Vårt tips: 2. plass

Stranda


Plassering 2007:

Nr. 3 i 4. divisjon

Heime 2007:

8-2-1 40-17

Borte 2007:

6-2-3 32-20

Toppskårar 2007:

Ronnie Furset 22 mål

Spelartilgang:

Stig Tore Lied (militæret), Iver Ringstad Krohn (tilbake frå skade). Fredrik Astad Sve, Anders Astad Svem Bjørnar Hole, Nils Petter Sæther og Rasmus Drønnen frå eigen stall.

Spelaravgang:

Espen Hove (Stranda), Bjørnar Nupen, Steffen Lilleås (militæret), Bjørnar Aure (Skodje).

Beste serieprestasjon:

5. plass i 2. divisjon avd D (1990) (etter dagens seriesystem)


Siste 5 år:

2003

4. divisjon

_7. plass

2004

4. divisjon

_2. plass

2005

3. divisjon

12. plass

2006

4. divisjon

_3. plass

2007

4. divisjon

_3. plass


Treningskampar:
27.01 Ørskog (vs) 2-0
01.02 Blindheim (b) 3-2
10.02 Rollon (vs) 1-3
24.02 Herd (vs) 1-2
07.03 FK Sykkylven 2-2
14.03 Hornindal 9-5
31.03 FK Sykkylven 2-4
04.04 Tiller 0-2
05.04 Kolstad 2-7
11.04 Vestnes Varfjell 3-5

Vi stilte trenar Ronny Ødegård nokre spørsmål

1. Kva er målsettinga til Stranda komande sesong?
Målsettinga er opprykk.

2. Fornøgd med treningsoppmøtet?
Treningsoppmøte har vore svært bra. Men antallet ikkje av det høgaste pga liten stall.

3. Nøgd med treningskampane?
Treningskampane har vore variabel. Men vi har også bevist planlagt og spelt mot gode motstandarar.

4. Har dere fått nye spelarar sidan i fjor?

Stig Tore Lied (21) er tilbake etter militæret. Han er ein viktig profil for laget. Tvillingane Fredrik og Anders Astad Sve er spennande framtidspelarar. Kjem til å få ein del speletid i 2008. Siste -års guttespelarar. Iver Ringstad Krohn (21) er tilbake etter to år med skader. Bjørnar Hole, Nils Petter Sæther og Rasmus Drønnen frå eigen stall.

5. Avgang?

Espen Hove til Hovdebygda. Bjørnar Nupen til ein klubb i Bergen. Steffen Lilleås (militæret). Bjørnar Aure til moderklubben Skodje. Frode Hagebakk tek pause i vårsesongen. Det er heller ikkje klart om Tonny Åsen blir med.

6. Kven trur du kjem til å rykke opp?
Bergsøy er min favoritt. Ørsta vil vere med. Trur også Norborg og ÅVK kan blande seg inn med ein god start. Ørskog og Herd på dei neste plassane. Vigra, Vartdal, Sunnylven, HaNo og Larsnes neste havlvdelen.

7. Vi tipper Stranda på 2. plass. Kva er din kommentar til det?
Naturleg tips om Stranda. Vårt klare mål er opprykk!

8. Noko du har på hjartet til norborg.com sine lesarar?
Norborg er ein fin klubb med flotte mennesker. Fortsett med den gode sida dykkar. Elles er 4. divisjon ein spennande divisjon med med godt engasjement.

norborg.com takkar Ronny Ødegård for at han tok seg tid til å svare på spørsmåla våre, og ønsker Stranda lykke til med sesongen.


Om Stranda
Etter å ha vore eit stabilt 3. divisjonslag (etter dagens system) sidan starten på 1980-talet, tok Stranda steget opp i 2. divisjon i 1989. I den divisjonen spelte dei i tre sesongar. I dei siste åra har det vore litt meir variabelt med spel både i 2., 3. og 4. divisjon. I 2003 gjorde laget sin dårlegaste sesong på ein mannsalder. Stranda var før sesongen den soleklare opprykksfavoritten, men skulle raskt få erfare at 4. divisjon var ingen teikneserie som dei kunne cruise gjennom. Laget fann seg raskt på nedre halvdel og etter runde 8 var laget heilt sist. Sidan den tid har det gått betre. Ein sterk haust i 2003 vart etterfølgt av opprykk i 2004. Også det etter ein fenomenal haustsesong. I 3. divisjon møtte imidlertid laget sine overmenn, og med berre 3 sigrar på 22 kampar vart det nedrykk.

Etter nedrykket har det blitt mykje nesten for Stranda. I 2006 glapp opprykket i siste runde, medan det i fjor viste seg å bli tungt då ein hadde to svake runder tidleg om hausten med 1-1 heime mot Godøy og 3-2 tap for GuLars. Poenga ein tapte her greidde Stranda aldri å ta igjen.

Styrke:
Angrep
Ronnie Furset = mål
Fysikk
Engasjement

Svakheiter:
Tynn stall
Defensivt


Stranda har eit par veldig gode årgangar fødde på slutten av 80-talet. 88-modellane Kato og Kim Vangen og Steffen Lilleås og 87-modellane Ronnie Furset og Stig Tore Lied.
Dette er offensive spelarar med fart, blikk og teknikk. Ronnie Furset og Kato Vangen kan nå 40 mål tilsaman denne sesongen om dei held seg skadefrie. I fjor vart det 22 på Furset og 13 på Vangen.

Sjølv om Stranda har mange teknisk gode spelarar spelar ein også fysisk fotball. Midtstopparane Thomas Roset og Endre Kjølås legg sjeldan noko i mellom. Det same gjeld Kent-Runar Vad.

Stranda ser ut til å ha ein tynnare stall enn i fjor. Eit par gode namn er borte frå i fjor og det at nokre av spelarane trenar med andre klubbar gjer at trenar Ødegård ofte berre har hatt 11-12 mann på treningane sine i vinter. Klubben er imidlertid flink til å få opp talent og det skal bli spennande å sjå om dei nye gutane som blir nemnt slår til.

Stranda sin akilleshel dei siste åra har vore forsvaret. Her er ikkje dårlege spelarar, men laget har sluppe inn fleire mål enn sine argaste opprykksrivalar. 8-10 mål meir enn Rollon og Godøy i fjor. Det same opp mot Brattvåg og Blindheim året før. Stranda må bli meir kyniske og må legge seg nærmare 30 enn 40 innsleppte.

Stranda har hatt ei betre sesongoppkjøring i år enn i fjor, då skadar og mange tap prega laget. Har likevel ikkje vunne meir enn 3 av 10 kampar i år heller, men har møtt sterk motstand. Det kan laget profitere på når serien startar. Vi trur Stranda endeleg kan juble for opprykk, og stikk av med 2. plassen framføre Ørsta grunna meir erfaring både på bana og det i å vere eit topplag. Alle gode ting er tre, for Stranda.

Vårt tips: 2. plass