|
Om
Ørskog
Ørskog IL spelar i blått og kvitt og er einaste klubben
i kommuna med samme namn. Laget spelar sine heimekampar på Ørskog
gras på Sjøholt. Å finne historisk stoff om Ørskog
si fotballgruppe er ikkje det enklaste. Det vi veit er at laget enda
nest sist i 6. divisjon avd. A i 1968, for øvreg debutsesongen
til Norborg. Ørskog har stort sett spelt i det vi no kallar 4.
og 5. divisjon, men i 1990 vart laget krinsmeister i den gamle 5. divisjon
med god margin på nabo Stordal. På grunn av omlegging av
divisjonssystemet vart det eit "dobbelt" opprykk på
Ørskog dette året, og laget kunne kalle seg ein 3. divisjonsklubb.
Laget opna bra i 3. divisjon og om ikkje minnet spelar oss eit puss,
så leia laget divisjonen etter to kampar. Opphaldet i 3. divisjon
vart likevel kort. Laget kom nest sist og rykte ned. Grytastrandar Trond
Olsen spelte for øvreg på Ørskog dette året.
Då Norborg starta sin opptur i 2000, var Ørskog inne i
ein nedgongsperiode. Laget enda sist i 5. divisjon og spelte tre sesongar
i 6. divisjon før ein var tilbake i 5. divisjon i 2004. Etter
eit par sesongar litt over midten tok ein i fjor eit suverent krinsmeisterskap
og er igjen tilbake i 4. divisjon. Treningskampane i vinter tyder på
at laget står godt rusta for spel i 4. divisjon.
Ørskog har elles ein aktiv supporterklubb i Murerane.
Styrke:
Positiv trend
Interesse
Tempo offensivt
Lag som kjem opp ein divisjon tek ofte med seg den positive trenden.
Det har så absolutt Ørskog gjort i treningskampane sine.
Laget har slått sterke motstandarar som FK Sykkylven, Rollon og
Godøy. Skulle det bli siger borte mot Herd 19. april, kan dette
bli ein flott sesong for Ørskog. Interessa rundt Ørskog
seiast å vere stor. Laget har bra med tilskodarar og ein aktiv
supporterklubb.
Vi har berre sett Ørskog ein gong i år. Då stilte
både Ørskog og motstandar Norborg noko redusert, men dersom
vi legg denne kampen til grunn så spelar Ørskog rask kontringsfotball.
Laget flytta seg raskt i angrep og kom ofte i overtal mot Norborg sitt
forsvar.
Svakheiter:
Breidde
Rutine
Det er 14 år sidan Ørskog sist var på dette nivået,
og vi er usikker på kor mange spelarar som har erfaring frå
3. eller 4. divisjon. Carlos Mora har fått prøvd seg i
3. divisjon med Spjelkavik. Ole Lukkedal har vore innom Stranda og Volda,
medan Nils Petter Dyrkorn veit også kva som skal til. Vi trur
heller ikkje Ørskog har like god kvalitet på stallen som
mange av laga på øvre halvdel, og er meir utsett for skader
gjennom ein lang sesong.
Vårt tips: 7. plass
I januar så utpeika Ørskog seg som ein klar nedrykkskandidat,
men laget har sidan då imponert med fleire sterke resultat. Sidan
i fjor har laget styrka forsvaret med Joackim Erstad frå Skodje
og midtbana med Carlos Mora (Spjelkavik). Dersom desse, samt fjorårets
støttespelarar som blant anna toppscorar Kjell Duber-Tangen,
Frank Abelset og Ole Lukkedal held seg skadefrie, så vil Ørskog
kjempe rundt midten av tabellen.
Nøkkelspelarar: Ole Lukkedal, Frank Abelseth og Kjell
Duber-Tangen
Vårt Ørskog-minne: Det er 24 år sidan Norborg
og Ørskog møttast i serien, men 7'ar laga møttast
til kamp ifjor. Då var vi vitne til eit ampert Ørskog-lag
som var ute etter skalpen på det då uovervinnelege Norborg
7'ar. Etter ein del krangling på stillinga 5-4 til oransjetrøyene,
starta ein å spele fotball og Norborg vann 10-6.
|