|
Om
Skarbøvik 2. lag
Skarbøvik2 gjorde sitt inntog i Sunnmørsfotballen sesongen
1997, då som samarbeidslag med Hessa i 5. divisjon. Etter at Hessa
måtte legge ned senioravdelinga si framfor 1998 sesongen, fortsette
Skarbøvik2 å spele i 5. divisjon. Etter to brukbare sesongar
valde Skarbøvik å trekke 2. laget sitt ifrå serien,
fordi dei mangla spelarar. Men i januar gjorde dei kuvending, og ville
inn igjen i serien. Men plassen sin i 5. divisjon fekk dei ikkje igjen.
Den gjekk til Sæbø.
Skarbøvik2 vart då plassert i 6. divisjon. Ein divisjon
dei ikkje høyrde heime i. 18 strake sigrar stod laget med ved
sesongslutt. Sesongen etter, i 5. divisjon, var det nesten samme visa.
Ved sesongslutt stod laget med berre 2 tap, og tok 1. plassen. Til og
med i 4. divisjon beit dei godt frå seg og tok 3. plassen. Fire
poeng bak opprykk! Pila har sidan det peikt nedover i takt med 1. laget
sine problem og trengte i fjor hjelp frå mange 1. lagsspelarar
på slutten av sesongen for å redde plassen.
Defensivt:
Har divisjonens
svakaste forsvar så lenge SIF ikkje prioriterar laget, men utpå
hausten vil nok denne lagdelen også bli styrka.
Offensivt:

I fjor scora SIF2 42 mål. Av desse kom 29 i løpet av dei
siste 6 rundene. Det vil vel bli samme tendensen i år også.
SIF2 vil vere svake når juniorane må spele, men gode når
plassen skal reddast.
Stall:
4. divisjons svakaste lag, men kva gjer vel det når ein kan hive
innpå klassespelarar når det trengst som mest....
Interesse:

Interesse rundt 2. lag er svært sjeldan til stades, men ein handfull
skarbøvikarar brukar som regel å møte opp på
Siffen når laget spelar. Dette er som regel familie, andre lagkameratar
eller gamlingar som lure på kva som skjer inni Søvika for
tida.
Vårt tips: 11. plass
Som regel har SIF2 vore gode på våren og svake på
hausten når slitasjen på stallen vart større. I fjor
var det motsatt. Mest på grunn av at SIF har ein svakare 1. stall,
og dermed ikkje kan satse på 2. laget før håpet om
opprykk er over for laget i 3. divisjon. På terminlistemøtet
i januar innrømte ein leiar i SIF at ein lot gode spelarar starte
kampar som innbyttarar slik at ein skulle få gjere nytte av dei
i 4. divisjon. Men sjølv om dette utløyste heftig diskusjon
på terminlistemøtet gjorde SIF eigentleg noko alle andre
klubbar hadde gjort om dei var i samme situasjon. Sportsleg leiar Helge
Liadal jr. spør kvifor?, når vi sette SIF2 på 11.
plass. Vi sette SIF2 på denne plassen fordi vi trur at dei vil
følgje samme taktikk som i fjor. Problemet for SIF2 denne sesongen
er at dei har eit veldig tøft avslutningsprogram med Blindheim,
Stranda, Norborg og Brattvåg. Det er slettes ikkje sikkert at
dette gir så mange poeng sjølv om halve 3. divisjonslaget
skulle vere på plass.
Nøkkelspelarar: Nils-Ottar Sandø og Aksel Gjøsund
Vårt SIF2-minne: "Ej såg det".
Odds hos NordicBet:
100.00

Aksel Gjøsund - ein vi helst vil sleppe å sjå i 4.
divisjon
(biletet er henta frå skarbovikif.no)
|