Vårt tips: 1. plass

Bergsøy


Plassering 2007:

Nr. 4 i 4. divisjon

Heime 2007:

9-1-1 36-13

Borte 2007:

3-1-7 17-30

Toppskårar 2007:

Frank Sverre Skorpen 23 mål

Spelartilgang:

Lars Conradi Andersen (SIF), Steffen Uldbæk (Lokomotiv Oslo), Thomas Sætre Hauge (Brann2/GuLars), Knut Erik Håheim + fra egne rekker.

Spelaravgang:

-

Beste serieprestasjon:

12. plass i 2. divisjon (dagens 1. divisjon) i 1981


Siste 5 år:

2003

3. divisjon

8. plass

2004

3. divisjon

3. plass

2005

3. divisjon

10. plass

2006

3. divisjon

12. plass

2007

4. divisjon

4. plass


Treningskampar:
05.02 Ørsta 2-2
16.02 Hareid (h) 1-3
01.03 Skavøypoll 1-1
05.03 ÅVK (h) 1-1
08.03 Volda 1-1
15.03 Tornao/Måløy 6-2
29.03 Hødd2 1-4
05.04 ÅVK (h) 13-0

Vi har stilt Bergsøy sin trenar Tom Beddari nokre spørsmål

1. Kva er målsettinga til Bergsøy komande sesong?

Vår målsetting er å være med blant topp 4 og kjempe om opprykk.

2. Korleis har treningsoppmøtet vore i vinter?
Treningsoppmøtet har stort sett vært bra.

3. Fornøgd med treningskampane?
Ja stort sett.

4. Har dere fått nye spelarar sidan i fjor? Kven? Kva har desse tilført spelarstallen?

B.l.a. Lars Conradi Andersen, Steffen Uldbæk, Thomas Sætre Hauge, Knut Erik Håheim,+ fra egne rekker. De har tilført større konkurranse, og hevet kvaliteten på treningene.

5. Avgang? Nei, men noen få har gjort sjømenn av seg, og slikt sett gjort seg mindre aktuelle, grunnet mye fravær.

6. Kven trur du kjem til å kjempe om opprykk?
Trolig Stranda, Ørsta, + forhåpentlig vi, og en outsider til som alltid dukker opp (Norborg?).

7. Vi tipper Bergsøy på 1. plass. Kva er din kommentar til dette?
Håper Dere er GODE til å tippe der inne =) (Red. anm. Vi har hatt rett vinnar dei to siste åra..)

8. Noko anna du vil seie til norborg.com sine lesarar?

Ønsker alle fotballinteresserte en trivelig fotballsesong!

Vi takker Tom Beddari for at han tok seg tid til å svare på våre spørsmål, og ønsker Bergsøy lykke til med sesongen.


Om Bergsøy

Bergsøy melde seg inn i Sunnmøre Fotballkrets 7. mai 1951 og vart opptatt i den tids 3. divisjon. Laget greidde seg godt frå første kamp, og året etterpå vart fosnavågarane vinnarar av 3. divisjon. På 1960-talet veksla laget på å spele i 4. og 5. divisjon etter den gongs system. I 1969 tok laget eit steg mot toppen av Sunnmørsfotballen då ein vann 4. divisjon og seinare kvalifiseringa mot Sunndal og Bryn. Møre og Romsdal hadde den gong eiga avdeling på nivå 3, og Bergsøy skulle opp mot lag som Molde og Clausenenga.

Bergsøy var på 70-talet eit stabilt godt 3. divisjonslag og tok fleire pallplasseringar før ein detonerte bomba i 1980 ved å vinne divisjonen framføre Skarbøvik med Tornado, Ålesund og Stjørdals/Blink hakk i hel. Livet i 2. divisjon (dagens 1. divisjon) vart kortvarig for herøyingane. Likevel, ein banka Tromsø 4-1 og gjekk gjennom divisjonen utan å tape for Åge Hareide og Molde (2-0 og 2-2). Desse poengtapa mot Bergsøy førte til at Sogndal tok opprykksplassen frå Molde, som måtte spele kvalifisering.

Etter å ha ete kirsebær med dei store kom kvardagen tilbake til Bergsøy, og i 1985 var dei tilbake i 4. divisjon Sunnmøre. Laget har sidan då spelt på dette nivået med nokre få unntak i divisjonen under. Den dei skal prøve å kjempe seg opp frå i år.

Styrke:
Brei stall
Unge svoltne spelarar
Frykta heimebane
Knallsterkt spisspar

Svakheiter:
Ingen spesielle, men tidlegare svake på bortebane


Mange hadde trua på Bergsøy i fjor, men norborg.com hadde ikkje det og tippa laget på 4. plass. Noko som også vart sluttplasseringa til fosnavågarane. Vi meinte då at det var eit år for tidleg for dei mange unge spelarane på laget til å ta seg opp til 3. divisjon. No har vi imidlertid stor tru på Bergsøy.

Medan det framføre fjoråret var fleire som forlot klubben, er det i år mange som har kome inn døra. Spelarar som Steffen Uldbæk, Thomas Sætre-Hauge og Lars C. Andersen går inn å styrkar laget. Andre har også kome inn og Bergsøy har ein brei og god stall blanda med rutine og mange unge spelarar som er svolten på 3. divisjonsspel, og håp om at storebror i Ulsteinvik skal få auge på dei. Med Frank Sverre Skorpen er ein garantert mål, og i spann med bevegelige og tekniske Thomas Sætre-Hauge har Bergsøy eit spisspar av 2. divisjonsformat.

Bergsøy var i fjor gode heime og svake borte. Vi trur dei fortsette å vere gode heime og forbetrar borteforma si kraftig. Med den stallen Bergsøy rår over skal det bli langt meir enn 10 bortepoeng. Greier ein det doble er opprykket i boks.

Vi trur Bergsøy tek 1. plassen fordi dei har den beste første 11'aren, samt mange gode spelarar i bakhand. Var sterke på hausten i fjor då "Nye Bergsøy" vart samspelt. I år har sesongførebuingane vore langt betre enn i fjor og laget har ingen svake punkt. Ei ny storheitstid er på gong, om enn ikkje så stor som for 25-30 år sidan...

Vårt tips: 1. plass