Vårt tips: 11. plass

Stordal


Plassering 2003:

Nr. 12 i 3. divisjon

Heime 2003:

1-1-9 8-39

Borte 2003:

0-0-11 7-63

Toppskårar 2003:

?

Spelartilgang:

Odd Brede Langdal (Valldal)

Spelaravgang:

Robert Sjøholt (Ørskog)

Beste serieprestasjon:

5. plass i 3. divisjon (1992) - (9. plass i gamle 3. divisjon (2. div) Sunnmøre i 1962)


Siste 5 år:

1999

4. divisjon

_6. plass

2000

4. divisjon

_3. plass

2001

4. divisjon

_1. plass

2002

3. divisjon

_9. plass

2002

3. divisjon

12. plass


Treningskampar:

TIL/Fiksdal/Rekdal

2-6

Ørskog

2-4

TIL/Fiksdal/Rekdal

1-2


Vi stilte Stordal sin oppmann John Øie nokre spørsmål:

1. Kva er målsettinga til Stordal komande sesong?

Vi tek sikte på ein plass kring midten

2. Korleis er stallen til Stordal i år?
Veldig stor alderskilnad. Mange nye unge har kome til, medan ein del av dei eldre er i ferd med å trappe ned.

3. Fornøgd med treningsopmøtet?
Det kunne vore betre, og blir det også når graset vert grønt.

4. Fornøgd med resultata i treningskampane?

Få kampar. Mange unge har vore nytta. Prestasjonane har vore ujamne.

5. Kven trur du kjem til å rykke opp?

Laga som kom ned blir sterke. Elles har Norborg noko på gang.

6. Vi tippar Stordal på 11. plass. Kva er din kommentar til dette?
Stordal vil svinge ein del i år.

Vi takkar John Øie for svar og ønskjer Stordal lykke til med sesongen.


Om Stordal

Stordal kom tidleg med i Sunnmørsfotballen og kan difor skryte av å ha vore i 2. divisjon (etter dagens ordning) i seriesystemet. Dette var tilbake i 1962 då laget kom på ein 9. plass i gamle 3. divisjon Sunnmøre. På grunn av omlegging av serien det året ga 9. plassen dobbeltnedrykk, og laget fann seg sjølv i 5. divisjon. I 1964 vart det opprykk til gamle 4. divisjon og laget spelte der i to sesongar. Så var "storheitstida" over for denne gong. Laget gjekk frå strake vegen frå gamle 4. til 6. divisjon. 25 år skulle det gå før Stordal igjen var tilbake på nivå 4 i norsk fotball, og med knappe 1000 innbyggjarar i kommuna viste Stordal imponerande resultat på første halvdel av 1990-talet då laget laget fekk 5 strake sesongar i 3. divisjon. Stordal rykte ned igjen i 1995 og spelte 6 sesongar i 4. divisjon før dei på ny var tilbake i 3. divisjon i 2002.

Ifjor hadde Stordal ein katastrofesesong med tap etter tap, og svært få spelarar disponibel. 1 siger på 22 kampar og 15-102 i målforskjell vart fasiten. Det vart etter sesongen diskutert samanslåing med ein naboklubb (truleg Valldal), men Stordal stille stadig lag aleine.

Defensivt:
Ifjor spelte laget på eit nivå dei ikkje høyrte heime og slapp sjølvsagt inn mange mål. Sist gong dei var i 4. divisjon (2001) var dei divisjonens mest gjerrige lag (23 mål imot). I dei få treningskampane vi veit laget har spelt har det også blitt ein del mål imot (12 på 3 kampar). Ingenting tilseie at Stordal ikkje blir eitt av dei laga som slepp inn flest mål.

Offensivt:
Scorte svært få mål i 3. divisjon ifjor, men har fått tilbake Odd Brede Langdal frå Valldal framfor denne sesongen. Han vil heilt klart styrke angrepet, men ikkje nok til at Stordal dunkar inn mål etter mål.

Stallen:
Stordal slit med ein liten stall. Det har riktignok betra seg frå ifjor då laget verkeleg sleit for å stille lag. Dukka då for eksempel opp til ein treningskamp mot Brattvåg med berre 9 spelarar, noko som førte til at eit par BIL-spelarar står i Stordal sin adelskalender.

Vårt tips: 11. plass
Stordal sine gode år er forbi, kanskje for godt. Har få å ta av, og må belage seg på nedrykk til 5. divisjon.