Vårt tips: 5. plass

Norborg


Plassering 2007:

Nr. 7 i 4. divisjon

Heime 2007:

5-2-4 26-28

Borte 2007:

3-1-7 30-38

Toppskårar 2007:

Tarjei Gjerset Urkedal 14 mål

Spelartilgang:

Morten Kalvø (come back)

Spelaravgang:

Asgeir Kalvø, Kristoffer Engeset, Erlend York og Martin Grytten (lagt opp/trappa ned)

Beste serieprestasjon:

5. plass i 4. divisjon (2003, 2004 og 2006)


Siste 5 år:

2003

4. divisjon

5. plass

2004

4. divisjon

5. plass

2005

4. divisjon

7. plass

2006

4. divisjon

5. plass

2007

4. divisjon

7. plass


Treningskampar:
12.01 Vartdal (h) 5-1
24.01 Vestnes Varfjell (b) 2-3
09.02 Godøy 8-3
16.02 ÅVK (vs) 3-0
01.03 Vigra (vs) 1-0
15.03 Emblem (b) 7-1
29.03 Midsund (b) 3-1
04.04 Spjelkavik (b) 2-3

Vi har stilt Norborg sin trenar Ivar Roald nokre spørsmål

1. Kva er målsettinga til Norborg denne sesongen?

Målet er at fleire spelarar utviklar seg som fotballspelarar. Vi må betre det fysiske nivået i gruppa, og i tillegg arbeide systematisk med både individuelle og lagmessige utviklingsmål. Eit godt utgangspunkt vil vere rett fokus på eigne prestasjonar, evene til å arbeide hardt og å ta ut alt i kvar kamp. Speleglede og humør er viktig.

2. Korleis har treningsoppmøtet vore i vinter?
Stabilt oppmøte - med nokre enkelttreningar under 10 spelarar

3. Fornøgd med treningskampane?
Treningskampane har fungert greitt. Vi har stort sett vore bra bakover, og motstandarane har ikkje fått så mange målsjansar. Vi har framleis mykje å gå på når vi sjølve har ballen.

4. Morten Kalvø har kome inn som ny spelar sidan i fjor. Kva har han å tilføre laget?
Morten er ein kvalitetsspelar, og med trening vil han heilt klart styrke laget.

5. Avgang: Asgeir Kalvø, Kristoffer Engeset og Martin Grytten har ikkje vore med å trent i vinter.

6. Kven trur du kjem til å vere med i opprykksstriden?
Bergsøy, Stranda og Ørsta

7. Vi tipper Norborg på 5. plass. Kva er din kommentar til dette?
Realistisk mål

8. Noko anna du vil seie til norborg.com sine lesarar?
Møt opp og støtt laget.

Vi takkar Ivar Roald for at han tok seg tid til å svare og ønsker Norborg lykke til med sesongen.


Om Norborg

Norborg har sjeldan utmerka seg når det gjeld fotball. Sidan starten i 1968 har ein nesten alltid vore i dei to nederste divisjonane. Unntaka er åra 1981-83. Då spelte laget i det ein no kallar 4. divisjon. Mangel på talent har det likevel ikkje vore, men desse har enten reist på sjøen, på skule, eller gått til klubbar i høgare divisjonar.

Ved millenniumsskiftet fekk Norborg eit løft, og har gått frå ein anonym tilversle i 6. divisjon til å bli ein gjengangar 4. divisjon. Oransjetrøyene tek no fatt på sin 6. strake sesong på dette nivået. Grunnen til dette er gode årskull født på 80-talet og at fleire av talenta har blitt i klubben.

Styrke:
Heimebane
Breidde
Innsats

Svakheiter:
Ingen notorisk måljeger
Stabilitet


Etter den flotte hausten i 2006 då Norborg vann nærmast rubbel og bit, måtte ein nærast bygge opp eit nytt lag. Fem faste spelarar forlot klubben og inn kom unggutar frå eigen stall. I løpet av fjorårssesongen og i vinter har desse utvikla seg i positiv retning, og under den særs dyktige trenaren Ivar Roald har resultata i vinter vore positive. Norborg disponerer ein stall på 20 spelarar som held 4. divisjonsnivå og er ein av klubbane med størst breidde i divisjonen. I fjor viste dei nest beste seg så gode at dei vart krinsmeistrar i 6. divisjon.

På dei to siste sesongane har oransjetrøyene berre tapt tre gongar på Uggedal stadion gras. Berre Brattvåg, Rollon og Stranda har overlista norborgarane. Vi trur også Norborg vil vere vanskelege å slå heime på grasbana si i år også og plukke brorparten av sine poeng her.

Det Norborg har sakna sidan Kim Idar Krogsethagen sine glansdager er ein notorisk måljegar. Tarjei Urkedal har potensiale og scora 14 mål i fjor. I år har han scora bra med mål i treningskampane og tek han med seg dette inn i serien kan Norborg ha løyst problemet. Adrian Håbet har også både fart og teknikk nok i massevis til å lage bry for motstandar.

Norborg har tidlegare opptrådd særs ustabilt både når det gjeld mannskap og resultat. Spesielt på bortebane har ein slitt med å ta poeng og ofte er det dette som har hindra Norborg i å ta topp 3 plasseringar.

Norborg vil i løpet av våren få tilbake Morten Kalvø. Han var sjølve krumtappen i forsvaret på første halvdel av tiåret og har erfaring frå 3. divisjon. Også Roger Grytten er med for fullt for første gong på nokre år. Førstnemnte har berre spelt ein kamp til no, medan Grytten har vore med å tetta igjen forsvaret. Med desse to tilbake for fullt har Norborg eit av divisjonens beste stopparpar, men ein har i denne posisjonen også fleire som bankar på døra.

Norborg verkar sterkare enn på same tid og kan vise til brukbare resultat i treningskampan. Vi trur oransjetrøyene tek eit par steg oppover tabellen frå i fjor.

Vårt tips: 5. plass




Vil norborgarane strøyme til stadion i år?