|
Om
Norborg
Norborg har dei siste åra hatt stor framgang både på
og utafor bana, og har gått frå ein anonym tilværelse
i 6. divisjon til å bli ein gjengangar 4. divisjon. Oransjetrøyene
tek no fatt på sin 4. strake sesong på dette nivået.
Norborg har sjeldan utmerka seg når det gjeld fotball. Sidan starten
i 1968 har ein nesten alltid vore i dei to nederste divisjonane. Unntaka
er åra 1981-83. Då spelte laget i det ein no kallar 4. divisjon.
Mangel på talent har det likevel ikkje vore, men desse har endten
reist på sjøen, på skule, eller gått til klubbar
i høgare divisjonar.
Dei siste åra har ein derimot fått behaldt stammen i
laget, og denne kontinuiteten har bore frukter. Basert på eigne
talent har laget gått frå botn 6. divisjon til topp 4. divisjon.
Defensivt:
Har mange forsvarsspelarar i klubben som kan gjere ein god innsats,
men må likevel bruke spissen Kim Idar Krogsethagen som midtstoppar
for at lagdelen skal få nødvendig fart og tryggleik. Tenåringar
som Kjell-Terje Brusdal og Stein Erik Alvestad har i vinter for alvor
starta å utfordre meir rutinerte spelarar, så bredda er
god. Likevel trur vi ikkje Norborg blir blant dei gjerrigste laga i
divisjonen. Norborg har ikkje for vane å vere det, men forsvarsleddet
ser betre ut enn i fjor. Har elles ein av divisjonens beste keepera
og ei hardtarbeidande midtbane.
Offensivt:
Offensivt er Norborg klart styrka frå i fjor, og har no fått
på plass eit av divisjonens beste spisspar i Lennart Holmem og
Ståle Hurlen. På 8 kampar står desse to med til saman
16 mål. Oransjetrøyene har i tillegg sterke Geir Ove Grønli
i bakhand. Han har vore plaga av sjukdom i heile vinter, men ser no
ut til å vere tilbake for fullt. Har ei hardtarbeidande midtbane,
men som scorar få mål. Unntaket er Tarjei Urkedal, som i
år bør vere i stand til å score ti mål.
Stallen:
Norborg har denne sesongen ein klart sterkare stall enn på samme
tid i fjor. Gullkulla født i 88-89 har fått eit år
til på baken og utfordrar fleire av dei rutinerte spelarane. Samtidig
har spelarar som Lennart Holmem og Andre Larsen ført til auka
konkurranse om plassane på laget.
Interesse:
Med eit snitt på over 200 tilskodarar pr. kamp og ein nettstad
med over 20 000 treff i månaden, så er interessa rundt oransjetrøyene
god.
Vårt tips: 5. plass
Norborg
har fått tilbake den optimismen som var i laget for eit par sesongar
sidan, og har gjort det bra i treningskampane sine denne vinteren. Motstanden
har kanskje ikkje vore den beste, men ein har vunne 3 av 4 kampar mot
3. og 4. divisjonslag, samt tatt storsigrar over 5. divisjonslag. Norborg
hadde med normal avslutning i fjor tatt 5. plassen, men med fem strake
tap vart det då 7. I år trur vi dei fleste vil få
merke at Norborg ikkje blir nokon lett motstandar, og trur laget sikrar
5. plassen.
Nøkkelspelarar: Kurt Erik Grytten, Kim Idar Krogsethagen,
Eirik York og Lennart Holmem
Vårt Norborg-minne: 30. september 2000, Ravn/Brattvåg2-Norborg.
Norborg ville sikre 2. plass i 6. divisjon med siger, men skuffa spelemessig
mot eit Ravn-lag beståande av fleire a-lagsspelarar frå
Brattvåg, og greidde berre 3-3. Sidan
alle rekna med at opprykksrival Rollon slo botnlaget Fiskerstrand, jubla
vatningar og brattvågarar
over å ha hindra Norborg sin sjanse til å spele kvalifisering.
MEN, så kom resultatet frå Lømyra. Fiskerstrand hadde
haldt Rollon til uavgjort, og Norborg kunne sleppe laus ein ellevill
jubel. Draumen om opprykk var ikkje over og litt seinare vart den realisert.
Odds hos NordicBet:
5.00

Vil norborgarane strøyme til stadion i år også?
|