Vårt tips: 10. plass

Ellingsøy


Plassering 2003:

Nr. 9 i 4. divisjon

Heime 2003:

5-1-5 25-28

Borte 2003:

1-2-8 14-32

Toppskårar 2003:

Arnstein Hoff 12 mål

Spelartilgang:

?

Spelaravgang:

?

Beste serieprestasjon:

9. plass i 2. divisjon (etter dagens serieordning) i 1974


Siste 5 år:

   

1999

3. divisjon

_9. plass

2000

3. divisjon

10. plass

2001

4. divisjon

_2. plass

2002

3. divisjon

12. plass

2003

4. divisjon

_9. plass


Treningskampar:

Blindheim/Emblem

0-7

Ravn

2-3

Vigra

3-1

MSIL/LIL2

3-3

Godøy

0-3


Om Ellingsøy

Ellingsøy kom framfor fjoråret ned frå 3. divisjon og var nær ved å gå strake vegen ned i 5. divisjon. Laget sleit ifjor på nedre halvdel gjennom heile sesongen, og var ofte under nedrykksstreken. Men trass i at laget avslutta med tre tap haldt dei tre lag bak seg på tabellen og får delta i 4. divisjon i år også. Laget er tydeleg inne i eit generasjonsskifte, men når sommaren kjem knyte som regel "gamlingane" på seg skoa for å redde laget frå nedrykk.

Defensivt:
Før fjorårssesongen ga midtstopparane Ingolf Røren og Kay Lorgen seg. Dette gjorde sitt til at Ellingsøy slapp inn mange mål. Har fortsett med dette i årets treningskampar. Manglar tempo i forsvaret og EIL keeperen må nok plukke mange ballar ut av nettet i år også.

Offensivt:
Ellingsøy scorte ifjor brukbart med mål heime, men få borte. Mista ifjor Sindre Myklebust midt i sesongen og må stole på at Arnstein Hoff finn vegen til nettmaskene i år også. Har også ein frisparkspesialist i Lennart Clausen på laget.

Stallen:
Er inne i eit generasjonsskifte og har ein svak stall.

Vårt tips: 10. plass
Ellingsøy starta vinteren med to svake kampar. Stortap for divisjonskollega Blindheim/Emblem og eittmålstap for 6. divisjonslaget Ravn. Har skjerpa seg sidan det og har slått til med sterke 3-1 over Vigra. Likevel trur vi at laget vil få slite i botnen av tabellen. Det vi såg av laget ifjor held til maks 10. plass i år. Forsterkningar må til.