Vårt tips: 3. plass

Blindheim/Emblem


Plassering 2003:

Nr. 1 i 5. divisjon

Heime 2003:

7-1-3 41-25

Borte 2003:

9-1-1 47-17

Toppskårar 2003:

?

Spelartilgang:

Har fått nye spelarar frå Skarbøvik (Terje Ottersen), Herd, Spjelkavik, Namsos og Skodje + noen som har børstet støv av skoa

Spelaravgang:

Eit par spelarar

Beste serieprestasjon:

1. plass i 5. divisjon (2003) - (Blindheim oppnådde ein 3. plass i gamle 4. div. i 1980)


Siste 5 år:

1999

5. divisjon

5. plass

2000

5. divisjon

6. plass

2001

5. divisjon

8. plass

2002

5. divisjon

6. plass

2003

5. divisjon

1. plass


Treningskampar:

Godøy

2-0

MSIL/LIL2

2-0

Ellingsøy

7-0

Rollon

5-1

Sunnylven

6-3

MSIL/LIL2

5-1

Vigra

3-1


Vi stilte Blindheim/Emblem sin lagleiar Magne Aarsnes nokre spørsmål

1. Kva er målsettinga til B/E komande sesong?
Vi vil etablere oss i 4. divisjon

2. Fornøgd med treningsoppmøtet?
Meget godt fornøgd

3. Fornøgd med treningskampane?
Har ingen tap og er godt fornøgd

4. Korleis er stallen oppbygd?

Har mye ungt, men god rutine balanserer

5. Kven trur du kjem til å rykke opp?
Norborg som sikker

6. Vi tipper Blindheim/Emblem på ein 3. plass. Kva er din kommentar til dette?
BIL/EIL kan bli en overraskelse

Vi takker Magne Aarsnes for svar og ønsker Blindheim/Emblem lykke til med sesongen.


Om Blindheim/Emblem

Trass eit stort befolkningsgrunnlag valde dei to klubbane Blindheim og Emblem før 1999 sesongen å slå saman herrelaga sine. Begge laga hadde i 1998 hatt svake resultat i 5. divisjon med 10. plass til Emblem og 11. på Blindheim Går vi lenger tilbake i tid finn vi ut at Blindheim har best resultat å vise til. Laget hadde gode resultat i 3 divisjon (etter dagens ordning) på 1980-talet med 3. plass i 1980 som det beste. I 1989 måtte laget ta turen ned i 4. divisjon, og har sidan aldri kome seg opp igjen til høgste nivå i sunnmørsfotballen.

Samanslåinga med Emblem, som alltid har vore i dei lågaste divisjonane på Sunnmøre, ga heller ingen umiddelbare frukter. I dei 4 første åra vart det middelmådige plasseringar i 5. divisjon, men ifjor vakna laget og tok heim krinsmeisterskapet i 5. divisjon. Er dette starten på noko stort for samarbeidsklubben Blindheim/Emblem? Ting kan iallfall tyde på det ser vi på vinterens treningskampar.

Defensivt:
B/E slapp inn forhaldsvis mange mål (42 på 22 kampar) for å vere ein divisjonsvinnar, men i årets treningskampar har laget opptrådd gjerrig. 6 mål imot på 7 kampar mot god motstand tyder på at laget har styrka det defensive. Sist vi såg laget i aksjon (2002) hadde dei eit fysisk sterkt forsvar som tok seg av det meste i lufta.

Offensivt:
Med 88 mål var det ingen som scora fleire mål enn B/E på Sunnmøre ifjor. I treningskampane denne vinteren har det også blitt mange mål (30 på 7 kampar), og med Terje Ottersen (ex-SIF) tilbake på topp er det ingenting som tyde på at B/E ikkje vil finne nettmaskene i årets 4. divisjon. Har også måfarlege spelarar i Lars Andreas Vegsund og Øyvind Dalseth.

Stallen:
Blindheim/Emblem kjem frå ein befolkningsrik del av Sunnmøre og har mange å ta av. Dette har ført til at B/E også stille med eit lag i 6. divisjon. Men trass 2. lag trur vi B/E har ein ganske svak benk og tåler ikkje mange skader.

Plassering: 3. plass
Vi trur nykommaren Blindheim/Emblem kjem til å kjempe heilt i toppen av 4. divisjon. Laget er fysisk sterkt, scorar mange mål og har imponert i treningskampane med solide sigrar over bl.a. Godøy, MSIL/LIL2, Sunnylven og Vigra. Laget trives godt på små baner der det oppstår mange duellar og situasjonar framfor mål. Har mange unge og svoltne spelarar som kan gjere det heilt store med ein god start.

Nøkkelspelarar: Terje Ottersen og Lars Andreas Vegsund