Vårt tips: 10. plass

Vartdal


Plassering 2007:

Nr. 1 i 5. divisjon

Heime 2007:

8-1-2 35-20

Borte 2007:

9-0-2 34-13

Toppskårar 2007:

-

Spelartilgang:

Nei

Spelaravgang:

Nei

Beste serieprestasjon:

5. plass 3. divisjon i 1983 og 1988 (dagens seriesystem)


Siste 5 år:

2003

5. divisjon

5. plass

2004

5. divisjon

11. plass

2005

6. divisjon

2. plass

2006

5. divisjon

11. plass

2007

5. divisjon

1. plass


Treningskampar:
12.01 Norborg (b) 1-5
06.02 Sæbø (h) 9-2
18.02 Åmdal (h) 2-3
23.02 Hornindal 2-1
04.03 Sæbø (b) 3-3
08.03 Lom (h) 4-6
29.03 Hovdebygda (h) 3-3
06.04 Herd 0-3
12.04 Blindheim

Vi stilte Vartdal sin trenar Geir-Arne Kaspersen nokre spørsmål

1. Kva er målsettinga til Vartdal komande sesong?

Målsetninga blir å etablere seg i 4.div.

2. Korleis har treningsoppmøtet vore i vinter?
Treningsoppmøte har vore bra, jamt over 15-20 stk på kvar trening, men har vore litt skader også.

3. Fornøgd med treningskampane?
Er vel fornøgde med treningskampar, har fått en del svar på dei, og ser at vi har komt oss med det som trengs å jobbe med.

4. Har dere fått nye spelarar sidan i fjor? Kven? Kva har desse tilført spelarstallen?
Nei. Same spelarstall som ifjor, enda.

5. Avgang? Nei

6. Kven trur du kjem til å rykke opp?
Ørsta, Bergsøy, Stranda kjem vel til å kjempe i toppen i år. Kanskje Norborg?? :-)

7. Vi tipper Vartdal på 10. plass. Kva er din kommentar til dette?

Det er alltids lov å tippe, vanskelig å seie. Men vi tippar sikker plass i divisjonen!

8. Noko du har på hjertet til norborg.com sine lesarar?
Lykke til i sesongen. So ser vi fram til å møte dokke igjen! Velkomen til Vartdal.

Vi takkar Geir-Arne Kaspersen for at han tok seg tid til å svare på spørsmåla, og ønsker Vartdal lykke til med sesongen.


Om Vartdal

Vartdal er tilbake i 4. divisjon for første gong sidan 2002. Heller ikkje dei største optmistane trudde vel på det hauste 2006 då laget enda nest sist i 5. divisjon og var klare for nedrykk. Men så kom Brandal med ei hjelpande hand og sa frå seg plassen i 5. divisjon. Vartdal fekk dermed ein ny sjanse og takke for tilliten med opprykk og KM-tittel.

Vartdal med sine omkring 800 innbyggjarar har sjeldan utmerka seg på fotballkartet. Laget hadde si storheitsperiode på 1980-talet då det vart 5. plass i den gongs 4. divisjon både i 83 og 88. Laget rykte imidlertid ned året etter i begge høva.

Tre KM-titlar har laget også fått med seg. Den første i 1972 då laget vann 7. divsjon. I 1982 vart det KM-tittel i 5. divisjon og den tredje kom altså i fjor. I 1980 spelte ein kamp om KM-tittelen i 6. divisjon mot Norborg. Norborg vann 2-1 heime og 3-0 borte.

Styrke:
Patriotisme
Heimebane

Svakheiter:
Ujamn stall
Forsvar
Ingen forsterkingar

Patriotismen står sterkt i Vartdal. Mange langs Vartdalsstranda har endå ikkje funne seg i at dei i 1964 kom inn under Ørsta kommune etter å ha vore sjølvstendige i nær 70 år. Patriotisme kan gi ein del poeng, men ikkje nok til å gjere det godt på dette nivået, som trass alt er ein god del høgare enn i 5. divisjon. Kjem nok til å ta sine fleste poeng heime på Vartdal stadion, som er einaste stadion i divisjonen utan eigne garderober. Dei finn du på skulen over elva.

Vartdal skulle i utgangspunktet spele i 6. divisjon i fjor, og det er då klart at vi finn ein del spelarar som vil slite med nivået i fjerde. Då vi såg Vartdal i vinter var det eit ujamnt lag der nokre av spelarane hadde god fart og brukbar teknikk, medan andre fall igjennom. Laget hadde då nokre forfall grunna sjukdom, men skal blåtrøyene plukke nok poeng i divisjonen til å stå, må ein unngå skader. Laget har heller ikkje fått forsterkingar sidan opprykket.

Laget har sluppe inn mange mål i vinter utan å ha møtt den sterkaste motstanden. Spesielt på backplass sleit laget då vi såg dei.

Vi trur Vartdal går mot ein tøff sesong og må belage seg på ein del tap. Det er noko anna å møte Ørsta og Bergsøy enn Åmdal og Hovdebygda. Unngår ein skader og held oppe humøret så trur vi blåtrøyene skal unngå nedrykk og knipe 10. plassen, som gir sikker plass om Skarbøvik held seg i 2. divisjon.

Plassering: 10. plass