Vårt tips: 4. plass

Bergsøy


Plassering 2006:

Nr. 12 i 3. divisjon

Heime 2006:

4-3-4 25-22

Borte 2006:

0-1-10 12-37

Toppskårar 2006:

Gustav Pettersen og Preben Hestad, begge med 10 mål

Spelartilgang:

Frank Sverre Skorpen (Spjelkavik)

Spelaravgang:

Martin Molnberg (Hareid), Kjetil Paulsen (Hødd), Steffen Moltu (GuLars), Preben Hestad (Tjørvåg), Toni Sandanger (Gjerdsvika) og Jonny Leikanger (Gjerdsvika)

Beste serieprestasjon:

12. plass i 2. divisjon (dagens 1. divisjon) i 1981


Siste 5 år:

2002

3. divisjon

1. plass

2003

3. divisjon

8. plass

2004

3. divisjon

3. plass

2005

3. divisjon

10. plass

2006

3. divisjon

12. plass


Treningskampar:
14.02 ÅVK 2-0
21.02 Hødd2 2-3
07.03 Tjørvåg 10-1.
10.03 Hareid 2-3
16.03 Ørsta (b) 3-2
30.03 Hødd2 2-4
09.04 ÅVK 1-4

Bergsøy tok seg ikkje tida til å svare på norborg.com sine spørsmål.


Om Bergsøy

Bergsøy melde seg inn i Sunnmøre Fotballkrets 7. mai 1951 og vart opptatt i den tids 3. divisjon. Laget greidde seg godt frå første kamp, og året etterpå vart fosnavågarane vinnarar av 3. divisjon. På 1960-talet veksla laget på å spele i 4. og 5. divisjon etter den gongs system. I 1969 tok laget eit steg mot toppen av Sunnmørsfotballen då ein vann 4. divisjon og seinare kvalifiseringa mot Sunndal og Bryn. Møre og Romsdal hadde den gong eiga avdeling på nivå 3, og Bergsøy skulle opp mot lag som Molde og Clausenenga.

Bergsøy var på 70-talet eit stabilt godt 3. divisjonslag og tok fleire pallplasseringar før ein detonerte bomba i 1980 ved å vinne divisjonen framføre Skarbøvik med Tornado, Ålesund og Stjørdals/Blink hakk i hel. Livet i 2. divisjon (dagens 1. divisjon) vart kortvarig for herøyingane. Likevel, ein banka Tromsø 4-1 og gjekk gjennom divisjonen utan å tape for Åge Hareide og Molde (2-0 og 2-2). Desse poengtapa mot Bergsøy førte til at Sogndal tok opprykksplassen frå Molde, som måtte spele kvalifisering.

Etter å ha ete kirsebær med dei store kom kvardagen tilbake til Bergsøy, og i 1985 var dei tilbake i 4. divisjon Sunnmøre. Laget har sidan då spelt på dette nivået med nokre få unntak i divisjonen under. Den dei skal prøve å kjempe seg opp frå i år.

Styrke:
Unge svoltne spelarar
Frykta heimebane
Divisjonen sin beste spiss

Bergsøy har eit ungt og lovande lag som beit godt ifrå seg på slutten av fjorårssesongen. Diverre for herøyingane var det ikkje godt nok til å overleve. Det var først og fremst ei grusom borteform som sendte klubben ned ein divisjon. Heime beit ein godt frå seg, noko som vi trur skjer i år også. No på ny kunstgrasbane. Vel og merke når dei får den ferdig. Fleire gode spelarar har forlate klubben sidan i fjor, men heim kom 3. divisjon sin toppscorar Frank Sverre Skorpen. Med han på plass har dei divisjonens beste spiss. Greier han å overgå Kim Idar Krogsethagen sine 32 mål frå 2003?


Svakheiter:
Førebuing
Utsett for nabogribbar

Bergsøy stod utan trenar til langt på vinteren, og er på mange måtar dårlegare førebudd enn mange av dei andre laga. Til slutt kom Tom Beddari på plass. Ein dyktig trenar gjennom fleire år hjå Bergsøy. Likevel, få kampar og nokre månadar utan trenarteam er ikkje bra. Fleire av naboklubbane sirkulerte rundt Bergsøy sine beste spelarar. Talentet Kjetil Paulsen vart overtalt av Hødd, Martin Molnberg flytta til Hareid og vart etterkvart overbevist om å fortsette i 3. divisjon. Toppscorar og velkjende Preben Hestad trappa ned til 6. divisjon med Tjørvåg, Jonny Leikanger, fjorårets poengsankar saman med Molnberg i Sunnmørsposten takka ja til Gjerdsvika, keeper Toni Sandanger gjorde det same, medan Steffen Moltu bestemte seg tidleg for å gå tilbake til GuLars. Over halve startelleveren har altså forlatt klubben. Finnst det nok talent i klubben til å erstatte desse?

Vårt tips: 4. plass
Bergsøy har stort sett tusla å spelt kampar i sin eigen bakgård før årets sesong
. Det er dermed vanskeleg å seie kva kvittrøyene frå Fosnavåg står for mot laga nord for Storfjorden. Resultata i treningskampane har vore av varierande karakter. Frå siger over Ørsta til stortap for ÅVK. Vi har det vanskeleg å tru at laget vil gå rett tilbake til 3. divisjon. For mange spelarar har forlatt skuta til det, men med spissar som Frank Sverre Skorpen og Gustav Pettersen bør laget kome seg over midten av tabellen. Vi trur Bergsøy krabbar seg opp til ein 4. plass når "Nye Bergsøy" blir samspelt.

Nøkkelspelarar: Frank Sverre Skorpen og Gustav Pettersen

Vårt Bergsøy-minne: Aldri møtt dei og aldri sett dei ute, men i inne-KM i 2002 møttast laga. Då påførte Norborg Bergsøy sitt første tap på sunnmørsk jord på lang lang tid. Bergsøy gjekk som mange veit gjennom 3. divisjon utan tap dette året. Frå vår eiga heimeside har vi henta dette: "I kampen mot Bergsøy heva oransjetrøyene seg fleire hakk frå kampen mot Vartdal. Laget var meir solid bakover, og framme på bana vart det jobba bra. Likevel var det Bergsøy som tok leiinga etter ti minutt ved Frank Sverre Skorpen. Norborg ga ikkje opp, og Morten Kalvø trefte stolpen på eit godt volleyskot. Utlikninga var det derimot Kim Idar Krogsethagen som skulle stå for. Bergsøy pressa etter dette på for eit leiarmål, medan Norborg hadde nokre farlege kontringar. Kalvø trefte stolpen på eit susande langskot, og Kristian Søviknes var nære på eit anna langskot. Men eit halvt minutt før slutt skulle Norborg få utteljing då Kenneth Vegsund får krangla ballen i mål. Dermed ein sensasjonell siger til Norborg.