|
Om
Rollon
Blåtrøyene frå Larsgården er blant dei mest
ærverdige laga vi har her på Sunnmøre, med stolte
tradisjonar innan både fotball og handball. Diverre for Rollon-gutane
begynne det å bli svært mange år sidan.
Før 2. verdskrig oppnådde Rollon ein 3. plass i 1938 og
ein 4. plass i 1939 i det ein kalla Norgesserien distrikt VII. Dette
var spel på høgste nivå den gongen. Rollon behaldt
forma gjennom krigen og i Sunnmørsposten 24. mai 1946 kan vi
lese at B-laget til Rollon banka Guard 10-0 i 2. divisjon. Det er altså
ikkje berre i dagens fotball 2. laga skapte bryderi... Meir om 2. divisjonskampen
mellom Rollon 2 og Guard kan spesielt interesserte lese her.
Rollon stilte for øvrig eit lag i 3. divisjon også denne
sesongen.
Rollon haldt seg blant dei beste klubbane i fylket nær sagt heile
1950-talet, men i 1958 måtte ein ta turen ned til 3. divisjon
avd. Sunnmøre. På dette nivået spelte ein fram til
1962 då det på grunn av omlegging av divisjonssystemet vart
nedrykk til 4. divisjon. Ein divisjon ein fann seg i fram til 1975 då
ein vart kretsmeistrar og rykte opp til 3. divisjon avd. Møre.
Dei neste 10-11 åra veksla ein mellom spel i 3. og 4. divisjon,
men i 1986 måtte ein ned i 5. divisjon. Nedrykket kom på
dramatisk vis. Bergsøy stod med 28-36 og 19 poeng, mens Rollon
måtte ta den tunge turen ned med 27-35 og 19 poeng. Dette var
første gong Rollon var på eit så lavt nivå.
På 90-talet starta dei verkelege tunge åra for fotballen
i Rollon. Laget gjekk strake vegen frå 4. til 6. divisjon i 91
og 92, mens ein før 1995 sesongen trakk laget og gjekk inn i
eit samarbeidsprosjekt kalla Nørvøy, eit lag som berre
haldt ut i ein sesong. Ikkje før i 2000 kom Rollon tilbake med
a-lagsfotball. Med bl. andre Tor Ola Pracy på laget var dei favoritt
i 6. divisjon, men Skarbøvik2 og Norborg øydela opprykket,
og det skulle ta nokre år før Rollon igjen starta si ferd
mot høgare divisjonar, men då gjekk det raskt. I 2004 og
2005 rykte ein opp med god margin og fekk spele i 3. divisjon i 2006,
men måtte tåle nedrykk då SIF ikkje kvalifiserte seg
for 2. divisjon.
Styrke:
Merittert trenar
Solid 1. ellevar
Stayer-evne
Det gjekk ei stund før Rollon fekk på plass ein erstattar
for Stig Johansen, men når han først kom vart det ingen
mindre enn Stig Monsen. Stig Monsen har trent Hødd, Langevåg,
Moldekameratene, Malmefjorden, Rival, Hosle og Hasle/Løren. I tillegg
har han vore assistenttrenar for Ivar Morten Normark i AaFK, og med
spelarerfaring frå Molde, så er det ingen kven som helst.
Så får vi sjå om meir sindige Monsen klarer å
bli like stor Rollon-helt som meir ville Elling Kjærstad. Rollon
har ein solid 1. ellevar med spelarar som blant anna Kenneth Ove Sunde
(ny frå Langevåg), Alexander Løwensprung, Kim Haagensen,
Johan Strand, Kristian Tafjord, Rikard Ytterlid og etterkvart fjorårstoppscorar
Alf Petter Årdal. Held desse seg skadefrie blir det vanskeleg
å ta poeng mot kvittrøyene. Sist Rollon var i 4. divisjon
viste dei ein enorm stayer-evne og greidde gong på gong å
dra i land eittmålssigrar. Er denne evna på plass i år
også, sjølv om Kjærstad ikkje står å
ropar på sidelinja?
Svakheiter:
Keeperproblem?
Kamptrening for dei nest beste
Rollon har ingen tydelege svakheiter. Sidan keeper Bjørnar Hoel
har gått over i ei anna stilling i klubben enn å stå
i mål, så kan det bli litt tynt med berre Kristian Muriaas
som keeper. Men Hoel kan jo fort ta på seg handskane igjen om
det skulle bli nødvendig. Rollon har verken 2. lag, 7'ar lag
eller eit juniorlag i Nordea-serien. Det blir dermed smått med
kamptrening for dei nest beste.
Plassering: 1. plass
Rollon blir vår favoritt til å vinne 4. divsjon 2007. Rollon
si leiing har i det siste jobba godt på fleire område, og
ser ut til å ha fått på plass både eit godt
lag og støtteapparat. Laget har vunne 3 av 4 kampar mot divisjonskollegaer,
og har i tillegg slått Langevåg to gongar og Spjelkavik
ein gong. Har ein rutinert trenar, ein god tropp og vil bli styrka utover
sesongen med Årdal og Nordstrand-karane. Det skal bli vanskeleg
å stoppe Rollon sitt 4. opprykk på 6 sesongar.
Nøkkelspelarar: Kenneth Ove Sunde, Alexander Løwensprung,
Kim Haagensen og Johan Strand
Vårt Rollon-minne: Det sterkeste minnet handlar om nokre
hendingar på Uggedal stadion 16. juni 2005, men det huskar vel
dei fleste, så vi fokuserer på noko positivt i Norborg-auge,
og vender tilbake til Søvikdalen måndag 4. september 2000.
Det er denne kvelden toppkamp i 6. divisjon mellom Rollon (nr. 2) og
Norborg (nr. 4). Rollon vil med siger rykke frå Norborg i opprykkskampen,
og oransjetrøyene har såleis kniven på strupa. Norborg
kom til kampen med 4 strake sigrar og 28-4 i målforskjell. Rollon
på si side hadde blitt offer for Skarbøvik2 og Spjelkavik2
sin "La Rollon bli i 6. divisjon"-kampanje, og stod med to
tap. Folk møtte mannsterke opp denne fine seinsommardagen i Søvikdalen,
og heimelaget svara med festfotball. Etter ei litt nervøs opning
greidde Norborg å få tomålsleiing til pause. Rollon
vart frustrerte, medan Norborg leika seg meir og meir. Til slutt stod
det 7-1 på blokka, og Norborg var for første gong sidan
1996 på opprykksplass. Måla til Norborg vart scora av Kim
Idar Krogsethagen 2, Tarjei Urkedal 2, Roger Kjørsvik, Alex Gamlem og
Christian Søvik
|