Vårt tips: 12. plass

Larsnes/Gursken


Plassering 2005:

Nr. 2 i 5. divisjon

Heime 2005:

10-1-0 31-5

Borte 2005:

6-2-3 25-17

Toppskårar 2005:

Andreas Brune Rekdal 19 mål

Spelartilgang:

-

Spelaravgang:

-

Beste serienotering:

2. plass i 5. divisjon (2005)


Siste 5 år:

2001

-

-

2002

-

-

2003

-

-

2004

6. divisjon

2. plass i avd. B

2005

5. divisjon

2. plass


Treningskampar:

Bergsøy jr.

1-2

Måndalen

2-3

Vigra

3-2

Hareid

1-5

ÅVK

2-4

Norborg

0-4

Hødd jr.

3-5

Hovdebygda

5-6

Larsnes/Gursken sin lagleiar Jarle Gunnarstein tok seg tida til å svare på norborg.com sine spørsmål.

1. Kva er målsettinga til Larsnes/Gursken komande sesong?
Larsnes/Gursken si målsetting har vore å prøve å vinne kvar kamp. Opprykk har aldri vår tema. Dette var også fokus på dei to foregåande sesongane som endte med opprykk. Vi fokuserer kamp for kamp.

2. Fornøgd med treningsoppmøtet?
Samanliknet med dei to foregåande sesongane så har ikkje treningsoppmøtet vore som forventet. Spesielt i februar og mars har vi vore plaga med mykje sjukdom og skader. I tillegg så har vi 3 spelarar i Molde som vi får nytte berre i helgane.

3. Fornøgd med treningskampane?
Treningskampane har vore som forventet. Vi har ikkje planlagt spel iforhold til motstander. Vi prøver å gjennomføre det som vi har trenar på. Dersom vi samanligner med fjoråret så snudde vi trenden 14 dager før seriestart og da til det positive.

4. Har dere fått nye spelarar sidan i fjor?
Vi har fått 2 nye spelarar fra Kvamsøy i tillegg til 2 som kjem opp fra egen stall. Vi har fått en yngre stall iforhold til i fjor.

5. Avgang?

Vi har pr. dato berre 1 spelar i avgang.

6. Kven trur du kjem til å rykke opp?
Tipper aldri på noko som eg ikkje har peiling på. Har satsa 1000 kr på at vi rykker opp. Tross alt 100 i odds på Nordic Bet. Trur avdelingen blir mykje jamnare enn folk trur.

7. Vi tipper Larsnes/Gursken på 12. plass. Kva er din kommentar til det?
For oss er det helt i orden at media og dere tipper oss på sisteplass. Vi vil spele vårt spel og så får vi sjå kva det rekker til. Trur nok vi vil overraske mer enn folk trur.

8. Noko du har på hjartet til norborg.com sine lesarar?
Vi synes det lyser respekt av det Norborg har fått til dei seinare åra og ønsker Dere velkommen til Sande med A-laget. Vi håper vi ilag kan gi publikum både hos Dere og oss god fotballunderholdning. Vi holder tross alt på med dett fordi vi synest det er artig.

norborg.com takkar Jarle Gunnarsten for at han tok seg tid til å svare på spørsmåla våre, og ønsker Larsnes/Gursken lykke til med sesongen.

Om Larsnes/Gursken

Etter ein svak 2003 sesong der både Gursken og Larsnes rykte ned frå 5. divisjon, og hadde problem med å skrape saman 11 spelarar til kvar kamp, valde dei å slå seg saman.

Suksessen for samarbeidslaget slo til umiddelbart. Etter at laget tok 2. plass i 6. divisjon avdeling B, slo dei sigersvande Fiskerstrand i kvalifiseringskampane. Men opprykksfesten slutta ikkje der. Året etter kom laget sterkt ed 8 sigrar og 1 uavgjort på dei siste 9 kampane. I siste serierunde måtte laget ta fleire poeng enn Spjelkavik2. Gursken/Larsnes gjorde jobben sin og vann 4-2 over FKS2, men var avhengig av allereie opprykksklare Hovdebygda for å passere Spjelkavik2. Hovdebygda gjorde jobben sin, vann 2-1, og samarbeidslaget kunne juble for opprykk.

Når Gursken og Larsnes stod på eigne bein, var Gursken mest kjent for talentutviklinga si, medan Larsnes var laget som var best plasseringsmessig, med fleire sesongar bak seg i 4. divisjon.

Defensivt:

Larsnes/Gursken hadde i fjor 5. divisjons beste forsvar med berre 22 baklengs, men i vinter har laget sluppe inn mange mål. Det trur vi dei kjem til å fortsette med når serien startar.

Offensivt:

Scora mindre enn dei andre topplaga i 5. divisjon i fjor, men har nokre gode offensive spelarar som det nye talentet Andreas Brune Rekdal, Tor Arne Dyrhol og Asle Johansen. Har scora brukbart med mål i treningskampane.

Stallen:

Larsnes/Gursken ryktast å ha vore plaga med ein del skader i vinter. Sidan dei har stort sett tapt alle kampane, viser dette at reservene ikkje held mål i 4. divisjon.

Interesse:

Entusiastisk heimepublikum og med far Fjørtoft på tribuna så er det iallfall ikkje stilt.

Vårt tips: 12. plass
Larsnes/Gursken har i vinter tapt dei fleste treningskampane dei har stilt opp i. Vi trur overgongen frå 6. til 4. divisjon på to år blir for tøff, og tippar laget på sisteplass. Er avhengig av ein skadefri første 11'ar for å kunne unngå nedrykk. Men ein ting skal laget ha, og då spesielt Gursken, det er få så små plassar som kan vise til så mange gode spelarar. Men desse spelar sjølvsagt i Hødd og Lillestrøm, ikkje Gursken.

Nøkkelspelar: Andreas Brune Rekdal og Tor Arne Dyrhol

Vårt Larsnes/Gursken-minne:
Minne frå samarbeidslaget er få, men Gursken har vi møtt mange gongar. Minnet som først og fremst dukkar opp er då opprykket til 4. divisjon vart sikra med 10-1 siger på Gursken stadion ein haustdag i 2002.

Odds hos NordicBet: 100.00