Vårt tips: 1. plass

Haramsøy/Nordøy FK


Plassering 2003:

Nr. 10 i 3. divisjon

Heime 2003:

2-3-6 18-21

Borte 2003:

5-0-6 20-25

Toppskårar 2003:

-

Spelartilgang:

Ove Otterlei (Fjørtoft) og Thomas Gjerde (Lepsøy). I tillegg har Stig-Erik Nogva, Richard Hansen og Audun Steen komt opp frå gutelaget.

Spelaravgang:

Tore Fjørtoft (Ullern)

Beste serieprestasjon:

6. plass i 3. divisjon (2000 og 2002)


Siste 5 år:

1999

3. divisjon

11. plass

2000

3. divisjon

_6. plass

2001

3. divisjon

11. plass

2002

3. divisjon

_6. plass

2002

3. divisjon

10. plass


Treningskampar:

Valder

3-3

Bergsøy

2-1

Brattvåg

4-1

Ravn

8-1

Ørsta

0-3

Midsund

1-10

Stranda

3-5

FK Sykkylven

6-0


Vi stilte HaNo-guru Kenneth Ulla nokre spørsmål

1. Kva er målsettinga til HaNo komande sesong?
Målet vårt er å prestere jamnare enn i fjor. Dersom vi får vere nokonlunde skadefrie, har vi ambisjonar om å kjempe i toppen av 4. divisjon.

2. Fornøgd med treningsopmøtet?
Treningsoppmøtet har vore jamt godt heile vinteren. Einaste bekymringa er at ein del nøkkelspelarar har vore langtidsskada, og dermed ikkje fått trent så godt.

3. Fornøgd med resultata i treningskampane?
Treningskampane har svinga voldomt. Frå det mykje omtalte 10-1 tapet mot Midsund, til siger 4-1 over Brattvåg, 2-1 mot Bergsøy og 8-1 over Ravn.

4. Kven trur du kjem til å rykke opp?
Synest at årets 4. divisjon er veldig vanskeleg å tippe. Trur mange av laga som er forventa i toppen kan slite med stabiliteten. Trur at Stranda og Norborg kjem til å ligge høgt oppe. Kanskje vil Blindheim/Emblem overraske?

5. Vi tippar HaNo på 1. plass. Kva er din kommentar til dette?
Å bli tippa som opprykksfavoritt ser vi på som eit komplement og samstundes ei utfordring. Vi veit at det er vanskeleg for lag som har rykt ned å snu trenden frå å tape fotballkampar til å vinne dei igjen. Vi føler likevel at vi har ein stall som skal vere god nok til å hevde oss i divisjonen. Dei fleste har erfaring frå fleire års spel i 3. divisjon. Vi er likevel fullt klar over at fotballkampar ikkje vinn seg sjølv. Reknar med at mange lag vil prøve å ta "skalpen" vår. Dette er berre ei ekstra utfordring for oss. Vi gler i alle fall til seriestarten!

Vi takkar Kenneth Ulla for svar, og ønskjer HaNo lykke til med sesongen.


Om HaNo
Fram til 1984 hadde Haramsøy og Flemsøy kvart sitt lag. To lag som ikkje sette så djupe spor i sunnmørsfotballen, men Haramsøy var faktisk ein liten tur innom den gamle 4. divisjon i 1974. Laget kom på 9. plass og gjekk rett ned. 10 år etter kom Nordøy (Flemsøya sitt lag) sist i gamle 6. divisjon avdeling B og slo dermed selskap ilagmed Haramsøy i 7. divisjon. Om det var dette nedrykket som var den utløysande årsaken til at laga samlast til møte på Nordøy grendahus veit ikkje vi, men 23. desember 1984 såg iallfall fotballklubben Haramsøy/Nordøy dagens lys. Laget starta i 7. divisjon, men var ikkje snauare enn at dei rykte opp på første forsøk.

Trass den gode starten var det likevel ikkje før på 1990-talet at klubben verkeleg vakna til liv. Frå 1992 till 1997 vart det kjørt litt heis mellom 4. og 5. divisjon, men i 1998 tok laget steget opp på øvste sunnmørsnivå då dei vann 4. divisjon. Livet i 3. divisjon varte i 5 sesongar med høgst variable resultat. To imponerande 6. plassar, ein 10. og to 11. plass vart fasiten. Det ironiske er at den sesongen alle hadde trua på at HaNo kunne gjere det bra og utfordre Brattvåg som Harams beste lag, enda med nedrykk. Nedrykket kom først og fremst på grunn av få poeng på heimebane, samt slett innsats i haustkampane mot botnlaga Aksla og Stordal. Stordal fekk sin einaste siger mot HaNo. Har før denne sesongen skaffa seg ny trenar i Bjørn Nedreskodje.

Defensivt
Sjølv om det vart nedrykk slapp ikkje HaNo inn så mykje mål i fjorårets 3. divisjon. Har framfor denne sesongen mista dyktige Tore Fjørtoft til Ullern, samt keeper Jan Arve Storås på grunn av sjukdom. På keeperplassen har dei henta inn Thomas Gjerde frå Lepsøy. Han spelte stort sett back på moderklubben, men ifølgje våre kjelde har gjort sine saker bra i treningskampane. Trass 18 baklengs i kampane mot Ørsta, Midsund og Stranda tur vi HaNo har eit stødig forsvar. Sidan møtet med Stranda har dei iallfall ikkje sluppet inn mål på ca. 290 minutt.

Offensivt
Har scora brukbart med mål i treningskampane denne vinteren/våren, men vi set med følelsen av at HaNo manglar ein skikkeleg goalgetter sjølv om Per Jarle Fjørtoft har scora 7 mål på 7 treningskampar (før Vårcup). Dette kom blant anna til syne på fjorårets øyacup-fianle då laget produserte 10-15 store sjansar mot Norborg utan å score. Det positive for HaNo er at dei alltid spelar seg til mange sjansar. Har mange spelarar med god teknikk og er istand til å spele rask fotball langs bakken.

Stallen
HaNo har ein stor stall og stiller difor 2. lag i 6. divisjon, men er tynt besatt når det gjeld spissar.

Vårt tips: 1. plass
HaNo hadde uflaks som rykte ned ifrå 3. divisjon, har ein sterk første 11'ar og held sentrale spelarar seg skadefri så trur vi dei lett vil ta seg tilbake til 3. divisjon på første forsøk. Vi gir iallfall HaNo tillit og tippar dei på 1. plass!

Nøkkelspelarar: Ivar Fjørtoft, Asgeir Nogva og Per Jarle Fjørtoft