Vårt tips: 8. plass

Sunnylven


Plassering 2007:

Nr. 10 i 4. divisjon

Heime 2007:

4-2-5 24-27

Borte 2007:

1-2-8 11-34

Toppskårar 2007:

Terje Flåm, Olav Åge Åsen og Jan Ove Aslaksen hadde alle 6 mål

Spelartilgang:

Eirik Stenberg (Kårvåg/Havørn), Are Tafjord, Andreas Fjørstad, Stian Helsem (alle fra Stranda) og Ole Hjalmar Bonsaksen frå eigen stall.

Spelaravgang:

Olav Åge Åsen (student), Karl Andre Birkhol, Kalle Hjelle, Ole Arnstein Ringdal, Terje Flåm (alle lagt opp), Nicolai Græsdal (student), Jens-Arve Forbord og Arne Storstein (begge trappa ned)

Beste plassering:

12. plass i 3. divisjon (2000)


Siste 5 år:

2003

5. divisjon

_2. plass

2004

4. divisjon

_4. plass

2005

4. divisjon

_8. plass

2006

4. divisjon

10. plass

2007

4. divisjon

10. plass


Treningskampar:
12.03 Hornindal 3-2
18.03 FK Sykkylven2 2-2
29.03 Vang 0-0
02.04 Skodje 2-4

Vi har stilt Sunnylven sin sportslege leiar Steinar Hjelle nokre spørsmål:

1. Kva er målsettinga til Sunnylven komande sesong?
Målet er at vi skal kunne spele så bra at vi kan ta poeng i kvar kamp.

2. Korleis har treningsoppmøtet vore i vinter?
Varierande oppmøte, kunne gjerne vore betre.

3. Fornøgd med treningskampane?

Kampane er vi fornøgde med, avslører både sterke og svake sider.

4. Har dere fått nye spelarar sidan i fjor? Kven? Kva har desse tilført spelarstallen?

Ja, vi har fått nokre unge lovande spelarar. Eirik Stenberg (Kårvåg/Havørn), Are Tafjord, Andreas Fjørstad, Stian Helsem (alle fra Stranda) og Ole Hjalmar Bonsaksen frå eigen stall. Alle desse bidreg med ungt pågangsmot og entusiasme, og at laget og troppa som heilheit får meir breidde.

5. Avgang? Olav Åge Åsen (student), Karl Andre Birkhol, Kalle Hjelle, Ole Arnstein Ringdal, Terje Flåm (alle lagt opp), Nicolai Græsdal (student), Jens-Arve Forbord, Arne Storstein (begge trappa ned).

6. Kven trur du kjem til å kjempe om opprykk?
Vi har kun fokus på våre oppgåver, og dei to beste laga rykker opp uansett.

7. Vi tipper Sunnylven på 8. plass i år. Kva er din kommentar til dette?

Vi har siste sesongane blitt plassert lavare, så om vi havner som nr. 8 så betyr det at vi har tatt ein del poeng og har havna på ein rimeleg trygg og god plassering.

8. Noko anna du vil seie til norborg.com sine lesarar?
Vil ynskje alle lag lykke til med sesongen!

Vi takkar Steinar Hjelle for at han tok seg tid til å svare på spørsmåla og ønsker Sunnylven lykke til med sesongen.


Om Sunnylven

Sunnylven kom inn i seriesystemet i 1980 og gjorde seg då umiddelbart bemerka ved å bli krinsmeistrar i 7. divisjon. I dei ti første åra spelte laget i dei to lågaste divisjonane på Sunnmøre, men når 90-talet kom starta klubben å røre på seg. Laget tok sin andre krinsmeistertittel i 1991 (6. divisjon) og i 1994 vart det på nytt opprykk. Sunnylven gjorde ein bra førstesesong i 4. divisjon med ein 7. plass, men året etter måtte klubben ta turen ned til 5. div. I 1998 starta så den verkelege oppturen for raudtrøyene med to opprykk på rappen. Laget var då for første gong i historia i 3. divisjon. Gleda var likevel kortvarig. Klubben kom desidert sist og måtte trekke laget frå divisjonsfotballen før sesongen 2001. I 2002 var Sunnylven igjen på plass og krona tilbakekomsten med krinsmeisterskapstittel i 6. divisjon, og opprykk til 4. divisjon påfølgjande sesong. I 2004 kjempa dei om opprykk, men enda til slutt på 4. plass, eitt poeng bak den viktige 2. plassen, som for øvreg nabo Stranda tok.

Styrke:
Vinnarvilje
Ekstremspelarar
Entusiastisk heimepublikum

Svakheiter:
Fleire rutinerte har gitt seg
Tynn stall


Sunnylven har i sine år i 4. divisjon hatt ei enorm rutine og god fysikk. Du har som regel kjent det etter å ha møtt hellesyltingane i kamp. No er raudtrøyene i gong med å erstatte dei "gamle" med nytt blod. I siste seriekamp i fjor fekk vi sjå noko av det nye Sunnylven. Unge spelarar som kjempa som løver og fulgte trenar Hjelle sin plan slavisk.

Heilt nytt er det likevel ikkje. Jan Ove Aslaksen og Alf Ole Sundgot er framleis med, og med desse to har ein to potensielle matchvinnarar. Aslaksen sin pasningsfot og Sundgot si ekstreme fart og timing. Det er dette som har gjort Sunnylven vanskelege å slå dei siste åra saman med eit kontant forsvar. I fjor var Sundgot i militæret og han scora dermed berre 6 mål. Det blir nok fleire i år.

Sidan fleire av dei rutinerte enten har trappa ned eller lagt opp så mister Sunnylven mange hundre A-kampar. Men kva veit vi, kanskje dukkar fleire av desse opp når graset blir grønt? Mogeleg Sunnylven har fleire å ta av enn i fjor pga tilkomst av juniorar, men alt i alt trur vi at dei har færre spelarar som held 4. divisjonsnivå enn laga vi trur kjem framom på tabellen.

Vi trur Sunnylven blir ustabile, men grunna eit par særs gode spelarar og ingen direkte svake punkt, så bør ein styre unna den verste botnstriden.

Vårt tips: 8. plass


Hellesylt stadion ligg nede ved sjøen/elva. Elvebruset og eit til
tider entusiastisk publikum gir ei spesiell atmosfære på stadion.