Vårt tips: 4. plass

Stranda


Plassering 2005:

Nr. 12 i 3. divisjon

Heime 2005:

3-3-5 17-30

Borte 2005:

0-3-8 11-36

Toppskårar 2005:

Nils Petter Dyrkorn 7 mål

Spelartilgang:

Bjørnar Nupen (militæret), Håkon Mikal Dalen (Sunnylven) og Jonas Lindgren (Sverige)

Spelaravgang:

Jesper Pettersen og Kieran Danagher heim til Sverige. Nils Petter Dyrkorn (ikkje avklart)

Beste serieprestasjon:

5. plass i 2. divisjon avd D (1990) (etter dagens seriesystem)


Siste 5 år:

2001

3. divisjon

_4. plass

2002

3. divisjon

10. plass

2003

4. divisjon

_7. plass

2004

4. divisjon

_2. plass

2005

3. divisjon

12. plass


Treningskampar:

Rollon

3-0

Blindheim

1-3

Vestnes Varfjell

2-2

Norborg

2-3

Bergsøy

4-0

Dahle

0-3

Frei

8-0

Ørsta

1-5

FK Sykkylven

2-0


Vi stilte trenar Ronny Ødegård nokre spørsmål

1. Kva er målsettinga til Stranda komande sesong?
Stranda har som naturleg målsetjing å vere med å kjempe om dei to opprykksplassane! Men dette vert nok svært tøft, då flerie lag har gode stallar og har ambisjonar om å vere med i toppen.

2. Fornøgd med treningsoppmøtet?
Treningsframmøte har vore svært godt. Treningsvillige gutter med gode haldninger.

3. Fornøgd med treningskampane?
Treningskampane har svinga. Har vunne samanlagt 7-0 mot dei to 3.divisjonslaga Rollon og Bergsøy i vinterserien! Samtidig så har laget vore middels i andre kampar. Kampen mot Norborg er nok den vi har hatt minst kontroll over.

4. Har dere fått nye spelarar sidan i fjor?
Bjørnar Nupen heim frå militæret Håkon Mikal Dalen tilbake frå Sunnylven. Jonas Lindgren frå Sverige. 3-4 frå eigen juniorstall.

5. Avgang?

Jesper Pettersen og Kieran Danagher heim til Sverige. Nils Petter Dyrkorn (ikkje avklart)

6. Kven trur du kjem til å rykke opp?
4.divisjon vert svært tøff! Trur 5-6 lag kan vere gode nok til opprykk. Har Brattvåg, Blindheim og Godøy som favorittar. Norborg og Stranda bør vere utfordrarar. Samtidig vil nok Herd og HaNo vere utfordrarar. Sunnylven er uberegnelege med sine mange "gamlingar" og rutine! Ser også at Åram/Vankam kan gjere livet surt for motstandaren. Skarbøvik 2 kan vere gode i enkeltkampar. Hovdebygda og Larsnes/Gursken er einaste bunnlaga. .

7. Vi tipper Stranda på 4. plass. Kva er din kommentar til det?
Stranda på 4.plass er eit greit utgangspunkt. Spesielt når vi har 6-7 lag som har potensiale.

8. Noko du har på hjartet til norborg.com sine lesarar?
norborg.com gjer ein kjempejobb. Kjekt å gå inn på sida kvar dag:) Lykke til frå oss i pizzabyen.

norborg.com takkar Ronny Ødegård for at han tok seg tid til å svare på spørsmåla våre, og ønsker Stranda lykke til med sesongen.


Om Stranda
Etter å ha vore eit stabilt 3. divisjonslag (etter dagens sysem) sidan starten på 1980-talet, tok Stranda steget opp i 2. divisjon i 1989. I den divisjonen spelte dei i tre sesongar. I dei siste åra har det vore litt meir variabelt med spel både i 2., 3. og 4. divisjon. I 2003 gjorde laget sin dårlegaste sesong på ein mannsalder. Stranda var før sesongen den soleklare opprykksfavoritten, men skulle raskt få erfare at 4. divisjon var ingen teikneserie som dei kunne cruise gjennom. Laget fann seg raskt på nedre halvdel og etter runde 8 var laget heilt sist. Sidan den tid har det gått betre. Ein sterk haust i 2003 vart etterfølgt av opprykk i 2004. Også det etter ein fenomenal haustsesong. I 3. divisjon møtte imidlertid laget sine overmenn, og med berre 3 sigrar på 22 kampar vart det nedrykk.

Defensivt

Stranda slapp inn mange mål i 3. divisjon, men på nivået nedom bør Stranda med spelarar som Thomas Roset og Endre Kjølås i spissen, vere av dei gjerrigste. Har i vinter haldt nullen mot tre 3. divisjonsmotstandarar. Det lover bra, men har også sluppe inn 6 mål i kampane mot Blindheim og Norborg.

Offensivt

Etter vår meining manglar Stranda stadig ein spiss som kan dunke inn over 20 seriemål i 4. divisjon. Iallfall om ikkje Tonny Åsen blir med fast. Spelarar som Kent Runar Vad og Ronnie Furset har scora brukbart med mål i vinter og kan vere i stand til å klare 10 mål kvar. Det samme gjeld Espen Hove. Har elles eit temposterkt lag som vil skape problem for mange på dette nivået. Scora likevel suverent minst i fjorårets 3. divisjon, men ser ut til å vere betre i år.

Stallen

Mykje ungt i Stranda sin stall, men med eit juniorlag som kvalifiserte seg for 1. divisjon og eit 2. lag i 6. divisjon ser det ut som ein har bra med folk å ta av. Dei fleste av desse vil imidlertig ikkje halde bra nok 4. divisjonsnivå.

Interesse:

Normalt bra med folk på Stranda sine kampar. Får kunstgrasbane i mai, noko som ofte betyr ein ny giv. Trenarskifte brukar også å slå positivt ut.

Vårt tips: 4. plass
Stranda tok ein noko overraskande opprykk for to år sidan, men fekk erfare at det foreløpig var litt for høgt nivå i 3. divisjon. Har mange talentfulle spelarar på gang, men vi trur det blir eit år eller to for tidleg for desse til å føre Stranda til 3. divisjon. Men i toppen blir dei å finne, og med litt flaks, kven veit...?

Nøkkelspelarar: Thomas Roset, Endre Kjølås, Yngve Midthjell og Ronnie Furset

Vårt Stranda-minne: Stranda stadion, 1. mai 2004. Vårt minne handlar sjølvsagt om då Norborg for første og foreløpig siste gong inntok tabelltoppen i 4. divisjon. Etter å ha blitt fullstendig rundspelt i 1. omgang tok Norborg over styringa etter pausen, men som Stranda i første, ville ikkje ballen inn. Dei fleste norborgarane var godt nøgd med eitt poeng og ville at dommaren skulle blåse av kampen då det tikka opp mot 94 minutt. Men dommar Bjermeland ville heldigvis ikkje blåse, noko Norborg er svært takknemleg for. Cirka 4 minutt på overtid dunkar Christian Søvik ballen oppover mot Stranda sin 16 meter. Kim Idar Krogsethagen forfølgjer ballen, pressar seg framføre ein Stranda-forsvarar og lobbar ballen over Bjørdal og i mål til ellevill jubel frå lagkameratar, benk og dei ca. 10 supporterane som hadde tatt turen til Stranda. Stranda-dødaren Krogsethagen hadde slått til igjen, og det på verst tenkelege måte for Stranda. Dette var for øvreg Kim sitt 100. seriemål.

Odds hos NordicBet: 5.00


Thomas Roset - dyktig forsvarar på Stranda