Vårt tips: 2. plass

Stranda


Plassering 2006:

Nr. 3 i 4. divisjon

Heime 2006:

9-0-2 41-15

Borte 2006:

5-3-3 29-23

Toppskårar 2006:

Ronnie Furset 19 mål

Spelartilgang:

Frode Hagebakk (comback), Bjørnar Aure (Skodje), Erlend Langelo og Jan Kristian Behrentz (begge frå eigen stall)

Spelaravgang:

Joakim Relling (Spjelkavik), Yngve Midthjell, Stig Tore Lied og Iver Krohn (militæret).

Beste serieprestasjon:

5. plass i 2. divisjon avd D (1990) (etter dagens seriesystem)


Siste 5 år:

2002

3. divisjon

10. plass

2003

4. divisjon

_7. plass

2004

4. divisjon

_2. plass

2005

3. divisjon

12. plass

2006

4. divisjon

_3. plass


Treningskampar:
28.01 Rollon (vs) 1-3
10.02 Brattvåg (vs) 1-3
13.02 Vestnes Varfjell (b) 2-4
17.02 Valder (vs) 1-5
28.02 FK Sykkylven (b) 1-2
08.03 Norborg (h) 5-1
16.03 Førde (b) 4-5
17.03 Eikefjord (b) 2-3
24.03 Blindheim (h) 3-5
31.03 Langevåg (h) 2-5
03.04 MSIL (h) 1-3
13.04 Stordal (h) 4-1

Vi stilte trenar Ronny Ødegård nokre spørsmål

1. Kva er målsettinga til Stranda komande sesong?
Målsetjinga vår er å kjempe om dei to øverste plassane, sjølv om vi veit og trur der er 8 lag som kan vere av same kaliber til same målsetjing.

2. Fornøgd med treningsoppmøtet?
Treningsoppmøte har vore under det som vi opplevde i oppkøyringa i fjor (2006) Men det har sine grunnar. Haldningane til spelarane er vi godt nøgde med. Vi har hatt ekstremt problem med skader og sjukdom i heile perioden januar-mars.

3. Det har blitt ein del tap i treningskampane. Er du likevel fornøgd med gjennomføringa av desse?
Vi har mange tap ja! Men som vi ofte sei, så ser vi bak resultata. Vi tapte 5-3 mot Blindheim 24.03. Men denne kampen er vi svært fornøgd med. Vi stilte den mest reduserte troppen vi nokon gong har hatt og vi burde vunne kampen etter sjansar. Vi er heilt roleg etter alle tapa.Poenga har vi ikkje starta å kjempe om enna.

4. Har dere fått nye spelarar sidan i fjor?
Vi har comeback frå Frode Hagebakk. Han er ei solid forsterkning med sin moral og erfaring. Spelt 2.divisjon for Stranda og er rutinert. Bjørnar Aure frå Skodje er vi imponert over på alle måter, ein solid type. Også Jan Kristian Behrentz har vi fått mykje positivt av, stor framgang. Han var i vår juniorstall i fjor men kjem frå Herd. Erlend Langelo (15 år og fortsatt guttespelar) frå eigen stall. Eit av dei mest spennande talenta Stranda har hatt. Profil på Sunnmøre sine kretslag.

5. Avgang?

Joakim Relling til Spjelkavik. Stig Tore Lied i militæret. Iver Krohn militæret. Det same gjeld Yngve Midthjell. Alle gode spelarar.

6. Kven trur du kjem til å rykke opp?
Eg har stor tru på Godøy som den sterkaste kandidaten. Meiner Bergsøy, Rollon, Åram og Herd kan vere med om opprykk. Også Ørskog skal vi sjå opp for.

7. Dere var millimetere frå å rykke opp i fjor. Korleis har dette tapet på målstreken påverka spelargruppa i haust/vinter?
Det var ein j..... opplevelse, men vi fekk dette bak oss etter ei veke. Så vi har nok jobba utifrå at vi er i 4.divisjon. Kan nok seie at vi truleg hadde fått napp på ein sterkare stall om vi hadde rykka opp. Så vinteren har ikkje vore påverka av dette.

8. Vi tipper Stranda på 2. plass. Kva er din kommentar til det?
Flott at nokon har trua på oss. Men vi ville nok vore like gode eller svake om vi var tippa lavare nede.

8. Noko du har på hjartet til norborg.com sine lesarar?
Synest Norborg er ein kjempeflott klubb på alle måtar. Ellers så vert årets 4.divisjon eit "rotteræs".

norborg.com takkar Ronny Ødegård for at han tok seg tid til å svare på spørsmåla våre, og ønsker Stranda lykke til med sesongen.


Om Stranda
Etter å ha vore eit stabilt 3. divisjonslag (etter dagens sysem) sidan starten på 1980-talet, tok Stranda steget opp i 2. divisjon i 1989. I den divisjonen spelte dei i tre sesongar. I dei siste åra har det vore litt meir variabelt med spel både i 2., 3. og 4. divisjon. I 2003 gjorde laget sin dårlegaste sesong på ein mannsalder. Stranda var før sesongen den soleklare opprykksfavoritten, men skulle raskt få erfare at 4. divisjon var ingen teikneserie som dei kunne cruise gjennom. Laget fann seg raskt på nedre halvdel og etter runde 8 var laget heilt sist. Sidan den tid har det gått betre. Ein sterk haust i 2003 vart etterfølgt av opprykk i 2004. Også det etter ein fenomenal haustsesong. I 3. divisjon møtte imidlertid laget sine overmenn, og med berre 3 sigrar på 22 kampar vart det nedrykk.

I fjor starta Stranda svakt, og likna meir ein middelhavsfarar gjennom heile våren, men ein sterk haust førte Stranda inn i eit durabeleg opprykksdrama. Både opp og nedturen starta på mange måtar mot Norborg. Etter eit par tap vann Stranda heile 5-0 over Norborg i den 11. serierunda og starta ei rekke på sju strake sigrar før den vart midlertidig avbroten av Blindheim. Likevel, Stranda passerte Blindheim runda før slutt takka vere betre målforskjell. 33 plussmål mot 30. I siste runde skulle Stranda berre ta turen til Uggedal stadion for å plukke med seg tre poeng mot eit redusert Norborg-lag. Stranda leia 2-0 ved pause, men hadde mista eitt måls forsprang til Blindheim som leia 3-0 over ÅVK. Etter pause kvikna Norborg-laget til, og reduserte halvvegs ut i omgangen. På Eidså fortsette Blindheim å score mål, og hadde plutseleg passert Stranda på tabellen. Stranda fekk lite til og var frustrerte, medan norborgarane sprang meir og meir, og snudde kampen til 3-2. Dermed ein skikkeleg kalddusj for Stranda, som hadde opprykket i lomma til det gjenstod ca. 25 minutt av 4. divisjon.

Styrke:
Fysikk
Angrep
Outsider

Stranda er eit fysisk sterkt lag som går hardt inn i duellane. Midtstopparane Thomas Roset og Endre Kjølås legg sjeldan noko i mellom. Sjølv om Stranda har ein god stopparduo så er nok angrepet lagets beste del. Ronnie Furset vart i fjor toppscorar i 4. divisjon med 19 mål. Også i vinter har han putta trottig og vil vere god for ca. 20 mål og vil med si fart terrorisere mange 4. divisjonsforsvar. I tillegg har ein andre gode offensive spelarar som Tonny Åsen, Steffen Lilleås og Kato Vangen. I fjor var berre opprykk godt nok for Stranda, og laget la kanskje vel stort press på seg sjølve. I år har det blitt mange tap i oppkjøringa, og dette har gjort sitt til at Stranda har gått frå å vere opprykksfavoritt til å bli ein outsider. Forventningspresset er dermed borte, og dette kan passe laget betre.

Svakheiter:
Skader på skader
Fokus

Stranda har langt frå hatt ei optimal oppkjøring. Laget har hatt mange skader og gått på tap etter tap. Korleis spelargruppa har takla dette veit ikkje vi, men vi trur det har blitt ein del sovnlause netter på dei mest engasjerte. Vi har ofte sett at Stranda-spelarane lett mistar fokus. Når ein oppleve motgong så blir det mykje kjefting og frustrasjon, og ein mister fokus på arbeidsoppgåvene sine.

Vårt tips: 2. plass
Stranda har hatt ei grusom sesongoppkjøring, men fekk eit lite løft i generalprøva med 4-1 siger over Stordal. Dette gjor nok godt for sjølvtilliten. Har heller ikkje det tøffaste programmet i starten, sjølv om enkelte nok vil hevde at lokalderby mot Sunnylven er noko anna. Vi trur Stranda får flyten med nokre sigrar i starten. Var nær å rykke opp i fjor, og sjølv om Stranda verkar litt svekka så er heller ikkje motstandarane i år av same kaliber som det Brattvåg og Blindheim var i fjor. Difor trur vi Stranda går ein plass opp frå i fjor, og kan feire opprykk.

Nøkkelspelarar: Thomas Roset, Endre Kjølås og Ronnie Furset

Vårt Stranda-minne: Stranda stadion, 1. mai 2004. Vårt minne handlar sjølvsagt om då Norborg for første og foreløpig siste gong inntok tabelltoppen i 4. divisjon. Etter å ha blitt fullstendig rundspelt i 1. omgang tok Norborg over styringa etter pausen, men som Stranda i første, ville ikkje ballen inn. Dei fleste norborgarane var godt nøgd med eitt poeng og ville at dommaren skulle blåse av kampen då det tikka opp mot 94 minutt. Men dommar Bjermeland ville heldigvis ikkje blåse, noko Norborg er svært takknemleg for. Cirka 4 minutt på overtid dunkar Christian Søvik ballen oppover mot Stranda sin 16 meter. Kim Idar Krogsethagen forfølgjer ballen, pressar seg framføre ein Stranda-forsvarar og lobbar ballen over Bjørdal og i mål til ellevill jubel frå lagkameratar, benk og dei ca. 10 supporterane som hadde tatt turen til Stranda. Stranda-dødaren Krogsethagen hadde slått til igjen, og det på verst tenkelege måte for Stranda. Dette var for øvreg Kim sitt 100. seriemål.