|
Om
Aksla
Aksla er ein tradisjonsrik klubb på Sunnmøre som kom tidleg
med i seriespelet. Laget spelte på 1950-talet på nivå
3 i norsk fotball. Divisjonen vart kalla 1. divisjon Distrikt 7 (Sunnmøre/Romsdal).
Aksla var blant Sunnmøre sine beste lag nær sagt gjennom
heile 50-talet og fram til 1962. Då rauk laget på eit dobbeltnedrykk
på grunn av omlegging av seriesystemet. Laget vann gamle 5. divisjon
i 1963, men vart sist i gamle 4. divisjon året etter, og levde
då eit anonymt liv i Sunnmørsfotballen ein del år.
I 1971 var likevel Aksla tilbake i gamle 4. divisjon og i 1974 kunne
dei juble for opprykk til 3. divisjon Møre. Gleda vart kortvarig
sidan det enda med nedrykk året etter. Sidan 1975 har Aksla veksla
mellom spel i det vi no kallar 3. og 4. divisjon.
Etter nokre svake sesongar i 4. divisjon mottok Aksla framfor 2002 sesongen
fleire gode spelarar. Dette var spelarar som hadde erfaring frå
høgare divisjon, eller som hadde vore innom juniorlaga til AaFK
og SIF, men som ikkje ville satse skikkeleg. Likevel, gode spelarar
som tok Aksla til 3. divisjon. Organisasjonen Aksla var ikkje klar for
spel på dette nivået, og dette gjorde forholda til spelarane
svært vanskeleg. Aksla oppfylte ikkje krava til 3. divisjon, og
mangla både speaker og kiosk. Vinteren 2003 truga spelarane med
å trekke laget dersom det ikkje vart betre. Ting vart tydelegvis
litt betra for Aksla stilte til start i fjorårets 3. divisjon.
Laget plukka ein del poeng heime på grusen i Ratvika, men langt
frå nok til å halde plassen.
Framføre årets sesong ville klubben slå seg i lag
med Rollon. Rollon skulle administrere 4. divisjonslaget, medan Aksla
skulle administrere 2. laget i 5. divisjon. Dette gjekk ikkje krinsen
med på, og samarbeidet vart lagt på is. Aksla mista då
fleire av sine beste spelarar til Rollon. I det heile går den
tradisjonsrike klubben ei svært usikker framtid i møte.
Senirolaget vart i år redda av at gamle helter knytte på
seg skoa igjen.
Defensivt:
Slapp inn mange mål på bortebane, men var ikkje like lekk
heime. Har mista den gode backen Johan Strand framfor denne sesongen.
Erstattarane er nærmare 40 år.
Offensivt:
Scorte ikkje all verda med mål ifjor, og har mista ein del spelarar
sidan då. Sidan vi ikkje har nokon treningsresultat frå
laget veit vi lite om korleis laget er i år.
Stallen:
Sidan halve laget har gått til Rollon trur vi Aksla har
ein liten og kvalitetsmessig svak stall. Mykje ungt og mykje svært
gammalt. Junior og Old Boy's lag som er slått saman.
Vårt tips: 12. plass
Aksla blir vår dumpekandidat i årets 4. divisjon. Laget
var tydeleg ikkje godt nok for 3. divisjon ifjor, og sidan dei beste
spelarane har forlatt klubben skal det eit under til om Aksla reddar
plassen. Har laget i det heile spelt kampar før årets sesong
sparkast igong?
Nøkkelspelarar: Nei, dei er i Rollon. Har 4. divisjons
mest kjende spelar i Ramsy Suleiman. Han er derimot kjend for andre
aktivitetar enn fotball. Ola Engvik er ein spelar som har vore oppe
på høgt nivå, og dersom han er i form blir han ei
viktig brikke for laget.
|