|
Om
Stordal
Stordal kom tidleg med i Sunnmørsfotballen og kan difor skryte
av å ha vore i 2. divisjon (etter dagens ordning) i seriesystemet.
Dette var tilbake i 1962 då laget kom på ein 9. plass i
gamle 3. divisjon Sunnmøre. På grunn av omlegging av serien
det året ga 9. plassen dobbeltnedrykk, og laget fann seg sjølv
i 5. divisjon. I 1964 vart det opprykk til gamle 4. divisjon og laget
spelte der i to sesongar. Så var "storheitstida" over
for denne gong. Laget gjekk frå strake vegen frå gamle 4.
til 6. divisjon. 25 år skulle det gå før Stordal
igjen var tilbake på nivå 4 i norsk fotball, og med knappe
1000 innbyggjarar i kommuna viste Stordal imponerande resultat på
første halvdel av 1990-talet då laget laget fekk 5 strake
sesongar i 3. divisjon. Stordal rykte ned igjen i 1995 og spelte 6 sesongar
i 4. divisjon før dei på ny var tilbake i 3. divisjon i
2002.
Etter 1 siger på 42 kampar i 2003 og 2004 greidde Stordal i 2005
å stoppe den negative trenden med å stå i 5. divisjon.
I fjor overraska ein dei fleste med å knipe 2. plassen og dermed
henvise den soleklare opprykkskandidaten MSIL til fortsatt 5. divisjonsspel.
Vil Stordal overraske igjen?
Styrke:
To gode angriparar
Ingenting å tape
Stordal har to veldig gode angriparar i Jahn Morten Overå og Petter
Aksel Kirkebøe. Overå er rutinert og lur. Kirkebøe
lynrask. Begge er gode til å avslutte, og med dei rette oppspela
klarer desse to til saman nærmare 30 seriemål i 4. divisjon.
Dei er óg saman med midtbanen flinke til å vinne ballen
høgt oppe på bana. Det er nok slik Stordal sine fleste
sjansar og mål vil kome. Stordal er dømt nord og ned, og
har dermed ingenting å tape. Det kan då hende at fleire
av motstandarane vil undervurdere laget og ikkje vere fullt ut konsentrert
frå start av, slik Norborg var i ein treningskamp for ein månad
sidan.
Svakheiter:
Forsvar
Tynn stall
Førebuing
Då vi såg forsvaret hadde dei både tempoproblem og
tekniske problem. Her vart det mykje drusing og lite pasningar med tanke
bak. Midtbane og angrep måtte stadig springe etter ball. Dette
tærer på kreftene, og vi trur ikkje Stordal er blant dei
best trente laga i divisjonen. Stordal trenar stort sett inne om vinteren,
og med få kampar er førebuinga dårlegare enn hos
dei mange andre laga i divisjonen som enten har, eller leige kunstgrasbane.
Stordal er kanskje det laget i divisjonen som er mest utsett for skader.
Første elleveren er ujamn nok som den er, og må unngå
skader på støttespelarar om det ska vere snev av håp.
Vårt tips: 12. plass
Stordal har ikkje forsterka laget sitt sidan opprykket i fjor, og sjølv
om her er 2-3 spelarar som hadde heva eitkvar lag i 4. divisjon, så
tvilar vi på at det totalt blir godt nok til å ta dei nødvendige
21 poenga som skal til for å halde seg. Vil heilt sikkert ta fleire
poeng enn i 2004, men må belage seg på ein rask retur til
5. divisjon.
Nøkkelspelarar: Petter Aksel Kirkebøe og Jahn Morten
Overå
Vårt Stordal-minne: Norborg og Stordal har ikkje møtt
kvarandre så mange gongar dei siste 20 åra. I 2004 vann
Norborg begge kampane med henhaldsvis 3-0 og 6-2. Den mest spetakulere
kampen mot Stordal fann stad for berre nokre veker sidan. Stordal leia
3-0 over eit sløvt Norborg-lag, men utruleg nok snudde oransjetrøyene
til 5-3 siger. Det er første gong vi er vitne til at Norborg
har kome tilbake etter 3 mål bak. Som regel har det brukt å
vere omvendt...
|