|
Om
Giske
Giske vart teken opp i 7. divisjon Sunnmøre i 1970 og har sjeldan
skapt dei store overskriftene. Giske har nesten alltid vore klubb nr.
4 i kommuna med same namn, og har utan unntak spelt i dei to nederste
divisjonane på Sunnmøre. Når klubben får eit
talent så fristar det meir med spel for Valder eller Vigra.
På 2. halvdel av 1990-talet opplevde Giske ein opptur. I 1996
måtte ein først gi tapt for Norborg og Valldal i 6. divisjon
sin opprykkskamp, men året etter var ikkje opprykket til å
kome bort frå. Giske gjorde ein god figur i 5. divisjon 1998 og
tok 4. plassen. Året etter gjekk det endå betre med 3. plass,
berre målforskjellen dårlegare enn Godøy på
2. plass. Aldri har Giske vore så nær 4. divisjon og nivå
2 i lokalfotballen. Då opprykket glapp starta nedturen for dei
kvite. 8. plass i år 2000 vart etterfølgt av nedrykk i
2001. Berre eitt poeng tok Giske dette året. Poenget kom sjølsagt
mot eit Norborg-lag på opprykksjakt. Etter nokre år i 6.
divisjon var Giske tilbake i 5. divisjon i 2005, men måtte tåle
ein rask retur.
Styrke:
Ole Herman Eliassen
Grasbana
Ole Herman Eliassen er mannen å frykte på dette Giske-laget.
Han scorar stort sett eitt mål i snitt pr. kamp, og har vore toppscorar
mange gongar for Giske og Valder. Treningsgrunnlaget for han har likevel
vore så som så i vinter. Giske har 6. divisjon sin flottaste
stadion. Grasmatta blir tidleg klar og tribuna kan missunne ein 2. divisjonsklubb.
Tidleg grastrening kan gi Giske eit lite forsprang på våren.
Svakheiter:
Ujamt lag
Giske er det laget i divisjonen som er mest avhengig av ein enkeltspelar.
Utan Eliassen sine 25 mål hadde kvittrøyene kjempa i botnen.
Vårt tips: 5. plass
Giske
har gått på nokre smellar i treningskampane, men greidde
noko overraskande uavgjort mot Emblem. Har mista Anders Veddegjerde
og har dermed ei svekka midtbane sidan i fjor. Stille med mykje ungt
og vi trur ikkje Giske blir med i den absolutte tetstriden og må
ta til takke med ein plass på midten av tabellen.
Vårt Giske-minne: Giske stadion, 20. mai 1996. Toppkamp
i 6. divisjon avd. 1 mellom Giske og Norborg. Norborg stod med 7 poeng
og 25-3 i målforskjell på sine tre første kampar,
men grunna russefeiring og ein slem bom på Skateflua, så
mangla Norborg i denne kampen sin faste keeper. Kunne Norborg stå
i mot heimelaget og toppscorar Ole Herman Eliassen? Kampen var tett
med eit viss grep om kampen av heimelaget. Det er likevel Norborg som
går til pause med leiing etter mål av Jan Egil Alstadsæter.
2. omgang blir like jamn, men mål av Ståle Hurlen sørger
for at oransjetrøyene vinn 2-1 og toppar tabellen saman med Valldal.
|