Vårt tips: 6. plass

Herd


Plassering 2007:

Nr. 5 i 4. divisjon

Heime 2007:

6-2-3 30-15

Borte 2007:

5-2-4 24-23

Toppskårar 2007:

Michael Drengubiak 20 mål

Spelartilgang:

-

Spelaravgang:

Michael Drengubiak, Tommy Larsen (Spjelkavik) Vegard Nybø (Spjelkavik) og en drøss andre

Beste serieprestasjon:

6. plass i 1. divisjon Distrikt VII (Nivå 2 i Noreg) i 1948


Siste 5 år:

2003

5. divisjon

4. plass

2004

5. divisjon

2. plass

2005

4. divisjon

6. plass

2006

4. divisjon

8. plass

2007

4. divisjon

5. plass


Registrerte treningskampar:
27.01 Rollon (vs) 1-2
09.02 Ørskog (vs) 1-1
24.02 Stranda (vs) 2-1
24.03 Brattvåg 1-2
05.03 Vartdal 3-0

Om Herd

Herd er ein tradisjonsrik klubb på Sunnmøre som kom tidleg med i seriespelet. Alt i 1948 vann dei 2. divisjon avd. Møre og rykte opp i 1. divisjon distrikt 7. Dette var ei rein Møre og Romsdals avdeling på nivå 2 i Noreg. Herd viste seg her som eit nummer for små og endte på sisteplass med 1 siger og 1 uavgjort på 10 kampar. Likevel, det er ikkje mange lag som kan skryte av ein 6. plass i 1. divisjon...

Herd var blant fylkets beste lag fram til lant utpå 1970-talet og tok blant anna 1. plassen i 3. divisjon avd Møre både i 1965, 1966 og 1968. Blåtrøyene slo då lag som Molde og AaFK, men trass 1. plassen greidde ein ikkje å vinne kvalifiseringskampane om spel i 2. divisjon.

På 1980-talet kom nedturen og laget har sidan variert mellom det vi no kallar 3., 4. og 5. divisjon. I 1999 måtte ein til og med slå seg saman med Spjelkavik sitt 2. lag, noko som ikkje ga noko suksess. I 2003 var Herd tilbake på eigne bein og i 2004 greidde ein å rykke opp i frå 5. divisjon og har levert brukbare resultat i 4. divisjon. Elles er Herd ein bra talentfabrikk, men desse får a-laget sjeldan nytte seg av sidan naboklubbar hentar dei.

Styrke:
Talentfabrikk
Treningsfasilitetar
Teknikk

Svakheiter:
Få eller ingen rutinerte
Moral
Talenta forsvinn
Lita interesse

Herd kunne ha vore eit av dei beste laga på Sunnmøre dersom ein haldt på talenta sine. Men år etter år forsvinn desse frå klubben og ein må starte på nytt. Difor blir Herd aldri noko meir enn ein middels 4. divisjonsklubb. Det såg særs lovande ut i fjor då ein fekk inn Kenneth Moldskred som hovudtrenar og rutinerte spelarar som Tommy Larsen og Michael Drengubiak. Herd starta forrykande og tapte ikkje på sine 10 første kampar. Men ein kom raskt ned frå tabelltoppen og det vart til slutt 5. plass.

Herd har eit ungt lag med masse teknikk og vil nok by mange lag på problem, men kjem til å sakne Drengubiak på topp. Han stod i fjor for 20 av Herd sine 54 mål. Treningskampane viser også at Herd har problem med å score, men verkar solide defensivt. 6 mål imot på 5 kampar mot solid motstand er bra. Vi tvilar likevel på moralen i laget dersom det går litt på tverke. Har då hatt ein tendens tidlegare år å kollapse. Herd er elles den klubben det er vanskelegast å følge på nett og interessa rundt A-laget er minimalt.

Vi trur Rune Ulvestad sitt mannskap kjem til å plukke nok poeng til å vere med rundt midten. Men noko meir enn 6. plass blir det nok ikkje.

Vårt tips: 6. plass