|
Om
Norborg
Norborg har dei siste åra hatt stor framgang både på
og utafor bana, og har gått frå ein anonym tilværelse
i 6. divisjon til å bli ein gjengangar 4. divisjon. Oransjetrøyene
tek no fatt på sin 5. strake sesong på dette nivået.
Norborg har sjeldan utmerka seg når det gjeld fotball. Sidan starten
i 1968 har ein nesten alltid vore i dei to nederste divisjonane. Unntaka
er åra 1981-83. Då spelte laget i det ein no kallar 4. divisjon.
Mangel på talent har det likevel ikkje vore, men desse har endten
reist på sjøen, på skule, eller gått til klubbar
i høgare divisjonar.
Dei siste åra har ein derimot fått behaldt stammen i
laget, og denne kontinuiteten har bore frukter. Basert på eigne
talent har laget gått frå botn 6. divisjon til å bli
eit stabilt 4. divisjonslag.
Styrke:
Heimebane
Treningskultur
Innsats
Norborg fann igjen tilbake til si solide heimeform ifjor etter ein svak
2005 sesong. Heile 28 poeng plukka oransjetrøyene i sesong to
på Uggedal stadion. Til samanlikning tok krinsmeister Brattvåg
24 på si heimebane. Framfor sitt talrike publikum med "mødreberget"
i spissen er innsatsen og entusiasmen stor, og det er innsats som er
nøkkelordet for Norborg sine resultat og framgong dei siste åra.
Spelarane spelar med hjarte utapå drakta og vil blø for
klubben dei har blitt oppfostra i. Treningskulturen er også betre
enn hos dei fleste divisjonskollegaene. Jamt over 20 mann møter
på trening, same om det er sykling, jogging eller fotball som
står på kalenderen.
Svakheiter:
Stjernene er borte
Borteform
Stabilitet
Norborg har mista begge toppscorarane frå ifjor, samt Kim Idar
Krogsethagen og Adrian Håbet. Vi kan vel dermed seie at Norborg
har mista stjernespelarane, og at det er grovarbeidarane som står
igjen. Om dette er negativt totalt sett gjenstår å sjå,
men i jamne kampar vil nok Norborg merke at spelarane som kunne avgjere
kampar på eigen hand er borte. Norborg si svake borteform hindra
laget i å ta ei topp 3 plassering ifjor. I mange tilfeller reise
oransjetrøyene rundt om på Sunnmøre med ei langt
meir defensiv halding, og det innsatsfylte laget vi ser på Uggedal
stadion er ikkje til å kjenne igjen. Er det ho mor ein saknar
på desse turane?
Vårt tips: 5. plass
Norborg
har mista nokre spelarar frå ifjor, men prestasjonane i vinter
har likevel ikkje vore noko svakare enn ifjor. I dei kampane ein har
stilt tilnærma fullt mannskap, har laget framstått som minst
like gode som sine divisjonskollegaer. Laget er i stand til å
slå samtlege i divisjonen, men også til å tape mot
dei svakaste. Det er då også manglande stabilitet som er
grunnen til at Norborg ikkje har greidd å ta steget bort frå
4. divisjon. Gong på gong har ein kome på etterskot etter
svake resultat på våren. Gullkulla frå slutten av
80-talet utviklar seg stadig, og fleire er no viktige brikke på
laget. Stadig utvikling på desse gjer at Norborg er på omtrent
same nivå som ifjor, og vi trur laget tek sin fjerde 5. plass
på 5 år.
Nøkkelspelarar: Steffen Grytten og Tarjei Urkedal
Vårt Norborg-minne: 30. september 2000, Ravn/Brattvåg2-Norborg.
Norborg ville sikre 2. plass i 6. divisjon med siger, men skuffa spelemessig
mot eit Ravn-lag beståande av fleire a-lagsspelarar frå
Brattvåg, og greidde berre 3-3. Sidan
alle rekna med at opprykksrival Rollon slo botnlaget Fiskerstrand, jubla
vatningar og brattvågarar
over å ha hindra Norborg sin sjanse til å spele kvalifisering.
MEN, så kom resultatet frå Lømyra. Fiskerstrand hadde
haldt Rollon til uavgjort, og Norborg kunne sleppe laus ein ellevill
jubel. Draumen om opprykk var ikkje over og litt seinare vart den realisert.

Vil norborgarane strøyme til stadion i år også?
|