|
Om
Sunnylven
Sunnylven kom inn i seriesystemet i 1980 og gjorde seg då umiddelbart
bemerka ved å bli krinsmeistrar i 7. divisjon. I dei ti første
åra spelte laget i dei to lågaste divisjonane på Sunnmøre,
men når 90-talet kom starta klubben å røre på
seg. Laget tok sin andre krinsmeistertittel i 1991 (6. divisjon) og
i 1994 vart det på nytt opprykk. Sunnylven gjorde ein bra førstesesong
i 4. divisjon med ein 7. plass, men året etter måtte klubben
ta turen ned til 5. div. I 1998 starta så den verkelege oppturen
for raudtrøyene med to opprykk på rappen. Laget var då
for første gong i historia i 3. divisjon. Gleda var likevel kortvarig.
Klubben kom desidert sist og måtte trekke laget frå divisjonsfotballen
før sesongen 2001. I 2002 var Sunnylven igjen på plass
og krona tilbakekomsten med krinsmeisterskapstittel i 6. divisjon, og
opprykk til 4. divisjon påfølgjande sesong. I 2004 kjempa
dei om opprykk, men enda til slutt på 4. plass, eitt poeng bak
den viktige 2. plassen, som for øvreg nabo Stranda tok.
Styrke:
Fysikk
Dødballar
Rutine
Sunnylven hevdar dei trenar minst i divisjonen, men likevel er dette
det sterkaste laget. Det er som regel låkt å møte
bulldosarane frå Hellesylt. Med sin steinharde fysikk så
vinn Sunnylven det meste av duellar. Til og med dei minste på
Sunnylven hoppar høgt og er farlege i lufta. Dermed er dødballar
viktig for raudtrøyene. Enten om det er frispark frå Jan
Ove Aslaksen, eller om det er innkast. Det må tydeleg vere kjekt
å vere på dei "få" treningane og kampane
Sunnylven spelar, for medan dei andre klubbane på Sunnmøre
har snittalder langt nede på 20-talet, er den ti år høgare
innpå Hellesylt. Det gjer laget til det mest rutinerte i divisjonen.
Svakheiter:
Tempo defensivt
Sundgot i militæret
Tynn stall
Det robuste Sunnylvsforsvaret tek det meste i lufta, men når ballen
går raskt langs bakken får det temposvake forsvaret langt
større problem. Alf Ole Sundgot har gjennom fleire sesongar terrorisert
forsvarar, men denne sesongen er han i militæret. Kor ofte Sunnylven
får gjere nytte av han er usikkert, men eit Sunnylvs-lag utan
Sundgot får problem med å score. Vi tvilar på at langt
eldre Terje Flåm held same standard, sjølv om han også
kan nå eit to-siffra antal mål. Sunnylven har ein tynn stall
og har avlyst eit par treningskampar på grunn av dette.
Vårt tips: 10. plass
Vi trur Sunnylven er på omtrent same nivå som i fjor. Dette
betyr at dei kan overraske i enkelte kampar, men at det over 22 kampar
blir for ujamnt. Utan målmaskina Sundgot i fleire kampar blir
det ein tøff kamp i botnen for raudtrøyene, men heilt
sist endar nok ikkje ekstrem-laget frå Hellesylt. 10. plass, som
ifjor.
Nøkkelspelar: Jan Ove Aslaksen (og Alf Ole Sundgot, når
han er med)
Vårt Sunnylven-minne: Norborg hadde fått ein god
start på sesongen 2004, og leia 4. divisjon før ein skulle
inn til Hellesylt for å møte Sunnylven. Der inne fekk ein
så kraftig juling at laget nesten lid av det endå. "Halve"
laget måtte ut med skade og ein mann rett på sjukehus. Sjølve
kampen enda med 6-1 tap.

Adrian Håbet og Martinus Grytten scora sine første mål for a-laget mot
Sunnylven for to år sidan, medan den tredje 16-åringen Stein Erik
Alvestad jublar i lagmed dei. Dette er einaste gongen Norborg har tatt
poeng inne på Hellesylt. I mange år spente oransjetrøyene
ballen på elva for å redusere tapet.
|