|
Om
Brattvåg 2.lag
Brattvåg 2. lag gjorde sitt inntog i seriesystemet på Sunnmøre
i år 2000. Den gong saman med Ravn, som måtte trekke seg
frå 5. divisjon året før. Ravn/Brattvåg2 leverte
ein ujamn sesong og enda til slutt på 6. plass i 6. divisjon avd.
1. Kor mange Brattvåg-spelarar som var med til vanleg på
dette laget har vi ikkje oversikt over, men dei stilte iallfall svært
sterkt i siste seriekamp mot Norborg då ein greidde 3-3 mot opprykksjagande
Norborg. Fyrverkeri vart sent opp og jubelen var stor då ein trudde
Rollon hadde sneke seg forbi Norborg på tabellen, men ti minutt
seinare var rollene snudd. Norborg tok 2. plassen likevel. Samarbeidet
mellom Ravn og Brattvåg tok slutt, og Brattvåg2 kom ikkje
tilbake før i 2003. Laget vart då svært nær
å kvalifisere seg til opprykksspel, men grunna to mål dårlegare
målforskjell enn Ørskog, var det Ørskog som fekk
spele i opprykksdivisjonen. Ein divisjon laget frå Sjøholt
vann. For dei som ikkje huskar 6. divisjon avd. 1 dette året så
kan vi nemne at avd. 1 vart delt i 2 etter vårsesongen. Dei fem
beste starta på nytt å spelte om opprykk, medan dei 7 svakaste
spelte for seg sjølve. Brattvåg medlte ikkje på 2.
lag i 2004, men var tilbake med ein 7. plass i 2005. I år har
ein vore særs aktive på spelermarkedet og har igjen nok
spelarar til eit 2. lag.
Styrke:
Stor stall
Erfaring frå 3. divisjon
Klubb i medgong
Sidan dette er eit 2. lag vil ein nok stille med forskjelleg styrke
frå gong til gong. Vi reknar med at i naboopgjera mot Harøy,
Lepsøy og Norborg2 vil ein stille særs sterkt, medan det
blir litt meir blanding mot dei andre laga. Brattvåg har mange
gode spelarar og mange av benkeslitarane på 3. divisjonslaget
hadde gått rett inn på dei fleste andre 3. divisjonslag.
Gode spelarar som Joakim Stormyr, Adrian Håbet, Jan Tore Fjørtoft,
Azem Maksumic og Martin Sundnes var ikkje med frå start i opningsrunda
i 3. divisjon. Dette er spelarar som ikkje høyre heime i 6. divisjon,
men som nok av og til vil vere med her. Brattvåg er ein klubb
i medgong som satsar hardt. Dette vil nok også gjelde 2. laget.
Svakheiter:
Tilfreds med 2. lagsfotball?
Vil spelarar som er gode nok for 3. divisjon vere nøgde med å
spele 2. lagsfotball i 6. divisjon? Det kan bli vanskeleg å motivere
seg for spel mot Langevåg2 når ein veit ein er god nok til
å møte Langevåg sitt 1. lag. Med ein så stor
tropp har lagleiinga ei utfordring.
Vårt tips: 1. plass
Dersom Brattvåg verkeleg satsar på å få dette
laget opp i 5. divisjon så er det ingen som kan stoppe dei. Men
satsar ein berre 90% så er det ikkje lang veg ned til 3. - 4.
plass. Vi trur Brattvåg si leiing tenke eit par år fram
i tid og dermed vil ha 2. laget opp ein divisjon.
Vårt Brattvåg-minne: Øyacup
2003 på Nordøy stadion. Norborg rundspelte 3. divisjonslaget
Brattvåg og leia 4-0 fem minutt før slutt etter eit straffemål
av Grønli og hat-trick av Krogsethagen. Kim sine mål var
to audmjukande lobbar og ein tunnell på keeper Espen. Vakkert!
|