Vårt tips: 9. plass

Vigra


Plassering 2007:

Nr. 2 i 5. divisjon

Heime 2007:

9-1-1 40-10

Borte 2007:

5-5-1 26-11

Toppskårar 2007:

-

Spelartilgang:

Karl Martin Giske og Mads Skjong (begge fra Valder)

Spelaravgang:

Alexander Holm (Godøy), Bjørn Erik Rørvik (Giske) og Henrik Synnes (AaFK)

Beste serieprestasjon:

2. plass i 3. divisjon (1985) (etter dagens system)


Siste 5 år:

2003

4. divisjon

_3. plass

2004

4. divisjon

_6. plass

2005

4. divisjon

11. plass

2006

5. divisjon

_6. plass

2007

5. divisjon

_2. plass


Treningskampar:
23.02 ÅVK (vs) 0-4
01.03 Norborg (vs) 0-1
10.03 Ellingsøy (b) 1-1
31.03 Godøy 1-6
06.04 Ravn 7-0
10.04 Ellingsøy 1-0

Vi har stilt Vigra IL sin Stig Rune Sætre nokre spørsmål

1. Kva er målsettinga til Vigra komande sesong?

Målsettinga må helt klart være og holde seg i divisjonen. Vi har akkurat rykket opp og har en ung spillertropp. Vi tar en kamp av gangen og ser hvor det ender :)

2. Korleis har treningsoppmøtet vore i vinter?
Litt variabelt som vanlig, men stort sett bra. Når alle er friske og raske har vi en stor tropp på over 20 stk.

3. Fornøgd med treningskampane?
Tja, der har vi vært noe uheldige. Mange kamper har blitt avlyst pga dårlig vær, men vi har hatt noen og er fornøyd med fremgangen vi har i hatt i de foregående kampene. Siste kampen endte med 7-0 seier over Ravn. Den kunne godt endt 15-0. Så alt tyder på at formen er stigende!

4. Har dere fått nye spelarar sidan i fjor? Kven? Kva har desse tilført spelarstallen?

Vi har fått noen nye spillere. Karl Martin Giske fra Valder, Mads Skjong fra Valder, Oliver Gjøen kom forrige sesong fra Valder, men er med for fullt i år. Ellers har vi fått opp 4 14-15 åringer som ser meget bra ut. De har alle trent med oss fast i vinter og viser prov på meget stort talent alle sammen. De nye spillerne tilfører stallen mye og jeg er ganske sikker på at flere etter hvert vil være fast inventar i start 11.

5. Avgang? Alexander Holm til Godøy, Bjørn Erik Rørvik til Giske og Henrik Synnes til Aafk. 3 spillere som vi helt klart vil savne. Gode spillere alle tre.

6. Kven trur du kjem til å kjempe om opprykk?
Det blir nok Ørsta, Stranda og Bergsøy som vil kjempe om opprykk.

7. Vi tipper Vigra på 9. plass. Kva er din kommentar til dette?
Om vi får laget til og spille sammen og treningsoppmøtet forblir det samme så kan det være et godt tips.

8. Noko anna du vil seie til norborg.com sine lesarar?

Lykke til i sesongen 2008. Fotball er gøy!! Vi gleder oss til seriestart på Vigra!

Vi takker Stig Rune Sætre for at han tok seg tid til å svare på våre spørsmål, og ønsker Vigra lykke til med sesongen.


Om Vigra

Vigra er truleg det laget som har kjørt heis mellom 3. og 4. divisjon (vi brukar dagens system) på Sunnmøre flest gongar. Sidan 1968 har det blitt 7 opprykk og 7 nedrykk. Vigra sine beste plasseringar er ein 3. plass i 3. divisjon i 1971 og ein 2. plass i 3. div. i 1985. Begge gongane enda det med nedrykk sesongen etter.

Etter tre år i 3. divisjon var Vigra framfor 2003 tilbake i 4. divisjon. Laget kjempa både i 2003 og 2004 lenge om opprykk, men diverre for Vigra fekk ein formsvikt når det gjaldt som mest. Sidan den gong har det gått verre for dei gule. Nedrykk i 2005 vart etterfulgt av ein middels sesong i 5. divisjon. Under Erlend Holm si leiing i fjor gjekk det mykje betre, og laget er igjen

Styrker:
Rutinert forsvar
Innsats

Svakheiter:
Tynt bak første 11'aren
Offensivt

Vigra har dei seinare åra hatt eit rutinert med Amund Hjelle og Arild Årseth i spissen. Desse er stadig med, Hjelle no også som trenar. Vigra trivst best med å ligge i forsvar å vente på at motstandaren skal gjere feil. Er eit brukbart kontringslag, men scorar alt i alt for få mål. Det har ein også gjort i årets treningskampar, men Idar Molnes seiast å vere på veg tilbake, og då er ingen trygg!

Sidan opprykket har ein mista nokre spelarar, men også fått inn eit par i frå Valder. Sjølv om Vigra har ein 20 mannstropp når alle er med, trur vi dei er avhengig av at dei rutinerte er med. Laget blir raskt svekka når spelar nr. 12 og 13 skal inn frå start.

Vigra har ikkje vist til det beste i treningskampane, men vi trur laget vil bli betre når det blir kamp om poeng. Då vil fleire av dei rutinerte vere med. Vi trur Vigra sikrar seg ein plass i neste års 4. divisjon takka vere eit godt forsvar, god rutine og alltid høg innsats.

Vårt tips: 9. plass