Vårt tips: 7. plass

Åram/Vanylvskameratane


Plassering 2007:

Nr. 7 i 4. divisjon

Heime 2007:

2-5-4 23-32

Borte 2007:

4-2-5 29-37

Toppskårar 2007:

Ole Per Kragset 15 mål

Spelartilgang:

Simon Tekeste (Tjørvåg), Martin Ingjerd (Hareid) og Daniel Nustad (Hødd). Kristoffer Strand og Erlend Kragset (eigen stall)

Spelaravgang:

Arve Myklebust, Øyvind Myklebust, Håvar Karlsen, (alle Oslo). Geir Berge, Odd Steinar Husevåg, Stig Ronny Kragseth (alle trappa ned)

Beste serienotering:

4. plass i 3. divisjon (2000)


Siste 5 år:

2003

4. divisjon

_6. plass

2004

4. divisjon

_8. plass

2005

4. divisjon

10. plass

2006

4. divisjon

_7. plass

2007

4. divisjon

_8. plass


Treningskampar:
17.01 Hareid (b) 0-8
26.01 Tornado/Måløy (n) 4-5
09.02 GuLars (vs) 9-1
16.02 Norborg (vs) 0-3
23.02 Vigra (vs) 4-0
05.03 Bergsøy (b) 1-1
07.03 Lom 2-2
15.03 Hødd2 (b) 1-4
19.03 Selje 3-4
05.04 Bergsøy (b) 0-13

Vi stilte ÅVK sin sentrale spelar Ole Theodor Hovden nokre spørsmål.

1. Kva er målsettiga til ÅVK komande sesong?

Målsettinga til ÅVK er å komme på øvre halvdel av tabellen. ÅVK ønsker også å få opp unge spelarar frå eigen stall i løpet av sesongen.

2. Korleis har treningsoppmøtet vore i vinter?
Treningsoppmøtet har vore bra. Betre enn på fleire år. Sidan 1. desember har vi hatt 2-3 økter i veka med godt oppmøte.

3. Fornøgd med treningskampane?
Vi har vore veldig varierande i vinter. Kampen mot Hareid var veldig svak, men vi har også spelt gode kampar. Spesielt kampen mot Hødd 2, som periodevis var meget bra, sjølv om resultatet til slutt blei eit klart tap. Med fleire nye spelarar og ny trenar vil det nok ta litt tid før vi blir stabile, men topp-nivået til ÅVK er betre no enn i fjor.

4. Har dere fått nye spelarar sidan i fjor? Kven? Kva har desse tilført spelarstallen?

Simon Tekeste (Tjørvåg), Martin Ingjerd (Hareid), Daniel Nustad (Hødd). Kristoffer Strand og Erlend Kragset (eigen stall). Spelarane har tilført ÅVK større breidde i stallen og bedre treningsgruppe. Vi har i tillegg fått bedre oppdekning i alle ledd og har tru på at fleire av dei nye kan vere i startoppstillinga når sesongen tek til.

5. Avgang? Arve Myklebust, Øyvind Myklebust, Håvar Karlsen, (alle Oslo). Geir Berge, Odd Steinar Husevåg, Stig Ronny Kragseth (alle trappa ned).

6. Kven trur du kjem til å vere med i opprykkskampen?
Ørsta, Bergsøy og Stranda. Desse 3 laga kjem nok tidlig til å få ei luke til resten.

7. Vi tipper ÅVK på ein 7. plass. Kva er din kommentar til dette?
Kan fort bli eit brukbart tips det. Fleire lag vil nok kjempe om 4. plassen bak "dei 3 store". Eg blir ikkje overraska om ÅVK blir nr. 4, men det blir nok jamnt rundt midten også i år, så lite kan skilje lag nr 4 og lag nr 7.

8. Noko anna du vil seie til norborg.com sine lesarar?

Eg håper vi får ein fin fotballsesong også i 2008 og at norborg.com fortsetter med den gode dekninga av 4. divisjon på Sunnmøre. Vi i ÅVK gler oss til serieåpning på Uggedal stadion 17.04!

Om Åram/Vanylvskameratane

Dei to fotballklubbane Åram og Vanylvskameratane slo seg i 1997 saman til ein klubb. Åram var den mest suksessrike av desse to klubbane. Klubben opplevde ein gedigen framgang på byrjinga av 1990-talet då dei tok strake vegen frå 5. til 3. divisjon (etter dagens serieordning), og gjorde det godt i 3. divisjon fram til 1996 då det vart nedrykk. I 1997 starta samarbeidet med Van.kam og det vart raskt opprykk til 3. divisjon. I sesongen 2000 oppnådde det nye laget si beste plassering med ein 4. plass i 3. divisjon. Sidan den gong har pila peika feil veg, med nedrykk til 4. divisjon i 2001 og stort sett plasseringar på nedre halvdel i denne divisjonen.

Styrke:
Mykje rutine
Fysikk
Ole Per Kragset = mål

Svakheiter:
Forsvar
Geografi
Heimebane
Interesse

ÅVK har lang fartstid på dette nivået, og det oser rutine av spelarar som Ole Per Kragset, Oddvin Kragset, Ole Theodor Hovden og Hallvar Larsen. Desse har ikkje berre fått erfaring med ÅVK, men også vore innom andre gode klubbar. Fleire av dei yngre spelarane har også vore innom Søre-Sunnmøre sitt flaggskip, Hødd.

Den mest rutinerte av dei som er fast på laget er Ole Per Kragset. Spissen som fyller 39 år denne sesongen er ein garantist for mål. Det vart 15 mål i fjor og vi blir ikkje overraksa om nr. 11 med den frykta venstrefoten vil score det same antal i år.


ÅVK har eit stort problem i at særs få bur i Vanylven. Dette kan vere ein av grunnane til at ÅVK er blant divisjonens svakaste heimelag. Ein annan mogeleg grunn til den svake heimeforma er at Eidsåvoll er for fin for ÅVK sin spelestil. For nokre år sidan var ÅVK eit av dei mest spelande laga i 4. divisjon, men dei seinare åra har ein tydd oftare og oftare til ein lang ball fram til Ole Per Kragset. Dette gjer seg på grus og humpete grasbaner, men på strøkne Eidsåvoll vil dei meir spelande laga i divisjonen kose seg. Da får ÅVK tempoproblem.

ÅVK er blant laga som slepp inn flest mål. Har god keeper og ein god stoppar i Hallvar Larsen, men han er ofte skada og ÅVK har ingen erstattar som held same nivå.

Dei grøne og kvite har hatt ujane resultat i vinter frå å banke divisjonskollega Vigra 4-0, til å gå på rekordtap 0-13 for Bergsøy. Vi trur denne variable forma vil vise seg i serien også. Er i stand til å slå kven som helst i divisjonen, men over 22 kampar blir stallen for svak og ujamn til at ein kan hevde seg i toppen. Dermed ein ny sesong rundt midten.

Vårt tips: 7. plass


Eidsåvoll stadion ligg fint til mellom Vorakinna og Syvdsfjorden. ÅVK vann berre to kampar her i fjor (Stranda og HaNo).