|
Om
Godøy
Godøy har oppgjennom åra sjeldan utmerka seg på fotballbana,
og har stort sett vore nr. 3 klubben i Giske kommune, men det var før
2004. Då var laget for første gong i 3. divisjon og kapra
mykje spalteplass i Sunnmørsposten grunna ein fenomenal vår
der laget banka både Skarbøvik og Valder og stod utan tap
på dei første 7 rundene. Dei fleste utpå "gøyna"
gjekk rundt å gliste frå øyre til øyre i heile
mai, men behaldt fortsatt beina på bakken og sa at det var ståplass
som er og blir målsettinga.
Etterkvart som regnversskyene la seg over Sunnmøre begynte Godøy
å få det tyngre og tyngre. Laget kom nærmare og nærmare
botnlaga, men då laget slo AaFK2 og hadde 27 poeng når det
gjenstod 3 runder, følte dei fleste seg trygge på at ein
ville halde plassen. Men så skjedde ikkje. I siste runde passerte
Ørsta, og Godøy måtte satse på at Skarbøvik
greidde å tukte romsdalslaget Træff i kvalifiseringa til
2. divisjon. Men heller ikkje her gjekk det godøyingane sin veg,
og for første gong rykte eit lag med heile 27 poeng ned frå
3. divisjon Sunnmøre.
I 2005 var Godøy lenge med i opprykkskampen, men med eit Hødd
2. lag som stadig satsa sterkare på opprykk måtte raudtrøyene
skyte ei lang pil etter ein av dei to opprykksplassane. Sist sesong
skuffa raudtrøyene og endte på 6. plass. Blir det betre
i år?
Styrke:
Vinnarvilje
Jamn stor stall
Engasjement
Godøy er normalt eit hardtarbeidande lag som osar av vinnarvilje.
Her spelar ein med hjarte utanpå drakta og ein gir seg ikkje opp
før kampen er over og vel så det. Også på tribuna
er vinnarviljen og engasjementet stort. Før om åra kanskje
vel stort, noko som gjorde godøyingane berykta. No har det blitt
eit sunt engasjement rundt klubben. Noko som gjer det alltid artig å
møte Godøy. Raudtrøyene har ein jamn og stor stall.
Dette gjer at ein ikkje er så utsett for skader som mange av dei
andre laga i divisjonen.
Svakheiter:
Stabilitet
Defensivt
Keeper på hausten?
Godøy sitt problem i fjor var mangel på stabilitet. Laget
vann aldri meir enn ein kamp eller to på rad før tapet
kom. Dermed enda dei nede på ein skuffande 6. plass. I fjor slapp
ein inn over to mål i snitt. Det same har ein gjort i treningskampane.
Dette må forbetrast om Godøy skal rykke opp. Aldri før
har eit lag i 4. divisjon rykt opp med snitt på 2 mål eller
meir i baklengs pr. kamp. Så her må Godøy skjerpe
seg. Raudtrøyene kan også få eit problem på
keeperplassen. Øyvind Akerø tok over handskane ifjor,
men etter det vi har høyrt vil han bort frå klubben når
kontrakta går ut til sommaren. Kven skal då stå i
mål? Ein kan ikkje drive å låne keeper med motstandarar
i serien...
Vårt tips: 3. plass
Hard jobbing frå start til slutt har vore Godøy sitt kjennemerke
dei siste åra, men i tillegg til innsats har dei nokre dyktige
teknikarar. Noko som gjer dei til eit av Sunnmøres beste innelag.
Godøy scora mange mål ifjor og har fortsatt med det i vinter.
Laget mangla ifjor ein spelar som kunne jakte toppscorartittelen, men
fjorårets midtbanespelar Svein-Arve Alnes spelar i år spiss,
og kan nå eit tjuetals scoringar om han held seg skadefri. I treningskampane
har det blitt 11. I tillegg har den unge spissen Trond Brynestad fått
eit år til på baken. Vi trur Godøy blir betre i år
enn ifjor, og kjem til å kjempe om opprykk til siste slutt. Spørsmålteikna
er keeper og defensiv styrke. Må sleppe inn langt mindre enn i
fjor om det skal bli opprykk, det trur ikkje vi skjer, og bitter 3.
plass for raudtrøyene.
Nøkkelspelarar: Erlend Holmen, Svein Arve Alnes og Trond
Valkvæ
Vårt Godøy-minne: Vi kunne lett sagt baneopninga
i Uggedalen, men det er likevel ein haustkamp i 2003 vi forbinder med
Godøy. Norborg hadde hatt ein svært sterk haustsesong og
gått frå botn til toppen etter fem strake sigrar. 6. september
var det klart for toppkamp Godøybana gras. Med siger ville Norborg
ha svært gode opprykkssjansar, med tap var i realiteten alt håp
ute. Norborg fekk ei dårleg oppladning til denne kampen. Ein måtte
nemleg spele i Godøy sine bortetrøyer. Dette fordi Godøy sine raude
og Norborg sine oransje likna for mykje på kvarandre. På kampen
fekk Norborg ei katastrofal opning og låg under 3-0 før
ti minutt var gått, men norborgarane ga ikkje opp og pressa heimelaget
kraftig. Diverre vart for mange store sjansar brent, og ein måtte
gå av bana med 3-2 tap. Det Norborg presterte denne haustsesongen
vil vi påstå er det beste i klubbens historie. Berre så
synd at desse ti minutta i koma skulle hindre 3. divisjonsspel sesongen
2004. (Norborg kom til slutt 7 poeng bak Godøy på tabellen,
men vi rekna med at laget hadde vore ein god del meir motivert, og tatt
langt meir enn eitt poeng i sine to siste kampar dersom det stod om
opprykk).
|