Vårt tips: 8. plass

Herd


Plassering 2005:

Nr. 6 i 4. divisjon

Heime 2005:

5-2-4 33-18

Borte 2005:

3-1-7 21-32

Toppskårar 2005:

Vegard Bruland 13 mål

Spelartilgang:

Rolf Marius S. Wiik. (Spjelkavik), Espen Skarbø (Skodje), og Pål Arne Sæbø (Skarbøvik)

Spelaravgang:

Alexander Ervik (Rollon), Ole Kristian Rørvik (Aafk jr.), Sondre Omenås (Aafk jr.)

Beste serieprestasjon:

6. plass i 1. divisjon Distrikt VII (Nivå 2 i Noreg) i 1948


Siste 5 år:

2001

5. divisjon

5. plass

2002

5. divisjon

4. plass

2003

5. divisjon

4. plass

2004

5. divisjon

2. plass

2005

4. divisjon

6. plass


Treningskampar:

Rollon

6-1

MSIL

7-3

HaNo

4-2

FK Sykkylven

2-4

Bergsøy

1-3

Valder

2-2

Selje

2-2

Langevåg

3-3

Brattvåg

1-3

Godøy

3-2

Langevåg

0-6


Jan Ove Lange tok seg tid til å svare på norborg.com sine spørsmål.

1. Kva er målsettinga til Herd komande sesong?
Målsettinga er å vere blant dei 5 beste laga.

2. Fornøgd med treningsoppmøtet?
Vi har trent godt. Dei fleste har gjennomført 3-4 økter i veka + kamp. Vi har vore 12 - 18 mann på treningane.

3. Fornøgd med treningskampane?
Ja, vi har fått øvd oss godt. Vi håper dette vil gje gode resultat når serien startar.

4. Har dykk fått nye spelarar sidan i fjor?
Vi har henta opp eigne jr. spelarar. I tillegg har vi fått Rolf Marius S. Wiik. (Spjelkavik), Espen Skarbø (Skodje), og Pål Arne Sæbø (Skarbøvik).

5. Avgang?
Nokre spelarar har lagt opp + Alex Ervik (Rollon), Ole Kristian Rørvik (Aafk jr.), Sondre Omenås (Aafk jr.)

6. Kven trur du kjem til å rykke opp?
Eg trur 2 av desse rykker opp: Blindheim, Godøy, Brattvåg.

7. Vi tipper Herd på ein 8. plass. Kva er din kommentar til dette?
Da håper eg vi kan overraske norborg.com.

8. Noko du har på hjartet til norborg.com sine lesarar?
Vi håper på å bli meir stabile i år.

Vi takker Jan Ove Lange for svar, og ønsker Herd lykke til med sesongen.


Om Herd

Herd er ein tradisjonsrik klubb på Sunnmøre som kom tidleg med i seriespelet. Alt i 1948 vann dei 2. divisjon avd. Møre og rykte opp i 1. divisjon distrikt 7. Dette var ei rein Møre og Romsdals avdeling på nivå 2 i Noreg. Herd viste seg her som eit nummer for små og endte på sisteplass med 1 siger og 1 uavgjort på 10 kampar. Likevel, det er ikkje mange lag som kan skryte av ein 6. plass i 1. divisjon...

Herd var blant fylkets beste lag fram til lant utpå 1970-talet og tok blant anna 1. plassen i 3. divisjon avd Møre både i 1965, 1966 og 1968. Blåtrøyene slo då lag som Molde og AaFK, men trass 1. plassen greidde ein ikkje å vinne kvalifiseringskampane om spel i 2. divisjon.

På 1980-talet kom nedturen og laget har sidan variert mellom det vi no kallar 3., 4. og 5. divisjon. I 1999 måtte ein til og med slå seg saman med Spjelkavik sitt 2. lag, noko som ikkje ga noko suksess. I 2003 var Herd tilbake på eigne bein og i 2004 greidde ein å rykke opp i frå 5. divisjon. Herd starta i fjor veldig bra, men vart etterkvart for svake til å henge med i toppen. Elles er Herd ein bra talentfabrikk, men desse får a-laget sjeldan nytte seg av.

Defensivt:

Herd er ikkje kjent for å legge seg bakpå. Laget slepp inn forhaldsvis mange mål og vil fortsette med det denne sesongen også. Snill 3'ar her.

Offensivt:

Kampar som Herd er involvert i vil alltid vere prega av mange mål og underhaldande fotball. Har mista offensive spelarar som Aleksander Ervik (Rollon) og Ole Magnus Melchior (til Hødd i fjor sommar), men så lenge Vegard Bruland får fosse i angrep blir det bra med mål i år også. Har scora brukbart med mål i vinter mot bra motstand.

Stallen:

Har mange lovande spelarar, men kvart år velge talent å forlate klubben, og vi trur ikkje kjelda er utømmeleg. Kor mange av dei held bra 4. divisjonsstandard? 3'ar på nåde.

Interesse:

Når Herd håper at det maks kjem 30 sjeler på heimekampane og at dei held munn, så blir det vanskeleg å skape interesse rundt kampane. Grunnen til dette er naboar til Herd KGB som går til søkmål mot talentfabrikken Herd pga støy.

Vårt tips: 8. plass
Vi trur Herd blir eit par hakk lenger nede på tabellen i år enn i fjor. Laget er for ustabilt til å henge med på øvre halvdel, men vil unngå botnstriden med god margin. Plukkar bra med poeng heime, men får det tøft på bortebane.

Nøkkelspelarar: Steinar Flesjå og Vegard Bruland

Vårt Herd-minne: Norborg-Herd på Uggedal grus, 29. september 2002. Eit heimelag med KM-tittelen i lomma rundspelte Herd i denne kampen. Ein halvtime før slutt scora Morten Kalvø sitt første seriemål gjennom tidene då han la på til 8-0. Dermed var det berre ein mann igjen på laget som aldri hadde scora eit seriemål, nemleg Jan Even Drønnesund. Dette ville han gjere noko med. Han får ballen på eigen halvdel, driblar seg framover, spelar vegg med Kim Krogsethagen, og er plutseleg aleine med keeper. Drønnesund tek seg god tida og skyt, ballen rullar sakte over sølepytten mot mål. Skulle han endeleg få sitt første seriemål? NEI!! ballen stryk utsida av stolpen, og nok ein gong måtte han gå mållaus av bana.

Odds hos NordicBet: 30.00