Vårt tips: 3. plass

Ørsta


Plassering 2007:

Nr. 12 i 3. divisjon

Heime 2007:

3-3-5 26-33

Borte 2007:

1-1-9 12-37

Toppskårar 2007:

-

Spelartilgang:

-

Spelaravgang:

Kai Henning Leira, Frode Digernes og Christian Storevik (alle til Volda)

Beste serieprestasjon:

6. plass Landsdelsserien Gruppe Møre (nivå 2 i Noreg) i 1953


Siste 5 år:

2003

3. divisjon

9. plass

2004

3. divisjon

9. plass

2005

3. divisjon

9. plass

2006

3. divisjon

9. plass

2007

3. divisjon

12. plass


Treningskampar:
05.02 Bergsøy 2-2
21.02 Hødd2 0-3
09.03 Godøy 4-4
22.03 Stryn 5-3
24.03 Langevåg 1-3
29.03 Hornindal 8-1
05.04 Hødd2 5-2

Om Ørsta

Ørsta har stolte tradisjonar innan fotball og ei lita stund på 1950-talet oppe på nivå 2 i Noreg. På 1970-talet og til midten av 80-åra haldt laget seg i den gongs 3. divisjon, men to nedrykk på rad gjorde at Ørsta måttfinne seg sjølv i 5. divisjon i 1988. Ein ny generasjon var på veg og i 1989 kjempa ein seg til KM-tittel og opprykk til 4. divisjon. Laget var nær ved å gå vidare opp året etter, men SIF vart til slutt for sterke. Året etter måtte ein sjå Hareid ta turen opp det som hadde blitt omdøpt til 2. divisjon etter serieomlegginga. I 1992 vart det endeleg Ørsta sin tur. Laget greidde seg bra i 2. divisjon og i 1996 var ein berre poenget bak Skjetten i å gå opp til 1. divisjon. Året etter vart det retur til lokalfotballen i 3. divisjon.

På 2000-talet har Ørsta vore blant dei svakaste laga i 3. divisjon og etter fleire nesten ulykker vart det nedrykk i fjor. Dermed er Ørsta tilbake på nivå 5 i landet for første gong på 19 år.

Styrke:
Erfaring frå 3. divisjon
Offensivt
Mange talent

Svakheiter:
Lite stabile
Defensivt

Sjølv om Ørsta har mista gode spelarar som Kai Henning Leira og Frode Digernes til erkerival Volda, og mange av dei som er igjen er unge spelarar så har Ørsta den fordelen av at spelarane har erfaring frå 3. divisjon og er med det meir vant til å spele på eit høgare nivå på tempo og ferdigheitsmessig. Spelarar som Hallgeir Aam, Terje Rebbestad og Espen Standal held høg klasse og bør dominere i 4. divisjon. Med Aam og Standal har Ørsta den beste spissduoen i divisjonen. Ørsta spelte seg fram til semifinale i Rica Parkett Cup for G19 og har masse talent. Kai Robin Myklebust vart her toppscorar for Ørsta, men vi har ikkje sett han i treningskampar så langt.

Med ein ung stall så stiller vi spørsmål om Ørsta har stabiliteten til å greie ein av to opprykksplassar. Ein må då vinne 16 av 22 kampar. Ørsta har dei siste sesongane vore vande med å vunne under halvparten. Er vinnarinstinktet til stades i klubben? Slapp inn mange mål i fjor og har hatt problem med å halde tett i treningskampane. Er Ørsta av same kaliber defensit som sine argaste opprykksrivalar? Vi tvilar på det.

Vi trur Ørsta er med å kjempar om opprykk til siste slutt, men vi trur det er eit år for tidleg for desse gutane og må ta til takke med den sure 3. plassen.

Plassering: 3. plass