Vårt tips: 9. plass

Larsnes/Gursken


Plassering 2006:

Nr. 11 i 4. divisjon

Heime 2006:

4-2-5 23-31

Borte 2006:

1-0-10 18-35

Toppskårar 2006:

Thomas Sætre-Hauge 13 mål

Spelartilgang:

Steffen Moltu (Bergsøy), Leiv Sindre Muren (Hødd) Ole Kristian Kleppe og Robert Sætre (eigen stall

Spelaravgang:

Ståle Torset (langtidsskade) og Asle Johansen (lagt opp)

Beste serienotering:

11. plass i 4. divisjon (2006)


Siste 5 år:

2002

-

-

2003

-

-

2004

6. divisjon

2. plass i avd. B

2005

5. divisjon

2. plass

2006

4. divisjon

11. plass


Treningskampar:
??.?? Hødd2 (b) 1-5
21.01 Ørskog (vs) 4-0
17.02 Hødd2 (b) 1-4
24.02 Herd (vs) 2-7
10.03 Hødd2 4-3
24.03 Eid2 (b) 9-5
30.03 ÅVK 1-2
04.04 Ørsta (b) 7-2

Larsnes/Gursken sin lagleiar Jarle Gunnarstein tok seg tida til å svare på norborg.com sine spørsmål.

1. Kva er målsettinga til Larsnes/Gursken komande sesong?
Målsettinga er å gjere det best mulig. Prøve å kjempe på øvre halvdel av tabellen i år.

2. Fornøgd med treningsoppmøtet?
Vi har i år vore litt under fjorårets snitt på trening. Variert fra 12-20. Mest på fredagene p.g.a at vi har spelarar på skule på mandag og onsdag.

3. Fornøgd med treningskampane?
På treningskampene øver vi spesielt på det offansive spelet. Dette medfører at vi slepper inn litt for mange mål. Forventer at dette skal bedre seg når vi nærmer oss seriestart.

4. Har dere fått nye spelarar sidan i fjor?
Nye fra i fjor: Steffen Moltu, Leiv Sindre Muren. Begge vil være med å heve nivået på laget. Vi har tatt opp 2 fra egen juniorstall. Ole Kristian Kleppe og Robert Sætre.

5. Avgang?

Ståle Torset (langtidsskade) og Asle Johansen (lagt opp forløbig)

6. Kven trur du kjem til å rykke opp?
Opprykket blir mellom Rollon, Bergsøy, Herd og Godøy.

7. Dere fekk jo ein gratisplass i årets 4. div. pga at SIF2 trakk laget. Kva har dette betydd for laget og står dere betre rusta framfor årets sesong enn i fjor?
For laget var det ei vitamininsprøyting å få beholde plassen. Vi føler vi har blitt 1 år bedre i tillegg til at vi har fått forsterka stallen. Vi skulle hatt en keeper til for å styrke konkuransen om den plassen.

8. Vi tipper Larsnes/Gursken på 9. plass. Kva er din kommentar til det?
Målsettinga vår er bedre enn 9 plass. Vi prøver å vinne kvar kamp og så får vi sjå kor langt det rekker.

9. Noko du har på hjartet til norborg.com sine lesarar?
Vi håper vi vil overraske positivt med offansivt og underholdane spill både på heime- og bortebane. Vi vil også få lov å ønske alle laga i divisjonen lykke til med sesongen og håper at 4. divisjon blir underholdande og severdig for publikum.

norborg.com takkar Jarle Gunnarsten for at han tok seg tid til å svare på spørsmåla våre, og ønsker Larsnes/Gursken lykke til med sesongen.

Om Larsnes/Gursken

Etter ein svak 2003 sesong der både Gursken og Larsnes rykte ned frå 5. divisjon, og hadde problem med å skrape saman 11 spelarar til kvar kamp, valde dei å slå seg saman.

Suksessen for samarbeidslaget slo til umiddelbart. Etter at laget tok 2. plass i 6. divisjon avdeling B, slo dei sigersvande Fiskerstrand i kvalifiseringskampane. Men opprykksfesten slutta ikkje der. Året etter kom laget sterkt med 8 sigrar og 1 uavgjort på dei siste 9 kampane. I siste serierunde måtte laget ta fleire poeng enn Spjelkavik2. Gursken/Larsnes gjorde jobben sin og vann 4-2 over FKS2, men var avhengig av allereie opprykksklare Hovdebygda for å passere Spjelkavik2. Hovdebygda gjorde jobben sin, vann 2-1, og samarbeidslaget kunne juble for opprykk.

Den første sesongen i 4. divisjon vart knallhard for laget som fekk kallenamnet GuLars her på sida ein gong ifjor. GuLars måtte vente til 5. serierunde før dei kunne juble for poeng. Då vart sjølvaste Blindheim slått 2-1 heime i Gursken. Laget fekk då ein oppsving, tok 10 poeng på 5 kampar, og var plutseleg over nedrykksstreken. Men så kom gamle synder igjen, og hausten var mørk i Sande dette året. Laget kom på 11. plass og nedrykk var eit faktum heilt til Skarbøvik fann på å trekke 2. laget frå 4. divisjon. Dermed var GuLars igjen klare for 4. divisjon, berre veke etter at dei hadde rykt ned.

Då Gursken og Larsnes stod på eigne bein, var Gursken mest kjent for talentutviklinga si, medan Larsnes var laget som hadde dei beste plasseringane, med fleire sesongar bak seg i 4. divisjon.

Styrke:
Teknikk
Talentutvikling
Entusiasme

GuLars viste seg ifjor som eit lag med fleire gode teknikarar og var då absolutt ikkje noko kick-and-run lag. Fin fotball langs bakken og gode enkeltprestasjonar fekk vi sjå både på Larsnes og i Uggedalen. Spesielt Gursken har vore flinke på talentutvikling, og Hødd har nytt godt av dette. I fjor sommar stakk Andreas Brune Rekdal frå GuLars for å spele i den blå og kvite Hødd-drakta. Publikummet på Larsnes var både talrikt og engasjert, og støtta laget med heiing då dei trang det som mest. Flott stemning på Larsnes.

Svakheiter:
Defensivt
Ujamt lag
Borteform

GuLars sleit defensivt ifjor og slapp inn 3 mål i snitt. Laget har sluppe inn endå meir i vinterens treningskampar og må stramme opp organiseringa dersom det ikkje skal bli nedrykk (i år også). GuLars har fleire dyktige fotballspelarar, men når ein må stille med 11 mann på bana, blir det for ujamt. Halve laget høyre heime i 3.-4. divisjon, medan andre halvparten fortsatt er på 5.- 6. divisjonsnivå. GuLars tok ifjor 14 av sine 17 poeng heime. Ein bortesiger er for svakt og det er spesielt defensivt det gjekk gale på utebane. Vi trur at Gulars også i år må belage seg på å ta poenga heime.

Vårt tips: 9. plass
Vi trur GuLars blir nokre hakk betre enn ifjor, og held seg vekke ifrå den verste botnstriden. Kampresultata i vinter er langt betre enn på same tid ifjor, og laget har fått tak i ein god spelar som Steffen Moltu, med rutine frå 3. divisjon. Thomas Sætre-Hauge er etter det vi veit fortsatt GuLars-spelar, og med han er laget garantert nærmare 20 mål. Dersom ein unngår skader på sentrale spelarar kan GuLars bli den store overraskinga i divisjonen, men vi trur stallen er for sårbar og at laget endar på 9. plass.

Nøkkelspelar: Steffen Moltu, Johnny Moltubakk og Thomas Sætre-Hauge.

Vårt GuLars-minne:
To nerverpirrande seriekampar mot dette laget ifjor. Det enda med siger heime og uavgjort borte. Elles huskar vi GuLars si alltid imøtekomande og engasjerte lagleiing. Slik skal det vere.