Vårt tips: 6. plass

Haramsøy/Nordøy FK


Plassering 2005:

Nr. 5 i 4. divisjon

Heime 2005:

7-0-4 40-24

Borte 2005:

3-3-5 29-34

Toppskårar 2005:

Per Jarle Fjørtoft 18 mål

Spelartilgang:

Arve Myklebust (Harøy)

Spelaravgang:

-

Beste serieprestasjon:

6. plass i 3. divisjon (2000 og 2002)


Siste 5 år:

2001

3. divisjon

11. plass

2002

3. divisjon

_6. plass

2003

3. divisjon

10. plass

2004

4. divisjon

_3. plass

2005

4. divisjon

_5. plass


Treningskampar:

Herd

2-4

Godøy

3-1

Brattvåg

1-4

Vestnes Varfjell

3-1

Midsund

6-0

Ravn

1-0


Vi stilte HaNo sin Håkon Sæterøy nokre spørsmål

1. Kva er målsettinga til HaNo komande sesong?
Vi har vel inga målsetting om kvar vi skal havne på tabellen. Vi har ein spelarstal som er sårbar for skader, samtidig som mange av spelarane har jobbar som krev ein del reising. Noko som gjer at dei ikkje er tilgjenglig gjennom heile sesongen. Hovudmålsettinga er at fotball skal vere kjekt på trening og i kamp. Men det er ikkje kjekt utan ein vinn.

2. Fornøgd med treningsoppmøtet?
Bra oppmøte, mellom 15 og 20 stk

3. Fornøgd med treningskampane?
Vi har endå ikkje kunne mønstra opp i mot fullt lag, likevel har resultata vore ok, så vi er nøgd.

4. Har dykk fått nye spelarar sidan i fjor?
Arve Myklebust er ny keeper frå Harøy, men han er sjømann så vi kan fort få eit keeper problem igjen når han reiser på sjøen. Stig Frode Longva satsar for fullt etter eit par år på HaNo2 Vidar Nogva er i militære og vi veit ikkje om han blir tilgjenglig når han "dimmar", vi har også ein del gutespelarar som er med på trening.

5. Avgang?
Vi har vel ikkje kontroll på akkurat det. Mange av våre rutinerte spelara trenar mindre/ingenting enn i fjor, men vi håper å benytte oss av somme av dei i periodar av sesongen.

6. Kven trur du kjem til å rykke opp?
Brattvåg og Blindheim kjem vel til å rykke opp. Men Godøy, Norborg og Stranda vil vel vere med i kampen om å få spele i 3 divisjon neste år?

7. Vi tipper HaNo på ein 6. plass. Kva er din kommentar til dette?
6. plass, ei kvalifisert gjettning. Men vi vil vere med å slåst i alle kampar. Trur resultata vil svinge litt for oss i år.

8. Noko du har på hjartet til norborg.com sine lesarar?
Vi i Hano vil takke for den gode innsatsen Norborg.com gjer for å halde oss oppdatert om fotballen i lavare divisjonar, og fordi dykk kjem å berikar øya cupen kvart år. Det var også kjekt å komme til "Norborgland" i fjor å spele på ei skikkeleg GRASBANE. Til alle spelara, ledara og supportara (Andreas Holmeset) lykke til med sesongen 2006.

Vi takkar Håkon Sæterøy for svar, og ønskjer HaNo lykke til med sesongen.


Om HaNo
Fram til 1984 hadde Haramsøy og Flemsøy kvart sitt lag. To lag som ikkje sette så djupe spor i sunnmørsfotballen, men Haramsøy var faktisk ein liten tur innom den gamle 4. divisjon i 1974. Laget kom på 9. plass og gjekk rett ned. 10 år etter kom Nordøy (Flemsøya sitt lag) sist i gamle 6. divisjon avdeling B og slo dermed selskap ilagmed Haramsøy i 7. divisjon. Om det var dette nedrykket som var den utløysande årsaken til at laga samlast til møte på Nordøy grendahus veit ikkje vi, men 23. desember 1984 såg iallfall fotballklubben Haramsøy/Nordøy dagens lys. Laget starta i 7. divisjon, men var ikkje snauare enn at dei rykte opp på første forsøk.

Trass den gode starten var det likevel ikkje før på 1990-talet at klubben verkeleg vakna til liv. Frå 1992 til 1997 vart det kjørt heis mellom 4. og 5. divisjon, men i 1998 tok laget steget opp på øvste sunnmørsnivå då dei vann 4. divisjon. Livet i 3. divisjon varte i 5 sesongar med høgst variable resultat. To imponerande 6. plassar, ein 10. og to 11. plassar vart fasiten. Det ironiske er at den sesongen alle hadde trua på at HaNo kunne gjere det bra og utfordre Brattvåg som Harams beste lag, enda med nedrykk.

HaNo har vore den største opprykksfavoritten dei to siste sesongane i 4. divisjon, men i 2004 hindra eit tap på potetåkeren i Søvikdalen opprykk, medan ein i fjor mangla ein skikkeleg keeper i delar av sesongen etter at Thomas Gjerde reiste til Valdres. I år er det få som trur på HaNo. Kanskje kan dette låge forventningspresset vere med på å snu den negative trenden for blåtrøyene...?

Defensivt

HaNo slapp inn mange mål i fjor, men dei fleste måla rann inn når ein utespelar stod i mål. Har i år skaffa seg Harøy sin keeper Arve Myklebust, men sidan han er sjømann har HaNo eigentleg ikkje løyst problemet sitt. Elles har blåtrøyene ein bra forsvarsfirar med gode offensive backar og fysisk sterke midtstopparar.

Offensivt

Teknisk mannskap som til tider spelar glimrande underhaldningsfotball. Per Jarle Fjørtoft og Jan Egil Ulla er gode spissar på 4. divisjonsnivå og vil banke inn mellom 10 og 20 mål kvar. Blant divisjonens beste offensivt når alle er på plass. Var i fjor prega av skadar, må unngå det i år. Tynt bak dei beste.

Stallen

Sjølv om HaNo stille med 2. lag i 6. divisjon blir det noko tynt med spelarar som held bra 4. divisjonsstandard. Iallfall dersom ein del rutinerte har trappa ned.

Interesse

Interessa rundt HaNo har alltid vore stor, men vi har ana ein litt nedadgåande kurve etter nedrykket frå 3. divisjon. Har øyingane blitt bortskjemte? Dei to siste sesongane har iallfall norborgarane vore i fleirtal på tribuna der ute på øya. I tillegg har websida vore ute av drift i lengre tid før den no starta opp igjen før helga.

Vårt tips: 6. plass
Hadde HaNo hatt keeper Vidar Nogva på plass, hadde laget vore blant opprykksfavorittane, men det er han ikkje og vi trur dermed at HaNo vil kome midt på tabellen i år. Har ei solid første oppstilling når alle er på plass, men over ein heil sesong blir det for ujamnt. 6. plass på HaNo i år.

Nøkkelspelarar: Håkon Sæterøy og Per Jarle Fjørtoft

Vårt HaNo-minne: Øyacup-finale 2003 på Nordøy Stadion, HaNo-Norborg. Kim Idar scorar to gongar før HaNo tek totalt over kampen, men ein Kurt Erik utan kvalifisert søvn natta før, stenger buret totalt. Makan til keeper-oppvisning har vi aldri sett på dette nivået. Han var høgt og lågt, og dreiv HaNo sine spelarar til vanvidd.

Odds hos NordicBet: 20.00


Midt på treet for desse karane i år? (Bilete henta frå HaNo si heimeside)