divisjon, men også denne gong enda det med nedrykk. Sidan har ein aldri kome seg opp på dette nivået.

Klubben har dei siste 30 åra variert mellom 4. og 6. divisjon etter dagens seriesystem. Sine beste sesongar desse åra hadde ein i 1983 og 1995, då var ein nær ved å rykke opp til 3. divisjon. I 2003 rykte ein ned til 5. divisjon og i 2005 måtte ein ta turen ned i 6. divisjon. I fjor gjorde laget ein dårleg vårsesong, og sjølv om ein tok 22 av 27 poeng dei siste 9 kampane var laget langt bak 2. plassen.

Styrke:
Angrep
Heimebane

Harøy har kanskje 6. divisjon sitt sterkaste angrep med Stian Harnes og Stig Sandøy. Unge Harnes vart i fjor toppscorar med 32 mål. Sandøy har blant anna vore innom Brattvåg, men er sjømann og vil dermed vere vekke i enkelte kampar. Harøy har ei av fylkets beste baner og her heimelaget svært vanskelege å slå. I fjor måtte blant anna krinsmeister Emblem reise frå Harøya med tap.

Svakheiter:
Sjømenn
Tynn stall

Harøy vil av og til stille svekka pga yrkesval til enkelte spelarar. Både keeper Arve Myklebust og angripar Stig Sandøy er å finne på sjøen og går dermed glipp av enkelte kampar. Laget er i tillegg sårbare for skader sidan ein ikkje har den største stallen.

Vårt tips: 3. plass
Harøy blir å finne i toppen og vil tukte dei fleste når ein har laget intakt. Var 6. divisjon sitt beste lag i fjor haust etter at den polske stopparen Damian Styn kom til klubben og har no fått tilbake keeper Arve Myklebust. Har ei sterk sentrallinje, men vil det halde til opprykk? Nei, vi trur Harøy må gi tapt pga lite stabilitet i troppen.


Vårt Harøy-minne: Uggedal grus, 23. april 1997. Serieopning 5. divisjon mellom Norborg-Harøy. Oransjetrøyene kom opp frå 6. divisjon, medan Harøy kom ned frå fjerde. Norborg hadde mista nær sagt heile laget før sesongen, og stilte med mange gutte- og juniorspelarar. Heimelaget kjempa med nebb og klør, og like før pause presenterte ein ny spelar seg for Norborg-publikummet, nemeg Stein Erik Mårstøl. Han steig til vers og heada inn 1-0. Noko som skulle vise seg å det einaste målet i denne kampen. Norborg inntok tabelltopp og fekk behalde den i to dagar. Dette var for øvreg årets første og siste siger....