|
Om
Herd
Herd er ein tradisjonsrik klubb på Sunnmøre som kom tidleg
med i seriespelet. Alt i 1948 vann dei 2. divisjon avd. Møre
og rykte opp i 1. divisjon distrikt 7. Dette var ei rein Møre
og Romsdals avdeling på nivå 2 i Noreg. Herd viste seg her
som eit nummer for små og endte på sisteplass med 1 siger
og 1 uavgjort på 10 kampar. Likevel, det er ikkje mange lag som
kan skryte av ein 6. plass i 1. divisjon...
Herd var blant fylkets beste lag fram til lant utpå 1970-talet
og tok blant anna 1. plassen i 3. divisjon avd Møre både
i 1965, 1966 og 1968. Blåtrøyene slo då lag som Molde
og AaFK, men trass 1. plassen greidde ein ikkje å vinne kvalifiseringskampane
om spel i 2. divisjon.
På 1980-talet kom nedturen og laget har sidan variert mellom det
vi no kallar 3., 4. og 5. divisjon. I 1999 måtte ein til og med
slå seg saman med Spjelkavik sitt 2. lag, noko som ikkje ga noko
suksess. I 2003 var Herd tilbake på eigne bein og i 2004 greidde
ein å rykke opp i frå 5. divisjon og har levert brukbare
resultat i 4. divisjon. Elles er Herd ein bra talentfabrikk, men desse
får a-laget sjeldan nytte seg av sidan naboklubbar hentar dei.
Styrke:
Trenaren
Talentfabrikk
Treningsfasilitetar
Herd har skaffa seg ein dyktig trenar i Kenneth Moldskred. Han har levert
sterke resultat med Hareid, og mange var svært overraska då
det kom fram at han hadde takka ja til å trene 4. divisjonsklubben
Herd. Moldskred vil nok løfte dei mange unge spelarane hos blåtrøyene.
Klubben har 4. divisjons beste treningsfasilitetar med eiga kunstgrasbane
med undervarme. Dette gjer at Herd ligg framfor mange av dei andre laga
på vinteren/tidleg vår.
Svakheiter:
Forsvar
Moral
Talenta forsvinn
Lita interesse
Herd slapp inn flest mål av samtlege i fjorårets 4. divisjon
med 87 mål. Laget hadde då ein tendens til å rakne
fullstendig når ein først kom under. Moralen i laget er
dermed ikkje den beste. I vinterens treningskampar har ein sleppt inn
litt over 2 i snitt. Dette er ei betring samanlikna med fjorårsvinteren.
Likevel, blir dette forsvaret sett under press, går klareringane
i hytt og gevær.
Herd er blant dei største klubbane i Møre og Romsdal,
men interessa rundt A-laget er minimal og 100-150 på tribuna kan
Herd berre draume om. Bortesupportarane er nær sagt alltid i fleirtal
på Herdtun.
Vårt tips: 6. plass
Herd har levert gode resultat i vinter, men det gjorde dei også
på same tid ifjor. Etterkvart som dei andre laga hentar igjen
Herd sitt forsprang når det gjeld trening med ball, sakker Herd
akterut. Alt i alt trur vi Herd blir eit par hakk betre enn i fjor.
Laget blir for ustabilt til å henge med i toppen, men har bra
nok mannskap til å unngå botnstriden. 6. plass på
Kenneth Moldskred sine disiplar.
Nøkkelspelarar: Pål Inge Sæbø, Jan
Marius Ringstad og Stian Haram.
Vårt Herd-minne: Norborg-Herd på Uggedal grus, 29.
september 2002. Eit heimelag med KM-tittelen i lomma rundspelte Herd
i denne kampen. Ein halvtime før slutt scora Morten Kalvø
sitt første seriemål gjennom tidene då han la på
til 8-0. Dermed var det berre ein mann igjen på laget som aldri
hadde scora eit seriemål, nemleg Jan Even Drønnesund. Dette
ville han gjere noko med. Han får ballen på eigen halvdel, driblar seg
framover, spelar vegg med Kim Krogsethagen, og er plutseleg aleine med
keeper. Drønnesund tek seg god tida og skyt, ballen rullar sakte over
sølepytten mot mål. Skulle han endeleg få sitt første
seriemål? NEI!! ballen stryk utsida av stolpen, og nok ein gong
måtte han gå mållaus av bana.
|