|
Om
HaNo
Fram til 1984 hadde Haramsøy og Flemsøy kvart sitt lag.
To lag som ikkje sette så djupe spor i sunnmørsfotballen,
men Haramsøy var faktisk ein liten tur innom den gamle 4. divisjon
i 1974. Laget kom på 9. plass og gjekk rett ned. 10 år etter
kom Nordøy (Flemsøya sitt lag) sist i gamle 6. divisjon
avdeling B og slo dermed selskap ilagmed Haramsøy i 7. divisjon.
Om det var dette nedrykket som var den utløysande årsaken
til at laga samlast til møte på Nordøy grendahus
veit ikkje vi, men 23. desember 1984 såg iallfall fotballklubben
Haramsøy/Nordøy dagens lys. Laget starta i 7. divisjon,
men var ikkje snauare enn at dei rykte opp på første forsøk.
Trass den gode starten var det likevel ikkje før på 1990-talet
at klubben verkeleg vakna til liv. Frå 1992 til 1997 vart det
kjørt heis mellom 4. og 5. divisjon, men i 1998 tok laget steget
opp på øvste sunnmørsnivå då dei vann
4. divisjon. Livet i 3. divisjon varte i 5 sesongar med høgst
variable resultat. To imponerande 6. plassar, ein 10. og to 11. plassar
vart fasiten. Det ironiske er at den sesongen alle hadde trua på
at HaNo kunne gjere det bra og utfordre Brattvåg som Harams beste
lag, enda med nedrykk.
I dei tre første sesongane etter nedrykket gjorde HaNo det bra.
Laget kjempa om opprykk men måtte ta til takke med plaseringar
frå 3. til 5. plass. Framføre fjorårssesongen starta
spelarflukta og rutinerte og gode spelarar vart stort sett erstatta
av unggutar. HaNo fekk ein tøff sesong og berga så vidt
plassen. I vinter har endå fleire forlatt skuta og det går
mot ein ny kamp mot nedrykksspøkelset.
Styrke:
Heimebane
Kenneth Ulla?
Svakheiter:
Angrep
Mannefall = syltynn stall
Rekruttering
HaNo redda i fjor plassen takka vere brukbare resultat på heimebane.
12 av 14 poeng vart teke ute på øyane. Forsvaret skal ha
ein del av æra for det. HaNo slapp nemleg berre inn 17 mål
på heimebane. Det er det same antall som 3. plasserte Stranda.
På bortebane var imidlertid den defensive styrken kasta over bord.
HaNo var divisjonens svakaste borteforsvar. Kenneth Ulla har lagt opp
ved fleire høve, men blir som regel overtalt til å ta nok
eit år. Kva med i år? HaNo er totalt avhengig av karen som
både kan å hindre og å score mål.
HaNo scora i fjor få mål, men har scora jamnt og trutt i
treningskampane. Problemet er at laget spelar kampar mot 5. og 6. divisjonslag.
Nivået er noko heilt anna i 4. divisjon og då får
HaNo si angrepsrekke store problem. Har mista ei offensiv drivkraft
som Jan Egil Ulla til Brattvåg og skal då vere endå
meir svekka enn i fjor. Mykje kviler på midtbanegeneral Lars Petter
Haram sine skuldre her.
HaNo har mista mange gode spelarar det siste 1,5 året og når
klubben ikkje har ein utømmeleg brønn av talent. Blir
det stadig tyngre å drive 4. divisjonsklubb ute på øyane.
Har blant anna tapt mot sin lille 6. divisjonsnabo Lepsøy ved
to høve i vinter, og slit med å vinne kampar mot Ravn og
Harøy. Det lover ikkje godt for blåtrøyene, men
det er også andre lag i 4. divisjon som slit, så heilt sist
kjem nok ikkje HaNo.
Vårt tips: 11. plass
|