Vårt tips: 8. plass

Åram/Vanylvskameratane


Plassering 2006:

Nr. 7 i 4. divisjon

Heime 2006:

7-1-3 26-22

Borte 2006:

2-2-7 17-34

Toppskårar 2006:

Ole Per Kragset 19 mål

Spelartilgang:

Ole Theodor Hovden (Spjelkavik)

Spelaravgang:

Bjørn Åge Storeide

Beste serienotering:

4. plass i 3. divisjon (2000)


Siste 5 år:

2002

4. divisjon

_9. plass

2003

4. divisjon

_6. plass

2004

4. divisjon

_8. plass

2005

4. divisjon

10. plass

2006

4. divisjon

_7. plass


Treningskampar:
27.01 HaNo (vs) 4-0
03.02 Godøy (vs) 3-1
14.02 Bergsøy 0-2
25.02 Skavøypoll 1-2
04.03 Norborg (vs) 1-2
10.03 Kvamsøy 11-1
24.03 Selje (b) 2-3
30.03 GuLars 2-1
04.04 Selje (b) 0-2
09.04 Bergsøy

Vi stilte ÅVK sin nytilsette hjelpetrenar Ole Theodor Hovden nokre spørsmål.

1. Kva er målsettiga til ÅVK komande sesong?

ÅVK har som målsetting å bli blant dei 5 beste denne sesongen.

2. Korleis har treningsoppmøtet vore i vinter?
Treningsoppmøte har vore bra i vinter. Laget har trena mandagar i Sunnmørshallen, onsdagar i Ulsteinvik og fredag og lørdag på Åram. Sjølv med stor geografisk spreiing har spelarane møtt opp på trening.

3. Fornøgd med treningskampane?
Treningskampane er vi nokså fornøgde med. Vi har meir å gå på, men resultata viser at vi kan hamle opp med dei beste i divisjonen.

4. Har dere fått nye spelarar sidan i fjor? Hvilke? Kva har desse tilført spelarstallen?

Sidan i fjor er Ole Theodor Hovden tilbake i ÅVK igjen. Trond Helge Takset som sist sesong spelte spiss er tilbake som keeper igjen i år. I tillegg har trener Lars Petter Rønnestad gjort ein meget god jobb med laget i vinter, og vi trur dette kan gi laget eit løft.

5. Avgang? Bjørn Åge Storegjerde

6. Kven trur du kjem til å rykke opp? Rollon rykker opp. Trur dei tek med seg Bergsøy.

7. Vi tipper ÅVK på ein 8. plass. Kva er din kommentar til dette? Eg trur de tek feil. :)

8. Noko anna du vil seie til norborg.com sine lesarar?
Norborg.com er ei god nettside for Sunnmørsfotballen, ønsker lesarane ein god fotballsesong.

Om Åram/Vanylvskameratane

Dei to fotballklubbane Åram og Vanylvskameratane slo seg i 1997 saman til ein klubb. Åram var den mest suksessrike av desse to klubbane. Klubben opplevde ein gedigen framgang på byrjinga av 1990-talet då dei tok strake vegen frå 5. til 3. divisjon (etter dagens serieordning), og gjorde det godt i 3. divisjon fram til 1996 då det vart nedrykk. I 1997 starta samarbeidet med Van.kam og det vart raskt opprykk til 3. divisjon. I sesongen 2000 oppnådde det nye laget si beste plassering med ein 4. plass i 3. divisjon. Sidan den gong har pila peika feil veg, med nedrykk til 4. divisjon i 2001 og stort sett plasseringar på nedre halvdel i denne divisjonen.

Styrke:
Rutine
Ole Per Kragset=mål

ÅVK har lang fartstid på dette nivået, og det oser rutine av spelarar som Ole Per Kragset, Oddvin Kragset, Ole Theodor Hovden og Hallvar Larsen. Desse har ikkje berre fått erfaring med ÅVK, men også vore innom andre gode klubbar. Fleire av dei yngre spelarane har også vore innom Søre-Sunnmøre sitt flaggskip Hødd.

Den mest rutinerte av dei som er fast på laget, er Ole Per Kragset. Spissen som fyller 38 år denne sesongen er ein garantist for mål, og vart ifjor toppscorar i 4. divisjon med 19 mål. Nr. 11 med den frykta venstrefoten vil nok også i år hevde seg blant toppscorarane i divisjonen, og saman med raske Ole André Kragset blir dette ein frykta duo i divisjonen.

Svakheiter:
Geografi
Bortebane
Interesse

ÅVK sine spelarar er spreidd for alle vindar. Difor trenar laget både i Ålesund, Ulsteinvik og heime på Åram. Av startelleveren mot Norborg ifjor, budde berre ein (!) innafor Vanylven si kommunegrense. Dette er sjølvsagt ikkje heldig same om det gjeld trening, heime- eller bortekampar.

Då Åram kjempa i 3. divisjon var det ofte mykje folk på kampane for å støtte bygda sine søner, men etter samanslåinga har interessa vore særs dårleg rundt laget. Ifjor var det stor interesse rundt ei heimeside som vart oppretta for laget, men denne ga ikkje fleire tilskodarar og nettsida er no nede for telling. Folket i Vanylven har tydeleg betre ting å gjere enn å gå på fotballkampar. Likevel, all ære til dei som arrangerar kampar på Eidså. Her er både kiosk, kampblad og venlege folk som likar å snakke fotball.

Vårt tips: 8. plass
ÅVK går på sin 6. strake sesong i 4. divisjon. Dette er lengst av alle i divisjonen. Vi trur laget også får sin 7. neste år. Når alle er samla i bygda for å spele fotball kan laget slå kven som helst, men stabiliteten og borteforma gjer laget til ein middelhavsfarar. Har fått tilbake Ole Theodor Hovden, og ein Hovden i form vil styrke lagets sentrallinje. Trond Helge Takset ser igjen ut til å ha funne motivasjonen til å stå i mål, og Takset er den som i snitt har sluppe inn minst mål i vinterens treningskampar. Vi trur likevel dette ikkje er nok til å føre ÅVK til toppstrid. I fjor slutta ein å hente heim spelarar når opprykksplassane ikkje lenger var innan rekkevidde. Det trur vi skjer i år også, og ÅVK vil falle ned på ein 8. plass.

Nøkkelspelarar: Ole Per Kragset og Øyvind Myklebust

Vårt ÅVK-minne:
ÅVK-Norborg, 28. mai 2005. I ein jamn kamp har heimelaget fått eit billeg straffespark like før slutt. Kurt Erik Grytten har sett Champions League finalen nokre dagar før, og tek ein Dudek på streken. ÅVK sin straffeskyttar, blir som Milan sine, forfjamsa å sette ballen utafor stengrene. På overtid dukka like godt Eirik York opp å ga Norborg alle poenga og ein særs fin tur heim igjen.


Ole Per Kragset vil også i år lade skotfoten. Slik som her mot Norborg hausten 2003.