Vårt tips: 12. plass

Larsnes/Gursken


Plassering 2007:

Nr. 9 i 4. divisjon

Heime 2007:

6-2-3 32-21

Borte 2007:

1-1-9 11-37

Toppskårar 2007:

Tor Arne Dyrhol 13 mål

Spelartilgang:

Anders Elling Petersen tidligere Larsnes, Hødd og Fana, klar fra midten av mai. Marius H Gunnarstein tilbake fra Lillestrøm 3. Leif Sindre Muren tilbake fra jobb i Oslo, Stian Sande fra Sandsøy. Comback på Per Gunnar Hauge, Vegar Myklebust og Christian Vasstrand.

Spelaravgang:

Steffen Moltu og Johnny Moltubakk til SIF, Bendik Torset, Preben Sætre, Oskar H Gunnarstein til Hødd.

Beste serienotering:

9. plass i 4. divisjon (2007)


Siste 5 år:

2003

-

-

2004

6. divisjon

2. plass i avd. B

2005

5. divisjon

2. plass

2006

4. divisjon

11. plass

2007

4. divisjon

11. plass


Treningskampar:
09.02 ÅVK (vs) 1-9
30.03 Tjørvåg 2-3
05.04 Selje 2-9

Larsnes/Gursken sin Jarle Gunnarstein seier han ikkje er så involvert med laget for tida, men tok likevel sjansen til å svare på norborg.com sine spørsmål. Stor takk for det.

1. Kva er målsettinga til Larsnes/Gursken komande sesong?
Målsettinga er å prøve å gjere det best mulig i 4. divisjon.

2. Fornøgd med treningsoppmøtet?
Oppmøte har ikke vore så bra tidligere i vinter, men har vore bedre siste vekene.

3. Fornøgd med treningskampane?
Vi har spelt berre 3 kamper, som resultata viser så har det ikke vore så bra.

4. Har dere fått nye spelarar sidan i fjor?
Anders Elling Petersen tidligere Larsnes, Hødd og Fana, klar fra midten av mai. Marius H Gunnarstein tilbake fra Lillestrøm 3. Leif Sindre Muren tilbake fra Jobb Oslo, Stian Sande fra Sandsøy, Comback på Per Gunnar Hauge, Vegar Myklebust og Christian Vasstrand.

5. Avgang?

Steffen Moltu og Johnny Moltubakk til SIF, Bendik Torset, Preben Sætre og Oskar H Gunnarstein til Hødd.

6. Kven trur du kjem til å rykke opp?
Ørsta og Bergsøy.

8. Vi tipper Larsnes/Gursken på 12. plass. Kva er din kommentar til det?
Vi kjem sikkert til å ha litt startvansker. Når en ser kva spelarar vi har mist så tar det en liten stund å få opp nivået på resterande, men det vil bli bedre etter kvart.

9. Noko du har på hjartet til norborg.com sine lesarar?
Håper at laga i 4. divisjon også i år vil gi publikum god fotballunderholdning

norborg.com takkar Jarle Gunnarstein for at han tok seg tid til å svare på spørsmåla våre, og ønsker Larsnes/Gursken lykke til med sesongen.

Om Larsnes/Gursken

Etter ein svak 2003 sesong der både Gursken og Larsnes rykte ned frå 5. divisjon, og hadde problem med å skrape saman 11 spelarar til kvar kamp, valde dei å slå seg saman.

Suksessen for samarbeidslaget slo til umiddelbart. Etter at laget tok 2. plass i 6. divisjon avdeling B, slo dei sigersvande Fiskerstrand i kvalifiseringskampane. Men opprykksfesten slutta ikkje der. Året etter kom laget sterkt med 8 sigrar og 1 uavgjort på dei siste 9 kampane. I siste serierunde måtte laget ta fleire poeng enn Spjelkavik2. Gursken/Larsnes gjorde jobben sin og vann 4-2 over FKS2, men var avhengig av allereie opprykksklare Hovdebygda for å passere Spjelkavik2. Hovdebygda gjorde jobben sin, vann 2-1, og samarbeidslaget kunne juble for opprykk.

Den første sesongen i 4. divisjon vart knallhard for laget som fekk kallenamnet GuLars her på sida ein gong 2006. GuLars måtte vente til 5. serierunde før dei kunne juble for poeng. Då vart sjølvaste Blindheim slått 2-1 heime i Gursken. Laget fekk då ein oppsving, tok 10 poeng på 5 kampar, og var plutseleg over nedrykksstreken. Men så kom gamle synder igjen, og hausten var mørk i Sande dette året. Laget kom på 11. plass og nedrykk var eit faktum heilt til Skarbøvik fann på å trekke 2. laget frå 4. divisjon. Dermed var GuLars igjen klare for 4. divisjon, berre veke etter at dei hadde rykt ned.

Då Gursken og Larsnes stod på eigne bein, var Gursken mest kjent for talentutviklinga si, medan Larsnes var laget som hadde dei beste plasseringane, med fleire sesongar bak seg i 4. divisjon.

Styrke:
Teknikk
Talentutvikling

Svakheiter:
Defensivt
Ujamt lag
Bortebane
Tynn stall

Mange hadde nok tru på at GuLars skulle vere med å kjempe om ein plass på øvre halvdel i fjor. Laget hadde då bltt styrka med fleire gode spelarar, men sjølv då vart det berre 9. plass. No har fleire spelarar forlatt laget og sjølv om Oskar Gunnarstein og Leiv Sindre Muren har kome attende, har laget ein langt svakare stall enn i fjor. Det store fråfallet har gjort sitt til at GuLars knappast har spelt treningskampar i vinter.

Det har alltid vore god talentutvikling i Sande, og nye talent vil nok dukke opp i år. Men også desse vil trenge tid og diverre for GuLars så har klubben ei tilnærma lik rolle som Herd har i Ålesund. Talenta forsvinn til betre klubbar.

Alle klubbane i 4. divisjon hadde merka at spelarar som
Steffen Moltu, Johnny Moltubakk, Bendik Torset, Preben Sætre og Oskar Gunnarstein forlet klubben. No blir det eit ekstra press på spelarar som Tor Arne Dyrhol og Leiv Sindre Muren i ein syltynn stall.

Det ser litt lysare ut no enn for nokre veker sidan, men likevel trur vi det blir ein tung sesong for GuLars og tippar laget på 12. plass.

Vårt tips: 12. plass