Vårt tips: 10. plass

Sunnylven


Plassering 2005:

Nr. 8 i 4. divisjon

Heime 2005:

4-4-3 26-19

Borte 2005:

2-1-8 17-32

Toppskårar 2005:

Alf Ole Sundgot (19 mål)

Spelartilgang:

Arnfinn Lødemel (FK Sykkylven), Dag Eivind Tveit (FK Sykkylven), Espen Magerøy (Åndalsnes), Espen Solheim (Stranda), Ole Petter Stenberg (Kårvåg/Havørn)

Spelaravgang:

Hans Kristian Stadheim (militæret), Henning Nydahl (lagt opp) og Håkon Mikal Dalen (Stranda)

Beste plassering:

12. plass i 3. divisjon (2000)


Siste 5 år:

2001

-

_-

2002

6. divisjon

_1. plass

2003

5. divisjon

_2. plass

2004

4. divisjon

_4. plass

2005

4. divisjon

_8. plass


Treningskampar:

Stordal

0-3

Sæbø

4-1

Kaupanger

7-1

Hornindal

4-1


Vi har stilt Sunnylven sin sportslege leiar Steinar Hjelle nokre spørsmål:

1. Kva er målsettinga til Sunnylven komande sesong?

Vi skal gå på bana i 22 serierunder med mål om å ta tre poeng i kvar runde.

2. Fornøgd med treningsoppmøtet?
Har variert, men stort sett godkjent.

3. Fornøgd med treningskampane?
Ikkje spelt så mange kamper, men er fornøgd med dei vi har hatt.

4. Har dere fått nye spelarar sidan i fjor? Kven, og kva har desse tilført?
Det har vi. Arnfinn Lødemel (FK Sykkylven), Dag Eivind Tveit (FK Sykkylven), Espen Magerøy (Åndalsnes), Espen Solheim (Stranda), Ole Petter Stenberg (Kårvåg/Havørn). I tillegg er fleire tidlegare spelarar tilbake etter ein pausesesong, og vi har også fått opp mange lovande spelarar frå eigen klubb. Med såpass mange nye spelarar i tilgang frå i fjor er det mest positive at vi får bra med folk på kvar trening - kvaliteten aukar og prestasjonane til kvar enkelt spelar vil også stige. Miljømessig er det også positivt med ei god blanding av unge og litt eldre spelarar i stallen.

5. Avgang: Hans Kristian Stadheim (militæret), Henning Nydahl (lagt opp) og Håkon Mikal Dalen (Stranda) er borte frå fjorårets stall.

6. Kven trur du kjem til å rykke opp?
4.divisjonslaga er i år bedre enn tidlegare, lag satsar enormt på å ta steget opp til 3.divisjon og trenar i store mengder for å klare dette. Det som er sikkert er at tre-fire lag vil kjempe om opprykksplassane og at dei to med flest poeng lykkast til slutt.

7. Vi tipper Sunnylven på ein 10. plass. Kva er din kommentar til dette?
Alltid interessant å sjå kva andre forventar, vi har våre eigne forventningar og fasiten kjem i oktober.

8. Noko du har på hjartet til norborg.com sine lesarar?
Det er mange 4.divisjonsklubbar som har gode nettsider, vil oppfordre alle til å ta turen innom desse for å bli oppdatert på siste nytt. Vil samtidig nytte høvet til å ynskje alle lag lykke til med sesongen 2006.

Vi takkar Steinar Hjelle for at han tok seg tid til å svare på spørsmåla og ønsker Sunnylven lykke til med sesongen.


Om Sunnylven

Sunnylven tok i fjor 4. divisjon med storm og låg lenge på ein opprykksplass, men eit tap i nest siste serierunde førte til at nabo Stranda snappa opprykket.

Sunnylven kom inn i seriesystemet i 1980 og gjorde seg då umiddelbart bemerka ved å bli krinsmeistrar i 7. divisjon. I dei ti første åra spelte laget i dei to lågaste divisjonane på Sunnmøre, men når 90-talet kom starta klubben å røre på seg. Laget tok sin andre krinsmeistertittel i 1991 (6. divisjon) og i 1994 vart det på nytt opprykk. Sunnylven gjorde ein bra førstesesong i 4. divisjon med ein 7. plass, men året etter måtte klubben ta turen ned til 5. div. I 1998 starta så den verkelege oppturen for raudtrøyene med to opprykk på rappen. Laget var då for første gong i historia i 3. divisjon. Gleda var likevel kortvarig. Klubben kom desidert sist og måtte trekke laget frå divisjonsfotballen før sesongen 2001. I 2002 var Sunnylven igjen på plass og krona tilbakekomsten med krinsmeisterskapstittel i 6. divisjon, og opprykk til 4. divisjon påfølgjande sesong. I 2004 kjempa dei om opprykk, men enda til slutt på 4. plass, eitt poeng bak den viktige 2. plassen.

Defensivt:

Fysisk sterkt forsvar, men manglar tempo. Slepp som regel inn litt over to mål i snitt pr. kamp over ein sesong.

Offensivt:

Hadde langt større problem å finne nettmaskene i fjor enn året før. Er svært avhengig av Alf Ole Sundgot si fart og avslutningsegenskaper. Har imidlertid scora bra med må i treningskampane, men vi veit lite om motstanden. Farlege på dødballar og stikkarar i bakrom til Sundgot.

Stallen:

Har ein større stall enn i fjor, men rykta seie at her ikkje er so mange som held 4. divisjonsnivå. Har blant anna fått tidlegare Norborg-spelar Espen Solheim. Han bringe iallfall tempo inn i laget.

Interesse:

Brukbart med folk på Sunnylven sine heimekampar. Når hellesyltingane sette i gong å heie er stemninga elektrisk.

Vårt tips: 10. plass
Vi trur Sunnylven er på omtrent samme nivå som i fjor. Dette betyr at dei kan overraske i enkelte kampar, men at det over 22 kampar blir for ujamnt. Mange lag er no også klar over Sunnylven sine ekstreme spelarar og greie å demme opp for det. Vi trur laga rundt midten og i botnen er sterkare i år enn i fjor, og tippar at Sunnylven går eit par plassar ned.

Nøkkelspelar: Alf Ole Sundgot

Odds hos NordicBet: 75.00

Vårt Sunnylven-minne: Norborg hadde fått ein god start på sesongen 2004, og leia 4. divisjon før ein skulle inn til Hellesylt for å møte Sunnylven. Der inne fekk ein så kraftig juling at laget nesten lid av det endå. "Halve" laget måtte ut med skade og ein mann rett på sjukehus. Sjølve kampen enda med 6-1 tap.


Gutespelarane Adrian Håbet og Martinus Grytten scora sine første mål for a-laget mot Sunnylven i fjor, medan den tredje 16-åringen Stein Erik Alvestad jublar i lagmed dei.